Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvifor me bør innføre særskatt på grunnrente i oppdrett?

Kven eig grunnrenta frå norsk natur og kven eig dei norske fjordane? Dette er viktige spørsmål som alle i Noreg bør vere interesserte i og meine noko om. Det angår nemleg oss alle.

Oppdrett: Eit fleirtal i Havbruksutvalet føreslår å innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Foto: Andrey Armyagov / Mostphotos
Oppdrett: Eit fleirtal i Havbruksutvalet føreslår å innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Foto: Andrey Armyagov / Mostphotos

NOUen om grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa er no levert. Utvalet konkluderer med at det har vorte generert mykje grunnrente i næringa i seinare år – det vil seie, profitt ut over det som er normal avkasting.

Studiar viser at denne superprofitten dei siste åra har vore på rundt 20 milliardar kroner per år. Til samanlikning utgjer dei samla inntektene til alle norske kommunar frå eigedomsskatt i 2018 14 milliardar kroner. Dette er store summar! Det er også stor tru ute i næringa på at den høge lønsemda vil halde fram, noko som går fram av summane oppdrettsselskapa har lagt på bordet i seinare tid for å få tillating til å produsere meir.

Havbruksutvalet si oppgåve var å utgreie alternative modell for å skattleggje grunnrente i havbruk. Som del av fleirtalet i Utvalet føreslår me ein modell for å skattleggje grunnrenta som sikrar at fellesskapet – både lokalt der ein skapar verdiane, og nasjonalt – får glede av det ekstraordinære overskottet frå oppdrett av laks og aure i dei svært produktive oppdrettsområda langs kysten vår.

Dette skattesystemet sikrar at delar av grunnrenta på allereie utdelte oppdrettskonsesjonar kjem både havbrukskommunane og heile det norske folk til gode. I tillegg sikrar det at auksjonsinntekter frå tildeling av nye konsesjonar kjem både noverande og framtidige generasjonar til gode.

Me føreslår å skattleggje 40 prosent av det ekstraordinære overskottet i oppdrett av laks og aure til havs. Dette er ein skattesats på linje med det ein har i vasskraft. Største parten av overskottet (60 prosent) vil verte igjen i oppdrettsnæringa, som også vil sitje att med normal avkastning både på arbeidskraft og kapital.

Me ønskjer at havbrukskommunane skal få ein del av grunnrenteskatten. Dette for at ein også lokalt skal få del i verdiskapinga som skjer med utgangspunkt i naturressursane langs kysten. Fordelingsnøkkelen som sikrar havbrukskommunane skatteinntekter, er ei produksjonsavgift, basert på kapasitetsbiomasse.

Vidare førslår me at ein deler ut nye konsesjonar gjennom auksjon, akkurat som i dag. Men i motsetnad til dagens modell, føreslår me at inntektene frå auksjonen går inn i eit fond og at me kvart år brukar avkastninga på dette – akkurat som for oljefondet. Det er nemleg ei øvre grense for kor mykje ny produksjonskapasitet staten kan dele ut bestemt av kva som er teknisk og biologisk mogleg.

I auksjonar vil selskapa by det dei reknar med å tene på ein konsesjon, noko som betyr at auksjonsinntekta reflekterer noverdien av all venta framtidig grunnrente knytt til konsesjonen. Framtidig grunnrente bør også framtidige generasjoner få del i. Ved derimot å bruke desse inntektene med det same, som er dagens praksis, utbytter ein potensielt framtidige generasjonar.

Mindretalet i utvalet føreslår å fortsetje med same regime som i dag. Det vil seie å auksjonere ut nye konsesjonar og fordele inntektene til kommunane gjennom Havbruksfondet. Berre dersom auksjonane i framtida ikkje lenger gir stabile inntekter til kommunane, ønskjer mindretalet å vurdere om ein bør innføre ei moderat produksjonsavgift. Dette løyser ikkje problemet med ujamne og usikre inntekter til kommunane, etter som ny konsesjonskapasitet berre vert auksjonerte ut annakvart år dersom biologiske og miljømessige tilhøve gir rom for ny vekst. Forslaget til mindretalet tek heller ikkje omsyn til framtidige generasjonar, sidan ein deler ut venta framtidig grunnrente frå nye tillatingar med det same.

