Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Museum der du bur

Styringsretten må ligge der musea er, i byane og på bygda.

Musea er flotte rammer kring mange festivalar. Jørn Hilme-stemnet er landets eldste folkemusikkfestival og har sidan 1960 halde hus på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Foto: Cathrine Dokken

Reformene har fått sin renessanse. Om ikkje lenge er Oppland og Hedmark historie, og vi er ein del av Innlandet. Eit nytt fylke skal rå over ei mengd oppgåver, også musea. Skal vi sikre eit levande og variert museumsfylke, må styringsretten ligge der musea er, i byane og på bygda.

Oppland rommar eit variert kulturliv. Anten vi deltek på festival, går på kino eller museum, så er det mangfaldige kulturlivet til stades der vi er. Så har det også vore politikken i Oppland å sikre gode desentraliserte tilbod til innbyggarane. Ikkje berre fordi opplendingane konsumerer mykje kultur, men fordi det bur skapande menneske i heile fylket.

Med museumsreforma i 2000 vart det etablert fire regionmuseum i Oppland: Valdresmusea, Mjøsmuseet, Randsfjordmuseet og Gudbrandsdalsmusea. Alle får dei årlege tilskott frå staten, fylket og kommunane. Lillehammer Museum er eit nasjonalt museum med ein stor andel statleg finansiering, medan Norsk vegmuseum er eit etatsmuseum med viktige formidlings- og forvaltingsoppgåver. Lengst i sør ligg Kistefos Museet, som formidlar industrihistorie og internasjonal kunst.

Museumsorganiseringa i Oppland har vore vellukka. Ho har gitt oss ein desentralisert profil, ei breidde i eigarskap og eit rikt og variert tilbod. Slik vil vi ha det også i framtida.

Sjølv om musea i Oppland stort sett har formidla lokale kulturar, forvaltar fleire av musea også nasjonale oppgåver innanfor litteratur, idrett, handverk og samferdsle. Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk handverksinstitutt utgjer dessutan unike kompetansemiljø og er akkrediterte rådgivarar for staten i Unesco-systemet.

Musea i Oppland driv for 200 millionar, tek vare på uerstattelege verdiar og er motorar i ein reiselivsindustri med 500 000 besøkande ved musea kvart år. Den viktigaste ressursen er likevel dei 50.000 hytteeigarane og 190.000 innbyggarane som bur i fylket, og som kvar dag gjer seg nytte av kompetansen ved musea. Derfor har vi etablert ei ordning innanfor bygningsvern med rådgivarar som tilbyr tenester til eigarar av eldre bygningar.

Norsk institutt for kulturminneforskning konkluderte i ein rapport nyleg at tenestene som dei fem rådgivarane tilbyr, aukar kunnskapen om restaurering, og at tilstandsrapportane som dei skriv for huseigarane, fører til større tilskott til restaureringsprosjekt i Oppland enn elles i landet. Ordninga har vore ein suksess, men har berre vore mogleg gjennom ei desentralisert museumsorganisering, eller Opplandsmodellen, som Riksantikvaren kallar henne. Med ny fylkesorganisering bør også hedmarkingane få tilbod om rådgivarar i bygningsvern.

Musea forvaltar samlingar og er viktige kunnskapsprodusentar. Men musea er ikkje verkelege bidragsytarar om dei ikkje utøver oppgåvene sine i samspel med menneske og samfunn utanfor museumsskigarden. Då må musea vere til stades der folk bur, i byane og på bygdene.

Frå 2020 er ei rekke oppgåver flytte frå Riksantikvaren og til dei nye fylka. Ikkje alle regionar er rusta til å handtere forvaltingsoppgåvene som kjem, særleg ikkje dei oppgåvene som er knytte til mellomalderkyrkjer og fartøyvern. Men på desse områda har musea i Innlandet stor kompetanse og gode samarbeid med forskingsmiljøa.

