Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Korfor er jord så vanskeleg å snakke om?

Jord er meir enn areal. Respektfulle møte mellom eigar og brukar er avgjerande for god forvaltning.

Ikkje berre mold: Jordkapitalisten og -drivaren må snakka saman som jamningar. Foto: Bjarne B. Aase
Ikkje berre mold: Jordkapitalisten og -drivaren må snakka saman som jamningar. Foto: Bjarne B. Aase

Jord handlar om slekt og tradisjonar, om det som har vore og det som er muligheiter i framtida. Framfor alt handlar jord om relasjonar og kjensler, om korleis jord knyt oss til menneske og til stader.

Å ta opp spørsmålet om å leige jord inneber noko langt meir enn ein økonomisk transaksjon, det er ein inngripen i det sosiale livet i bygda, slekta og familien.  Poet og musikar Stein Torleif Bjella seier det slik: Det er berre to tragediar i livet: Tap av kjæraste og jordskifte.

Landbruket i Norge har endra seg dei siste tiåra. I 1949 hadde Nordland 20.000 landbrukseigedomar og like mange aktive gardsbruk. 50 år seinare er situasjonen ein annan; 17.000 landbrukseigedomar, men berre 3600 bruk i drift.

Gardsbruka er blitt færre og større, medan andelen jordbruksareal i drift er nærmast uendra. Å leige jord har blitt stadig meir vanlig. Eigarskap til jord  og bruk av jord heng ikkje lenger saman. Dette er bakgrunn for forskingsprosjektet LANDFRAG, som har sett nærare på både årsaker til, konsekvensar av og tiltak som kan rette opp i oppsplittinga av landbruksjord.

Når det ikkje lenger er samsvar mellom kven som eig og kven som brukar landbruksjord, blir det vanskeleg for både bonde og jordeigar. Korleis spør ein bonde om å leige  frå naboen som eig jorda han treng i si drift? Korleis kan jordeigaren stille krav  til leigeforholdet utan å fornærme leigaren? Er det mogleg å løyse dette på nye måtar utan å gå på akkord med god landbruksdrift, naboforhold, slektskap og nedarva tradisjonar?

I forskingsprosjektet LANDFRAG har det vore lagt vekt på å få samtalen om jord i gang, og vi har nytta lokale, opne møte som eit verktøy. I åtte kommunar over heile landet har bønder, jordeigarar, forskarar, rådgivarar og landbruksbyråkratar møttest for å diskutere lokale utfordringar med jordleige.

Vestvågøy kommune har vore ein aktiv deltakar i prosjektet. Etter eit ope møte i 2017, bestemte aktørar i landbruksnæringa  at dette ville dei gjere noko med i fellesskap. Aktive bønder trengte meir jord for å sikre si drift, og jordeigarar hadde behov for å vite meir om regelverk og utforming av leigeavtaler.

Annonse

Ein av deltakarane kalla dette initiativet etterlengta; i si drift hadde han behov for å avtalefesta tilgang til jord, og såg på møtet som eit første steg.

Kommunen, landbruksrådgivinga og faglaga i landbruket gjekk saman om prosjektet Leigejord og driveplikt. Kommunen blei delt inn i soner, ut frå antalet landbrukseigedomar. Landbrukskontoret tok direkte kontakt med jordeigarar for å informere om bøndenes behov for avtalar og jordeigarar si plikt til å leige ut jord for å oppfylle driveplikta.

Samtalen om jord har halde fram, og har fått fram kva jordeigarane har opplevd som problem. Viktige spørsmål er blitt stilt, først og fremst knytt til skjøtsel og stell av jorda, som er eit uttrykk for dei sterke kjenslene knytt til jord. At jord blir halde i hevd er ei anerkjenning av slekta sitt slit.

Leigeavtalen har vore viktig å få på plass, og på landbrukskontoret har jordeigarar fått råd og rettleiing i korleis denne kan utformast, slik at jorda blir skjøtta vel.

Å få opp på bordet kva det å eige og å bruke jord faktisk dreiar seg om, er avgjerande for å få i gang gode samtalar og etter kvart også gode avtalar om leige av jord.  I Vestvågøy har Konfliktrådet vore ein viktig samarbeidspart for å prøve ut arbeidsformer som legg til rette for slike samtaler. Gjennom tilrettelagte møte som metode har jordeigarar og aktive bønder fått lagt fram sine syn og vurderingar for kvarandre. Dei har fått ein nøytral arena å møtest på, og ein nøytral part til å leie samtalen.

I denne samtalen veks gjensidig tillit og respekt fram, og partane sjølve har ansvaret for å finne fram til løysingar dei kan einast om.

Felles for tiltaka som er prøvde ut i Vestvågøy og andre stader, er at dei har tatt omsyn til at det å eige og bruke landbruksjord er innvevd i relasjonar og kjensler. Det er tatt i bruk arbeidsformer som er basert på respekt og aksept for andre sine synspunkt, og det er skapt arenaer for å kunne snakke om jord.

"Det å eige og bruke landbruksjord er innvevd i relasjonar og kjensler."

Eit viktig element i desse tiltaka er at det er etablert eit mangfald av møte mellom menneske. Jordeigarar og bønder har no møttest på ein arena som handlar om  noko dei begge er opptatte av; jord. Dei har møttest som likeverdige partar, med ulike synspunkt, men med ei felles interesse i å finne gode løysingar.

I slike møte, som produserer tillit og respekt, blir det skapt nye muligheiter. I gode møte ligg det ei kraft til endring.

Neste artikkel

Samarbeid om bedre værvarsler