Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nynorsk for nye norske

Integreringa vil bli betre om fleire innvandrarar får høve til å lære heile det norske språket.

Kulturminister Abid Q. Raja (V) sa mykje bra om språk som ein viktig, demokratisk fellesarena for borgarane då han nyleg la fram regjeringa sitt framlegg ei ny, heilskapleg språklov, skriv leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kulturminister Abid Q. Raja (V) sa mykje bra om språk som ein viktig, demokratisk fellesarena for borgarane då han nyleg la fram regjeringa sitt framlegg ei ny, heilskapleg språklov, skriv leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Språk er ein av dei viktigaste faktorane for vellukka integrering i arbeids- og samfunnsliv.

Kulturminister Abid Q. Raja (V) sa mykje bra om språk som ein viktig, demokratisk fellesarena for borgarane då han nyleg la fram regjeringa sitt framlegg ei ny, heilskapleg språklov. Eit felles språk bidreg til å bygge sterke og inkluderande felleskap, sa han. Hovudføremålet med lova er å sikre norsk - både bokmål og nynorsk - som nasjonalt hovudspråk, og halde det i hevd som bruksspråk i framtida. Det er eit godt mål.

At alle som bur i Noreg får ta del i denne felleskapen er avgjerande for at vi skal skal forstå kvarandre og kunne tileigne oss den same kunnskapen og dei same historiske og kulturelle referansane. Det er viktig i møte mellom menneske og ulike kulturar, og det er avgjerande for ein tillitsfull og effektiv kommunikasjon mellom borgarane og det offentlege. I dag blir alt for mange innvandrarar og born med minoritetsspråkleg bakgrunn avskorne frå den nynorske språkskatten.

At alle elevane i skulen lærer seg både bokmål og nynorsk har ein stor verdi først og fremst for eleven sjølv som får større kunnskap, kompetanse og forståing i og for norsk språk, og ikkje minst fridomen til sjølv å velje kva språk ho vil nytte i ulike situasjonar seinare i livet. Det at majoritetsspråkbrukarane lærer seg mindretalsspråket er også ein føresetnad for at alle skal kunne sjå og bruke sitt eige språk i møte med det offentlege, på arbeidsplassen, i aviser og alle andre delar av samfunnet.

Opplæringslova opnar for å gje elevar fritak frå opplæring og/eller vurdering i skriftleg sidemål. Mange med minoritetsspråkleg bakgrunn har vore fritekne frå sidemålsopplæring i skulen. Endå fleire har fritak for vurdering med den nedprioriteringa av opplæringa det naturleg nok fører med seg. På Holmlia skole på austkanten i Oslo har over halvparten av elevane minoritetsspråkleg bakgrunn. På denne skulen har dei erfart at framandspråklege elevar fint kan lære seg nynorsk som sidemål, berre undervisninga held mål.

Det er ikkje berre elevar med særskilt språkopplæring som kan få slikt fritak. Elevar som av sakkyndige er vurdert til å ha problem med å lære seg både bokmål og nynorsk kan også få fritak. Det same kan elevar som har gått på ein internasjonal skule. Slik slapp prinsesse Ingrid Alexandra unna sidemålsopplæring på private Oslo International School.

Annonse

Som femtegenerasjons innvandrar skulle ein tru at det meste etter kvart låg til rette for å kunne lære seg nynorsk. Det er symboltungt at ei dronning for heile landet har hatt fritak frå halve språket. Og kanskje er det symptomatisk for eit fritakregime som er for vidt, og som regjeringa bør sjå nøye på, dersom dei meiner alvor med at alle skal få delta på den same språklege fellesarenaen.

Som femtegenerasjons innvandrar skulle ein tru at det meste etter kvart låg til rette for å kunne lære seg nynorsk.

Norskopplæringa for vaksne innvandrar skjer i hovudsak lokalt i kommunane. Kommunestyra eller opplæringssentra sjølv avgjer kva som skal vere opplæringsspråket. Korleis skal dei føre innvandrarane i den norske røyndomen slik den er hos dei?

Av 90 nynorskkommunar er det så langt vi kjenner til 44 av desse som tilbyr eller har vedtatt nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar. Born som blir busette i ein nynorskkommune får nynorskopplæring i skulen. På same tid får foreldrene deira opplæring i det språket opplæringssenteret tilbyr. For fleirtalet vil det diverre seie bokmål.

Bokmålsopplæring i nynorskkommunar kan auke avstanden til lokalsamfunnet, som igjen kan hemme inkluderingsarbeidet. I vaksenopplæringa har det vore ein utbreidd praksis å gje opplæring på eit bokmålsnært talemål fordi dei mest brukte læreverka er skrivne på bokmål og har styrt undervisninga. Dette er problematisk.

For innvandrarar som bur i område med nynorsknære dialektar vil eit utgangspunkt med nynorsk talemål forenkle den munnlege språkforståinga mykje. Nynorsk språkopplæring vil ruste dei betre til å hjelpe borna med skulearbeid og det vil gjere inkluderingsarbeidet enklare.

Hovudargumentet frå vaksenopplæringane i nynorskkommunane for at dei held på bokmålsopplæring, er at dei meiner det manglar læremiddel på nynorsk. Dessutan treng vi meir språkmektige lærarar som kan undervise i og på både bokmål og nynorsk. Dette bør styresmaktene ta tak i om dei ønskjer å lukkast med lokalt inkluderingsarbeid.

Norsk arbeidsliv er fleirspråkleg. Arbeidsinnvandringa har auka stort, og somme bransjar er dominert av utanlandsk arbeidskraft. Arbeidstakarar frå EØS-området har verken rett eller plikt til norskopplæring. Av omsyn til både integreringa, tryggleiken på arbeidsplassen og for å styrkje og sikre norsk språk bør denne gruppa få rett til å lære seg norsk. I nynorskområda bør denne opplæringa vere på nynorsk. Språkrådet sitt framtidsutval viser i rapporten Språk i Norge - kultur og infrastruktur tydeleg kvifor dette både er språkpolitikk, men også arbeidslivspolitikk. Dei viser mellom anna til at over ein tredjedel av arbeidsstokken i byggenæringa er utlendingar som er definerte som ufaglærte utan norsk fagbrev. Skal dei få fagbrev må dei kunne norsk. Dei kjem seg ikkje vidare og blir sitjande faste i arbeid med farlegare oppgåver, meir skift og meir overtid.

Språket er den kanskje viktigaste føresetnaden for vellukka integrering. Både lokale og sentrale styresmakter har ansvar for å sikre endå fleire språklege rettar, fleire og betre læremiddel og språkmektige lærarar som kan inkluderer fleire av våre nye naboar og vener i den norskspråklege fellesskapen. Språkminister Abid Raja har peika retning. Saman skal vi nå målet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

"Støre, nå må du høre"