Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny politikk for mindre mjølkebruk

Erfaringane viser at dagens landbrukspolitikk ikkje sikrar areal i drift, sjølvforsyning og jordbruk i heile landet.

Kor lang tid vil det ta før nedgangen i mjølkebruk pregar alt jordbruket i distrikta våre, og gjev ringverknader til andre som driv med beitedyr? spør Eli Berge Ness. Foto: Marie Hatlevoll
Kor lang tid vil det ta før nedgangen i mjølkebruk pregar alt jordbruket i distrikta våre, og gjev ringverknader til andre som driv med beitedyr? spør Eli Berge Ness. Foto: Marie Hatlevoll

Mjølkeproduksjonen er berebjelken i distriktsjordbruket. Eksempla på mjølkebønder som vel å leggje ned produksjonen fordi der ikkje er økonomi i drifta til å følje opp nye krav, er mange. Kva kan gjerast?

*Lønsemda i produksjonen må aukast

*Kravet om lausdrift må knytast til nybygg

*Satsing på små og mellomstore bruk må føljast opp gjennom bruk av investeringsverkemiddel i jordbruket med midlar utanfor jordbruksavtalen

*Vilkåra for investeringstilskot må vere slik at ein kan gjennomføre oppgradering/nybygg for å møte nye krav utan auke i produksjonen. Det må vere mogleg å få tilskot for å kunne halde fram drift på eige/lokalt ressursgrunnlag

*Investeringstilskotet må vere så stort at ein ikkje blir bunden til milliongjeld som gjer at ein må auke opp arbeidsinnsatsen på garden, auke produksjonen og ha løna arbeid utanfor garden i tillegg

*Område som Vestland, Telemark og Nord-Norge må prioriterast

Lausdriftskravet vil føre til den største strukturrasjonaliseringa vi har opplevd i norsk jordbruk. Vi vil få ei sentralisering av jordbruket, og kravet vil vere ein del av grunnen til den største nedlegginga av bruk vi har opplevd.

I dag har vi om lag 38.000 gardsbruk i Norge. Talet er om lag halvert siste 20 åra. Vi veit at det i snitt blir lagt ned to gardsbruk per dag. Dette er dramatisk. Ikkje berre fordi det blir færre som produserer mat, men fordi vi har område i landet der utviklinga gjer at fagmiljøa blir utarma, rekrutteringa uteblir og areal blir liggande ubrukt.

I mitt område, Sogn og Fjordane, har utviklinga når det gjeld mjølkebruk vore ekstra dramatisk. Vi er mange som er uroa over utviklinga her. Nibio-rapporten om framtida for mjølkebruka i Vestland synleggjorde dette tydeleg. Det er langt mellom dei som driv med mjølk på mindre bruk i Sogn og Fjordane som ser lyst på framtida, slik situasjonen er no.

70 prosent av mjølkebruka her er båsfjøs, og snittbuskapen er på 14 dyr. Den ombygginga som har skjedd til lausdrift i Sogn og Fjordane, har til no vore ei sentralisering av mjølkeproduksjonen til dei beste områda. Truleg vil dei mindre bruka som er att, legge ned drifta framfor å setje seg i milliongjeld for å bygge om for å møte dei nye krava. Innteninga i produksjonen er ikkje slik at det er forsvarleg

Annonse

"Mjølkeproduksjonen er både arbeidskrevjande og kapitalkrevjande."

Mjølkeproduksjon

Eg må seie det var direkte vondt å lese om Nina Engelbrektson i Nationen 30. desember. Ho har vore mjølkebonde i tretti år og vurderte å byggje ny lausdriftsfjøs. Tilbakemelding var at då måtte ho byggje til 40 kyr og mjølkerobot, og ho eller mannen måtte ha ei lønnsinntekt på minimum 400.000 utanom garden for at dette prosjektet skal gå i pluss.

Dette betyr at ein må setje seg i stor gjeld, ofre fritid og aktivitetar andre familiar kan ha, ha mindre tid med eigen familie og auke effektiviteten, det vil seie springe fortare, så lenge som helsa held. Slik skal det ikkje vere!

Mjølkeproduksjonen er både arbeidskrevjande og kapitalkrevjande. Samtidig er mjølkebøndene berebjelken i distriktsjordbruket. Kor lang tid vil det ta før nedgangen i mjølkebruk pregar alt jordbruket i distrikta våre, og gjev ringverknader til andre som driv med beitedyr?

Tveit Rekneskap opplyser at ut frå deira utrekningar har bruk med 28 mjølkekyr og 200.000 liter i kvote hatt ein inntektsnedgang på rundt 139.000 kroner per bruk frå 2021 til 2023, når ein tek med ein viss nedgang i mjølkevolumet. I Vestland fylke er nok den økonomiske situasjonen endå alvorlegare.

Dette i ei tid der vi har fokus på å få til jamstilling mellom jordbruket og andre grupper, og der fleire har fått auga opp for kor dårleg lønsemd det er i norsk matproduksjon.

Seterdrift er stell av kulturlandskap i praksis. Mange av dei som setrar er gardsbruk med små buskapar som framleis står på bås.

Ein kan spørje om ein har råd til å ha med desse minste bruka vidare. Spørsmålet bør heller vere om vi har råd å misse dei? Investeringsmidlar for å bevare bruka er ikkje berre støtte til den enkelte bonde. Det vil vere staten si investering i beredskap, sjølvforsyning og matproduksjon til eiga befolkning.

Siste åra har vi høyrt mange festtaler om å satse på små og mellomstore bruk, og å byggje drifta på eige areal eller areal i nærområdet. Det må føljast opp med handling og økonomiske verkemiddel.

Dei komande åra er avgjerande for om vi framleis skal eit jordbruk i heile landet. Både regjering, storting og faglag må ta inn over seg dette må handling om vi skal ha eit distriktsjordbruk i framtida. Signala er tydelege. Lausdriftskravet er med og gjer at bruk blir nedlagde.

Neste artikkel

«Kufluencer» tar melka i forsvar: – Jeg blir provosert