Annonse

Og liksom ein med bygningsvernrådgivarane har lukkast i å bevare hus også utanfor musea, har musea i Hedmark og Oppland erfaring og kompetanse til å sikre kulturminne i heile fylket. Det same gjeld for privatarkiv, der musea i Oppland allereie på 1980-talet etablerte Opplandsarkivet for bevaring av arkiv etter privatpersonar, foreiningar og bedrifter. Sit ikkje kompetansen på fylkeshuset, må fylkeskommunen bruke kompetansen i musea.

Musea er betydelege besøksmaskiner, men inntektene frå turistar og besøkande kan bli større.

Musikklivet er eit anna område som skal finne plassen sin i det nye fylket. Også her speler musea ei rolle med lydarkiv, konsert- og teaterscener, instrumentmakarar og samarbeid med bransjenettverk, festivalar, artistar og produksjonsmiljø i alle sjangrar. Musea femner vidt og skal spele på lag med heile kulturlivet. I arbeidet med ny musikkorganisering bør ein sjå til musikkmiljøa med gode samarbeid med musea.

Det statlege museumsbidraget er tungt i Oppland og Hedmark. Det er historiske grunnar til at det er slik, men med kulturmeldinga kom signala om at staten vil evaluere prinsippa rundt den finansielle fordelingsnøkkelen. Eit spleiselag mellom stat, fylke og kommune held likevel fram. Fylka får i oppgåve å fordele delar av dei statlege midlane, men får likevel ikkje råderetten over staten sine pengar. Ei eiga museumslov skal sikre autonomien til musea, og ho skal stogge styresmaktene sin iver etter å styre den faglege produksjonen ved musea.

Signala er likevel ikkje til å ta feil av. Det statlege bidraget blir ikkje større. Anten må fylket og kommunane bidra med meir, eller så må musea tene pengane sjølve. Potensialet er stort for det siste. Musea er betydelege besøksmaskiner, men inntektene frå turistar og besøkande kan bli større.

For Innlandet er meir enn Mjøsa i sør og fjella i nord. Skal regionen styrke attraktiviteten, må musea med. Førre veke lanserte regjeringa ein strategi der målet er å sette kulturen i sentrum for ei reiselivssatsing. Ei tettare organisering mellom offentlegheita, kulturlivet og næringslivet, gjerne etter dei europeiske parkmodellane, kan vere eit fornuftig grep for å auke verdiskapinga i regionane. Ein slik modell treng sterke, lokale deltakarar. Styringa av institusjonane må skje der institusjonane er.

Det er i etterkant av Kulturmeldinga skapt inntrykk av at regjeringa ynskjer å redusere antalet museum i Noreg. Det er ikkje ynskjeleg. Innlandet treng ikkje fåe museumskonsern, men ambisiøse og utviklingsorienterte institusjonar i alle storleikar, som forvaltar museumsoppdraget i samspel med verda og samfunnet ikring.

Det betyr ikkje at musea kvar for seg skal greie alt sjølv. Tvert imot. Derfor blir det inngått ei rekke samarbeidsavtaler mellom musea i Oppland med mål om å styrke det faglege arbeidet og dei administrative funksjonane. Kulturlivet er sterkt på begge sidene av Mjøsa, men kulturlivet er ulikt organisert. Det er ein kvalitet i seg sjølv. Det er eit mål å sikre denne forskjellen også framover.

Musea er viktige medspelarar i skapinga av eit nytt fylke. Vi skal rett nok ikkje skape identiteten til Innlandet, men kritisk undersøke og spegle mangfaldet av livsformer som allereie utspelar seg her. Då må vi gi rom til dei forteljingane vi sjeldan høyrer, ser, likar eller forstår.

Slik kan musea vere ei støtte til myndiggjering av alle borgarar. Slik kan musea opne for refleksjon for dei som står trygt i ein etablert innanforskap – og gi rom for dei som aldri fekk plass. For musea i Innlandet er til for alle. Og musea ligg der du bur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uakseptable kommentarer om dyretragedie