Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me må prioritere jordbruksbistand

Norsk bistandspolitikk må vera tufta på utfordringane i framtida

Mat: Sør-Sudan er hardt råka av krig og svolt. På biletet frå 2018 sopar ei kvinne opp sorghum frå bakken etter eit flydropp frå Verdas matprogram. Foto: Sam Mednick / AP / NTB scanpix
Mat: Sør-Sudan er hardt råka av krig og svolt. På biletet frå 2018 sopar ei kvinne opp sorghum frå bakken etter eit flydropp frå Verdas matprogram. Foto: Sam Mednick / AP / NTB scanpix

Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein stat er å sikre mat til folket i landet. Tilgang på mat er ein grunnleggjande føresetnad for å sikre stabile statar og levevilkår for statens befolkning.

I dag står verda ovanfor store klimaendringar som me veit vil vera med på å gjere dette enda meir krevjande i åra som kjem. Difor er det heilt avgjerande at me klarar å sikre tilstrekkeleg matproduksjon og at me evnar å få til eit klimatilpassa landbruk i mange utviklingsland. Diverre ser me at dagens regjering ikkje prioriterer dette høgt nok.

Senterpartiet ynskjer at Noreg skal bruke meir ressursar på å sikre fleire menneske sikker tilgang på trygg mat. I 2019 er det ifylgje FN 821 millionar menneske, altså 1 av 9 av verdas befolkning, som ikkje har tilgang på nok mat. Me veit at grunna klimaendringane kjem dette problemet til å auke i åra som kjem, og nettopp difor meiner me i Senterpartiet at dette er noko som må prioriterast i norsk utviklingspolitikk.

Utfordringar med klima, sjukdom, krig og dårleg utbygd infrastruktur, aukar behovet for eit større fokus på mattryggleik i dei landa som er råka.

Om ein ser på situasjonen i Afrika er det anslått at folketalet vil auke ifrå om lag 1,2 milliardar menneske i 2015 til om lag 2,5 milliardar i 2050. Denne auken må ein naturlegvis gripe fatt i gjennom å prioritere mattryggleik og styrke matproduksjonen i Afrika.

Diverre gjer regjeringa ikkje ein stor nok innsats på dette feltet. Me ser på budsjettet for 2020 at det er ei auke i støtta som vert kanalisert gjennom Verdsbanken og regionale bank og fond, medan støtte til småskala landbruk og ei øyremerking av bilateral bistand til landbruk uteblir. Hjelp til sjølvhjelp tykkjer me bør stå i fokus i større grad enn regjeringa sitt budsjett føreslår.

Noreg må gi bistand på område der Noreg kan gjera ein forskjell. Me har høg kompetanse innan landbruk. Eit landbruk som gir auka produktivitet tufta på ei berekraftig forvalting av jorda og naturressursane er avgjerande for å løfte fleire menneske ut av svolt og fattigdom.

Her kan vår kompetanse kome til nytte. Det norskfinansierte «Crop Wild relatives» prosjektet som hadde oppstart i 2011 er eit utmerka døme på nettopp dette. Prosjektet har hatt søkelys på å samle inn mange av dei viktigaste slektningane av 29 av våre viktigaste matplanter som ris, mais, solsikke og kveite. Ein har samla inn ville frø og plantesortar frå 25 ulike land, og dette kan vise seg å bli avgjerande for å tilpasse nokon av våre viktigaste matplanter globalt til nye klimatiske tilhøve.

Annonse

Verdsbanken har presisert at investeringar som tener småbønder i landbruket gjev minst dobbel så stor effekt som anna bistand med tanke på å få landa ut av fattigdom. I dei aller fattigaste landa er effekten fire gongar så stor. Ved å sikre matproduksjon gjennom eit grunnleggjande fokus på at landa skal produsere mat sjølv, vil me i større grad kunne hjelpe landa ut av fattigdom.

Det er eit paradoks at fleire afrikanske land ser seg tvinga til å importera mat og at import av mat utgjer 15 til 20 prosent av den totale importen hjå dei minst utvikla landa i verda. Årsakene er låge prisar på importert mat og låg produksjon i eige landbruk. Utfordringar med klima, sjukdom, krig og dårleg utbygd infrastruktur, aukar behovet for eit større fokus på mattryggleik i dei landa som er råka.

Sør-Sudan er i dag eit av landa som er hardast råka av svolt og krig. Her ser me tydeleg at grunnleggjande bistand innan jordbruk må prioriterast i større grad. Avkastinga for maten bøndene sel er så liten at dei ikkje tener noko på den. Det er eit paradoks i eit land som er råka av hungersnaud, og er avhengig av FN for å sikre mat til befolkninga.

Paradokset fører med seg at jordbruket i landet sakte, men sikkert vert nedlagt. Spørsmålet me då må stille oss er kva som skjer den dagen verda ikkje lengre bidreg med matprogram i landet.

Gjennom at regjeringa nedprioriterer grunnleggjande bistand innan landbruk, bidreg dei til å nedprioritere statane si evne til å ta vare på befolkninga sine behov. I vårt alternative statsbudsjett for 2020 syner me at me i Senterpartiet prioriterer langsiktig bistandspolitikk. Ein bistandspolitikk som bidreg til at land som slit med å brødfø si eige befolkning, vert gjeve ein moglegheit til å hjelpe seg sjølv. Det sikrar me gjennom å øyremerke 10 prosent av all bilateral bistand til landbruksbistand.

Me ynskjer også å øyremerke 100 millionar kroner til støtte for småskala landbruk. I tillegg vil me løyve 50 millionar utover regjeringa sitt budsjett til Verdas Matvareprogram som spesifikt jobbar mot å nå FN sine to øvste berekraftsmål, utrydde fattigdom og svolt.

Senterpartiet meiner at me må prioritere dei langsiktige løysingane gjennom eit auka fokus på mattryggleik og produksjon i landa. Me ynskjer også ein ytterlegare kontroll på korleis bistandspengane blir brukt, og sikre at bistandsmidlar blir nytta der dei kan gjere størst nytte.

Gjennom å hjelpe landa til å produsera eigen mat, bidreg me til stabilitet og fred. Senterpartiet jobbar for at Noreg sin bistandspolitikk skal vera tufta på framtida sine utfordringar.

Regjeringa si manglande prioritering av jordbruksbistand syner at Noreg i dag ikkje bidreg til den langsiktige og berekraftige matproduksjon som det er eit sterkt behov for.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

For EU er ikke-diskriminering helt fundamentalt