Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mangelfullt av Riksrevisjonen, feil av Justisdepartementet

Kan ikkje stort arbeidspress òg vera ein faktor som skadar rettstryggleiken på same vis som effektivitet?

Domstolar: Eit fleirtal i Domstolkommisjonen vil kutte talet på tingrettar dramatisk. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

22. oktober la Riksrevisjonen fram «Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettene og lagmannsrettene». Tema er viktig. Difor er det problematisk at tilrådinga til Riksrevisjonen er mangelfull, trass ein grundig rapport.

Endå verre er det at Justisdepartementet si oppfølging gjev grunn til å spørja om justisminister Jøran Kallmyr har lest både tilrådinga og rapporten i det heile.

Riksrevisjonen innleier rapporten med å peika på at domstolane er ei statsmakt som skal sikra rettstryggleik. Deretter vert det slått fast at effektiv sakshandsaming er ein del av rettstryggleiken. Dette er heilt korrekt. Men poenget vert knapt gjentatt igjen i den over 130 sider lange rapporten. Det er særleg to refleksjonar som manglar.

Riksrevisjonen slår fast at manglande effektivitet er problematisk, òg for rettstryggleiken. Det er korrekt. Men den ser aldri ut over norske grenser for å samanlikna med andre land for å finna kor stort problemet er.

For å bruka eit klargjerande døme. I Noreg døyr litt over 100 personar i trafikken kvart år. Det er tragisk. Men det er likevel mellom dei beste tala for trafikkdaud i verda. Slik er det òg med norske domstolar sin effektivitet. Den er ikkje god nok, men mellom det beste ein finn i verda. Kor hardt skal ein då gå til verks for å betra effektiviteten?

Dette spørsmålet må ein spørja fordi om ein går for hardt til verks, kan ein koma til å skada rettstryggleiken. Riksrevisjonen slår fast at dei lovpålagde fristane for sakshandsaming ikkje vert følgd. Det er eit problem. Men Riksrevisjonen diskuterer aldri relasjonen mellom rettstryggleik og effektivitet. Dermed kan ein ikkje vita om tiltaka som vert føreslått er gode og legitime, fordi ein veit ikkje om ein pressar effektiviseringsspørsmålet så langt at rettstryggleiken vert skadelidande.

Riksrevisjonen finn at meir rettsmekling kan gjera domstolane meir effektive. Det vil seia at ein dommar meklar mellom partane i staden for å køyra ei full rettssak. Det stemmer at dette kan gje meir effektivitet. Men vi er faktisk best i verda på rettsmekling. Utanlandske forskarar spør i dag om ein ikkje meklar for mykje i Noreg, i staden for for lite. Årsaka er at rettsmekling ikkje har dei same rettstryggleiksgarantiane som ei full rettssak. Dette gjeld til dømes ankeretten, som ein ikkje har ved forlik etter rettsmekling.

Annonse

Samstundes gjer rettsmekling domstolane mindre eigna til å gjennomføra Stortinget sin politikk enn ein full rettssak, fordi dei er mindre bunden av lov.

Riksrevisjonen finn vidare at små domstolar er for lite effektive samanlikna med større domstolar. Det stemmer med andre undersøkingar. Men det er ikkje heile biletet. For kva er ankeprosenten frå små domstolar samanlikna med store? Det er berre eit av fleire spørsmål som må undersøkjast for å vita om små domstolar sin ressursbruk kan rettferdiggjerast eller ei. Eit anna er om tilliten til små domstolar er større eller mindre enn den til store. Tillit er kanskje den viktigaste ressursen i vårt rettssystem, og ein må vera varsam med å tukla med dei faktorane som skapar den.

Riksrevisjonen peikar på at domstolane gjennom det saksførebuande møtet med partane kan gjera sakshandsaminga meir effektiv. Her treff Riksrevisjonen midt i blinken. Dette er det viktigaste verkemiddelet for å oppnå meir effektive domstolar. Instrumenta som trengst finst alt i vår prosesslovgiving. I Finland, som i stor grad byggjer på norsk sivilprosesslovgjeving, har alt gjort det saksførebuande møtet til eit effektiviseringsmiddel med stor suksess.

Dette siste ser det ikkje ut til at justisminister Jøran Kallmyr har fått med seg. Han er mest opptatt av at små ting tingrettar er mindre effektive enn store. Slik legg han til rette for at han og hans regjering i neste omgang kan støtta Domstolkommisjonen sitt forslag om å leggja ned eit fleirtal av norske tingrettar. Det er så absolutt grunn til å diskutera Domstolkommisjonen sitt forslag. Men det må ein gjera med eit meir ope sinn enn det Justisministeren legg for dagen.

I staden er Kallmyr opptatt av digitalisering som effektiviseringsinstrument. Det å filma alle tingrettssaker for å gjera ankebehandlinga meir effektiv, er brukt som argument for å leggja ned små tingrettar – investeringane i teknisk utstyr vert for stort i høve sakstalet. Men kor mykje kan norske domstolar verta effektivisert med å filma 80 000 saker der berre litt over 3000 saker vert handsam som ankesaker av lagmannsrettane?

Samstundes ser ikkje justisminsteren ut til å vera uroleg over at norske dommarar ifølgje Riksrevisjonen sin rapport i snitt arbeider om lag 20 prosent ut over normalarbeidstid, og at behovet for dommarar er større enn talet på dommarårsverk. Kan ikkje stort arbeidspress òg vera ein faktor som skadar rettstryggleiken på same vis som effektivitet?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tiltak på overtid