Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inneklemt areal er også matjord

Nationen har reist viktige spørsmål knytt til kor mykje jordbruksareal vi har. Det er behov for oppklaring om kva som skal reknast som jordbruksareal.

Jordbruksareal: Midt i Stavanger ved togstasjonen på Mariero er det ført opp 7,8 dekar fulldyrka jord (farga oransje) og 2,9 dekar innmarksbeite (farga gult). Jorda er regulert til park og utbyggingsformål. Tomter blei skilt ut og hus bygd for rundt 50 år sidan. Foto: AR5-kartet til Nibio
Jordbruksareal: Midt i Stavanger ved togstasjonen på Mariero er det ført opp 7,8 dekar fulldyrka jord (farga oransje) og 2,9 dekar innmarksbeite (farga gult). Jorda er regulert til park og utbyggingsformål. Tomter blei skilt ut og hus bygd for rundt 50 år sidan. Foto: AR5-kartet til Nibio

Arealressurskartet AR5 er kjelde for to statistikkar. NIBIO publiserer tal som viser kor mykje jordbruksareal som er registrert i kartet. SSB publiserer tal som viser kor mykje av dette arealet som er i drift. Det er ingen motsetnad mellom desse to statistikkane, tvert i mot er det ein direkte samanheng mellom dei, og vi treng begge.

Jordbruksareal i AR5 viser kva som er dyrka opp og mogeleg å drive. Dette kartet viser jordbruksareal med potensial for matproduksjon. SSB sin statistikk viser kor stor del av jordbruksarealet i AR5 det er søkt produksjonstilskot for. Dette utgjer jordbruksareal i drift.

Differansen mellom dei to statistikkane viser kor mykje jordbruksareal som er ute av drift.

Avisa spør om ikkje jordbruksareal ute av drift må fjernast frå kartet. Det er det gode grunnar til ikkje å gjere. Jordlova, til dømes, gjeld også for jord som ikkje er i drift, og vi må vite kva areal det gjeld. Odels- og konsesjonslova slår inn for eigedomar med meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, uavhengig av om areala til ei kvar tid er i bruk. Ein kan ikkje berre ta jordbruksareal ut av drift for å omgå desse lovene.

Jordbruksareal som er omdisponert, men ikkje nedbygd, er registrert som jordbruksareal fram til nedbygginga starter. Skulle vi endra kartet etter planlagt omdisponering, ville til dømes det såkalla «IKEA-jordet» i Vestby ikkje lenger lege inne som jordbruksareal, sjølv om arealet faktisk er i drift. Prosessen med å endre arealet tilbake til LNF-formål i kommuneplanen er i gang.

Det er ein grov feil når politisk redaktør i Nationen skriv at AR5 fører opp «den minste anelse natur som dyrka jord». Føresetnaden er at arealet skal ha vore dyrka opp. Nokon må ha tatt jobben med å fjerne skogen, rydde for røter og stein og grøfte arealet, slik at det er klart for å sette plogen i. Når den jobben er gjort, rekner vi arealet som fulldyrka.

"Nokon må ha tatt jobben med å fjerne skogen, rydde for røter og stein og grøfte arealet, slik at det er klart for å sette plogen i."

Annonse

Då skal arealet vere klassifisert som fulldyrka jord til det har skjedd noko med arealet som gjer at det ikkje lenger er tilgjengeleg for matproduksjon. Det må ha skjedd ei endring av meir permanent karakter, enten at arealet er grodd igjen slik at det fyrst må ryddast med anna enn vanleg jordbruksreiskap, eller at det er gjort tekniske inngrep på arealet.

Det er altså tilstanden på arealet, potensialet, som ligg til grunn for klassifiseringa, og ikkje kva som til ei kvar tid er i bruk.

At jordbruksareal ute av drift utgjer ein reserve som kan kome godt med, vart tydeleg tørkesommaren 2018. Mange gardbrukarar frykta fôrmangel og ønska å finne ledige areal å hauste. Då kopla vi jordbruksareal i AR5 mot søknadar om produksjonstilskot, og viste på kartet dei eigedomane der det ikkje var søkt om tilskot.

Å finne jordbruksareal som er ute av drift ville vere endå enklare dersom også søknadane om produksjonstilskot var kartbasert, altså at gardbrukarane registrerer i kartet kva areal dei søker om tilskot for. Forslag om dette låg på bordet under jordbruksforhandlingane for nokre år sidan, men kom ikkje med den gongen. Kanskje tida er moden for det no.

Neste spørsmål er om kartet er godt nok oppdatert. Slik det er lagt opp no, blir karta oppdaterte i samarbeid mellom NIBIO og kommunane. NIBIO oppdaterer karta med jamne mellomrom ut i frå nye flyfoto.

Ideelt sett skulle vi gjerne hatt flyfoto for heile landet kvart år. Det ville redusert etterslep i registreringane til eit minimum. Men ei slik ordning krev ressursar. Enn så lenge går det frå 4 til 8 år mellom kvar flyfotografering. Det er kommunane si oppgåve å halde kartet oppdatert mellom kvar flyfotografering. Mange kommunar løyser denne oppgåva godt, men som Nationen skriv om, vil ein også finne tilfelle av uheldig etterslep. Etter vår kjennskap skuldast dette i stor grad varierande kapasitet i kommunane.

NIBIO lanserer i år ei nettbasert løysing som vil gjere det enklare for mange mindre kommunar å halde kartet oppdatert.

Karta og statistikken frå AR5 kan bli bedre, men å fjerne alt jordbruksareal som er ute av drift frå kartet er ikkje rett veg å gå. Mindre etterslep vi derimot gje betre kart. NIBIO arbeider kontinuerleg saman med kommunane og Statsforvaltaren med å utvikle metodar, verktøy og prosedyrar som gjer datagrunnlaget og statistikken betre.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Borchs problem