Til slutt føreslår mindretalet at ein ikkje skal skattleggje grunnrente frå eksisterande konsesjonar i det heile. Det betyr at kapitaleigarane som har tileigna seg desse konsesjonane gratis eller til ein pris langt under dagens marknadspris får leggje beslag på heile grunnrenta den rike Norskekysten bidrar til.

Annonse

Me synest det er svært merkeleg at LO gjennom sin representant i utvalet føretrekk å beskytte oppdrettskapitalistane framfor å sikre at fellesskapet og alle arbeidstakarar i Noreg får ta del i denne grunnrenta. Større skatteinntekter frå oppdrett kan jo også brukast til å redusere skattepresset på arbeidsinnsats.

Me ser at det kan freiste å argumentere mot skatt på einskildnæringar, som havbruksnæringa. Næringa sjølv ønskjer det sjølvsagt ikkje og har sterke interesser. Fellesskapet er ikkje like godt organisert og i stand til å tale fellesskapet si sak.

Det er ein gong slik at den norske velferdsstaten er avhengig av skatteinntekter. Diverre må me skattleggje aktivitet som er ønskjeleg, som arbeid, for å få inn naudsynte skatteinntekter. Dei fleste skattar er vridande – dei får oss til å gjere mindre av noko som er bra.

Grunnrentenæringar er eit unntak i denne samanheng. Viss rett utforma, vil ein skatt på grunnrente vere nøytral. Dette er grunnen til at grunnrentenæringar som kraft, olje og havbruk er særlig aktuelle for særskattlegging – dei gir samfunnet ein fornuftig måte å skaffe naudsynte inntekter, utan negative verknadar. Skatt på grunnrente bidrar dermed til å halde nivået på vridande skattar nede.

Det har blitt peikt på at havbruksnæringa er ei syklisk næring som er i endring og i vekst. Vårt forslag med ein overskottsbasert grunnrenteskatt er veleigna i ei syklisk næring. Dersom næringa eller einskildaktørar ikkje realiserer grunnrente, er det heller ingen ekstra skattebyrde. Produksjonsavgifta mindretalet føreslår, ei fast avgift per kilo fisk produsert, tek ikkje omsyn til den økonomiske situasjonen til næringa og vil difor medføre større økonomisk press i dårlige år.

Vårt forslag let kapitaleigarane sitje att med 60 prosent av den superprofitten verksemdene genererer, noko som framleis vil gi sterke incentiv for vidare utvikling og innovasjon. I det heile tatt sikrar fleirtalet sitt forslag at heile det norske folk – fellesskapet - både i dag og i framtida får sin del av grunnrenta frå norsk natur. I tillegg sikrar det ein ekstra del til havbrukskommunane.

Oppdrettsnæringa har gått gjennom ei enorm utvikling sidan den spede starten på 1960-talet. Frå å vere attåtnæring i distrikta, er det i dag store børsnoterte selskap med ein stor del utanlandske eigarar som kontrollerer størsteparten av oppdrettskonsesjonane.

Ved utgangen av 2018 eigde utanlandske aktørar 35,4 prosent av oppdrettskapasiteten i Noreg. Dei største veks seg stadig større i næringa, og blant dei 20 største oppdrettsselskapa har utanlandske aktørar ein eigardel på heile 47,3 prosent. Det er flott at den norske oppdrettsnæringa er interessante for utanlandske investorar, men den norske grunnrenta bør likevel bli att og bidra til velferd i Noreg.

For mange år sidan gjekk diskusjonen om Noreg skulle innføre grunnrenteskatt på petroleum. Aktørane, mange av dei store internasjonale aktørar, truga med å forlate landet, og ein frykta at ein slik skatt ville øydeleggje næringa. Kva om me hadde latt det vere med det?

Politikarane den gongen våga å satse. Den norske petroleumsnæringa har sidan blitt ei suksesshistorie, kanskje nettopp fordi grunnrenta har kome fleire til gode utan at dette har gått ut over verken innovasjonsevne eller vekst.

Claire W. Armstrong og Linda Nøstbakken var medlemmer av Havbruksskatteutvalet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norgesgruppen og naturinngrep