Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klok utvikling av ein gard i Tanzania

Utvikling nedanfrå blir ofte framheva som eit alternativ til toppstyrte utviklingsprosjekt i fattige land. Artikkelen tek ikkje opp diskusjonen om utviklingsmodellar, men presenterer eit vellykka døme på utvikling nedanfrå som har gitt håp for mange i eit lite lokalsamfunn i Tanzania.

Dyrking: Frå venstre Godbless, Daniel og Aklan. Legg merke til alle trea i grønsakarealet. Alle frukttre er spreidde rundt for å gje skugge.
Dyrking: Frå venstre Godbless, Daniel og Aklan. Legg merke til alle trea i grønsakarealet. Alle frukttre er spreidde rundt for å gje skugge.

Godbless Mamkwe er prest og bur med kona Neema og fire born, 900 m.o.h. ved foten av Kilimanjaro. I 2009 starta han og Neema skule og internat. No har skulen 600 elevar der 200 av dei bur i internatet. Neema er rektor. Elevane gjer det svært godt til eksamen, blant dei fem prosent beste i landet.

Som takk for stor samfunnsinnsats fekk Godbless og Neema i 2020 ei gåve av eit velståande ektepar – ein gard på 200 dekar. Hovudgrunnen var at skulen tek inn born frå fattige familiar som ikkje maktar vanleg foreldrebetaling. Garden ligg gunstig til. Klimaet og nedbørsmengda er passeleg, jordsmonnet er vulkansk og difor grøderikt.

Det er ingen spøk, med variabel foreldrebetaling og periodar med høge matprisar, å stå ansvarleg for å skaffe mat til 600 born og nærare 100 vaksne. Då er det godt å kunne dyrke sjølv. Både for lite og for mykje regn kan gje dårleg avling. Sidan mais skal tørke før hausting, blir nedbør som kjem då eit problem. Dei siste åra har Godbless kjøpt tre jordstykke og bygt eit insektsikkert lager. Når lageret er fullt, kan dei tole ei dårleg avling. Garden gjev vesentleg meir areal.

Godbless har klare mål for utviklinga av garden: gjere skulen og internatet sjølvforsynte med eit godt samansett kosthald. Dette skal det ikkje betalast for, heller ikkje for mat til fattige og sjuke i nærområdet. Tilsetting av arbeidslause folk, som skal ha løn, er òg eit mål.

«Garden ligg gunstig til. Klimaet og nedbørsmengda er passeleg, jordsmonnet er vulkansk og difor grøderikt.»

Gunstig

Noko i denne artikkelen kan hende vil vere til inspirasjon og ettertanke også her i landet, sjølv om mykje er forskjellig – mellom anna kan dei hauste mais to gonger per år, grønsaker tre gonger. Lønsnivået er cirka 1000 kroner månaden. Lån i banken krev 15 prosent rente.

Kyndige fagfolk stadfesta at garden er stor nok til å nå dei nemnde måla. Godbless tilsette difor 12 kvinner og 10 menn. I februar i år samla han arbeidarane for å diskutere produksjonen og organiseringa. Dette vart eit møte med bedriftsdemokrati i praksis, og det hadde dei venteleg ikkje opplevd tidlegare.

Opp til 100 av dei eldste elevane blir henta inn når det trengst mange hender. I tillegg er det mange vaksne i næraste landsby som står klar for dagarbeidarløn.
Opp til 100 av dei eldste elevane blir henta inn når det trengst mange hender. I tillegg er det mange vaksne i næraste landsby som står klar for dagarbeidarløn.

Det var semje om ei inndeling i seks einingar. Alle fekk velje eining. Buketten av einingar er slik at i løpet av eit par år vil det vere nok husdyrgjødsel til alt som gror, og alle husdyra vil få næring frå det som veks. Kvar 3. månad skal dei ha evalueringsmøte. Kvar eining har ein arbeidsleiar, som Godbless har presisert ikkje skal sitje i eit tre å sjå til at folk arbeidar.

Godbless har i ulike samanhengar vist ei unik evne til å skape begeistring og få folk med seg. Her gjev han arbeidarane eigarskap til både utfordringane og løysingane. I tillegg deltek han ofte sjølv i arbeidet. Dette, saman med evalueringane, skaper motivasjon og innsatsvilje. Alt dette er gode prinsipp i teorien om lærande organisasjonar, som han neppe kjenner. Arbeidarane er blitt samde om å starte 06 og slutte 19.

Mjølk- og ungdyr. Målet er 200 liter per dag. Det krev vel 20 kyr som gjev mjølk. Dei har no tre som gjev mjølk og fire drektige.

Annonse

Hage, grønsak og frukt 8 mål. Har planta 50 frukttre – mango, avokado, appelsin og sitron. Aper ét dei to første, men ikkje dei to siste – dei likar ikkje spruten dei får i augo.

Banan 30 mål. Ulike typar.

Høns og gris. Har kjøpt 200 høner inkludert hanar. Siktar mot 500. Har kjøpt 20 gris der 10 er drektige.

Mais, solsikke og bøner 40 mål. Mais er viktigaste kjelda til energi for born og vaksne. Bøner gjev protein. Solsikke gjev olje.

Honning. Inntekt samstundes som ville dyr ikkje liker biene

Dei er knytt til kommunalt vassverk. I tillegg grev dei etter grunnvatn. Haldt dykk fast – tre karar grev eit rundt hol ved hjelp av kortskafta hakke, spade, meisel og slegge. Holet er 1 m i diameter. Massane vert heist opp i bøtter. Det er ikkje naudsynt å stive av veggane eller å tilføre luft. Dei har no grave 70 m og nærmar seg vatn. Grunnvatnet skal nyttast til overrisling av det som veks.

Tornehekk rundt eigedomen er ¾ ferdigplanta. Tornane er giftige. Hekken stenger for slangar!, andre dyr og menneske, som elles er velkomne hovudinngangen.

Det er ikkje noko maskineri på garden. Dei må leige traktor når det skal pløyast. Det er dyrt. Brukt traktor kostar cirka 100.000 kroner.

Sjølv er eg imponert over klokskapen i detaljane og ikkje minst heilskapen.

Vener og kjende gjev rosande ord som berekraftig, sjølvberging, døme på sirkulær økonomi (jamfør at dei nyttar gjødsla og planterestane)

I 2006 besøkte Godbless og eg skular i området, mens ektefelle Bjørg besøkte toppen av Kilimanjaro. Eg har reist på årlege besøk sidan. Vi diskuterer det meste og er blitt gode vener.

I februar 2020 var vi sju nordmenn på besøk. Vi fekk sjå garden. Godbless hadde då ingen plan.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvem skal fortelle hva som skjer i nord?