Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nærbutikken som tek vare på dei eldre

Kven skal sikre gode tenester for eldre på bygda, når det er fleire mil til både helsehus og kommunehus? Kan nærbutikken fungere som velferdssentral for innbyggarane?

Målgruppe: Eldre er den viktigaste målgruppa for fleire av tenestene til nærbutikkane. Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete
Målgruppe: Eldre er den viktigaste målgruppa for fleire av tenestene til nærbutikkane. Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete

Nærbutikken har blitt den mest brukte møteplassen for bygdefolket i Kvammen i Askvoll kommune i Vestland. Butikken inviterer til seniortreff kvar onsdag og laurdagskafé for unge og gamle, i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.

Her får både unge og eldre treffe kvarandre og handle daglegvarer. Pensjonistar som har vanskeleg for å kome seg til butikken på eigen hand, blir henta med drosje.

Kvammen Handel ligg vegg i vegg med eit allaktivitetshus som bygda eig. Her er kafélokale, treningsstudio og lokale for fotterapi.

Butikken har godt samarbeid med Askvoll kommune og har status som kommunalt servicepunkt. Det betyr at kommunen betaler butikken for å yte tenester for innbyggarane.

Eldre er den viktigaste målgruppa for fleire av tenestene. Butikkar over heile landet tilbyr sosial møteplass, varelevering, helsefremjande aktivitetar, digital hjelp, samarbeid med heimesjukepleie og enkle vaktmeistertenester.

"Bygdekjøpmenn har lang tradisjon for å ta ansvar for folk."

Bygdekjøpmenn har lang tradisjon for å ta ansvar for folk. Når kjøpmannen ser at han Lars ikkje har vore på butikken på nokre dagar, så tar han ein telefon og spør om alt står bra til. Når kjøpmannen som leverer varer heim, ser at ho Olga manglar lys i gangen, så tar han gjerne bryet med å skifte lyspæra i taket.

Men det er ikkje alle eldre som treng hjelp. Eldre er ein stor ressurs for små lokalsamfunn. På Nes Verk i Tvedestrand kommune har ei gruppe friske eldre tatt på seg oppdraget med å køyre ut daglegvarer til eldre som har vanskar med å kome seg til butikken sjølve.

Fleire kommunar samarbeider med lokale butikkar om velferd for eldre. Vindafjord kommune i Rogaland tilbyr handlebuss til to nærbutikkar, ein gong i veka.

Dei fleste eldre ønskjer å bu i eigen heim og leve sjølvstendige liv så lenge som muleg. Men dei er avhengige av å ha eit butikktilbod. Dei har behov for møteplassar og sosial kontakt, og dei treng eit visst sikkerheitsnett.

Stortingsmeldinga «Leve hele livet» framhevar nærbutikken som ein møteplass og eit servicepunkt for eldre i Distrikts-Norge. Kommunane blir oppfordra til å samarbeide med frivillig sektor og andre aktørar i lokalsamfunnet.

«I mange små lokalsamfunn er dagligvarebutikkene det siste gjenværende servicepunktet. Da er det om å gjøre at ulike funksjoner kan samles i butikken», blir det sagt i stortingsmeldinga.

Demografiutvalet (NOU 2020:15) seier at det trengs innovasjon for organisering av tenester i område med spreidd busetting og samfunn der innbyggartalet går ned.

Kommunane må legge til rette for samskaping ved å mobilisere og koordinere ressursar som finst lokalt. Då kan det godt vere at det blir etablert nye løysingar i samarbeid med bygdelag, frivillige organisasjonar, lokalt næringsliv eller andre.

Dei fleste distriktskommunar har eit tradisjonelt bumønster, der dei fleste eldre bur i einebustad så lenge dei kan klare seg sjølve. Når helsa sviktar, er einaste alternativet å flytte til omsorgsbustad eller sjukeheim i kommunesenteret.

Distriktssenteret ser at fleire kommunar prøver å finne nye løysingar ved å byggje opp små lokalsenter der fleire funksjonar er samla på ein stad. Dette kan vere eit godt og robust grep, med langsiktig effekt. Iveland kommune i Agder har bygt ein liten landsby med bustader og næringsverksemd samla på Birketveit. Her er viktige servicefunksjonar som daglegvarebutikk, kaffikrok og bibliotek.

I fjellbygda Røyrvik i Trøndelag hadde kjøpmannen behov for større og meir funksjonell butikk - samtidig som kommunen hadde behov for lettstelte leilegheiter for eldre. Godt samarbeid har gitt bygda nybygg med butikklokale og fire leilegheiter.

Forskarane Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen ved Høgskulen i Volda har sett nærare på kva for rolle nærbutikkane spelar i små lokalsamfunn i Distrikts-Norge. Dei seier at den gamle landhandelen har kome i ny utgåve som den multifunksjonelle butikken, med bensinutsal, apotekvarer, post i butikk og kafé eller kaffikrok.

38 prosent av kjøpmennene som deltar i det statlege Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar, ser på butikken som ein «sentral» som tilbyr ekstra hjelp til eldre og andre i lokalsamfunnet. Butikkdrivarane la meir vekt på samfunnsansvar enn personleg økonomisk vinning.

«Analysane tyder på at utkantbutikkane spelar ei viktig rolle i å oppretthalde tenestetilbodet i små lokalsamfunn. Det er ikkje uvanleg at butikkane i praksis fungerer som velferdssentralar.

Dette er langt på veg eit resultat av eit tett samspel mellom butikken og bygda. Kommunane har derimot i liten grad vore involverte i dette samspelet. Slik sett har mange kommunar gjort lite for å styrke rolla til butikkane som ein viktig aktør i arbeidet med å sikre levekår og folkehelse for dei som bur i små lokalsamfunn», konkluderer Båtevik og Halvorsen i sin fagartikkel «Utkantbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn».

Tar kommunane utfordringa?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jordbruksoppgjøret 2022 er ingen ny retning