Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Klimakur 2030» gjer pasienten sjukare

Då Miljødirektoratet og fem andre statlege verksemder la fram Klimakur 2030, la dei òg hovudet til tusenvis av norske småbønder på hoggestabben.

Usikker: –
Usikker: –

I fjor snudde eg opp ned på livet mitt. Etter mange år i byen, flytta eg heim til garden eg kjem frå og tok over sauedrifta i ei lita fjellbygd, på sida av jobben som klimaforskar. Det kjendest risikabelt då, men som eit godt val.

Etter å ha lese korleis Klimakur 2030 legg opp til å gå fram for å kutte klimautsleppa i Noreg, kjennest alt annleis ut.

Tiltakspakka i Klimakur skal kutte utslepp ved å få oss til å ete meir grønsaker og fisk og mindre kjøt, samtidig som maten skal komme frå Norge. Omlegginga skal halvere klimautsleppa frå jordbruket. Slik sett er «Klimakur 2030» både viktig og høgst velkommen.

Problema kjem først til syne når ein ser nærare på planen. Ein reknar med at mindre konsum av kjøttfe og sau vil gje 5000 færre sysselsette innan jordbruk, og dermed ein reduksjon i jordbruksareal på rundt 1 million dekar – om lag ein tidel av heile jordbruksarealet i Noreg.

Med andre ord går Klimakur ut på aktiv dødshjelp til ein tidel av det sårt tiltrengde jordbruksarealet i dette skrinne fjell-landet. Arealet skal gro att fordi det ikkje ligg til rette for å dyrke korn eller grønsaker der.

Dette betyr i praksis at dei marginale jordbruksområda på Vestlandet og i Nord-Noreg vil falle bort i klimakampens namn, berre fordi dei ikkje passar til anna slags matproduksjon. Paradoksalt nok er akkurat desse områda godt eigna til kjøtproduksjon utan bruk av klima-skadeleg kraftfôr.

Lista over verkemiddel i Klimakur-rapporten inneheld ikkje tiltak for å flytte kjøtproduksjonen til hovudsakleg å gå føre seg i dei marginale landbruksområda der dyra kan beite i utmark.

Snarare byggjer Klimakur opp under den gjeldande trenden: kjøtproduksjon på innmark. Konsekvensen blir lett at staten i stor skala stimulerer småbønder til å redusere kjøtproduksjonen utan at det blir lagt opp til omstilling i kjøtproduksjonen ved å tilrettelegge for at bonden kan nytte utmarka i større grad og på ein meir klimavennleg måte.

Rapporten uttrykker uvisse om kor vidt vi kan greie å auke forbruket av norskprodusert kjøt og plantebaserte varer. Tvert om er det heller sannsynleg at Klimakur, med sitt tiprosents-kutt i jordbruksareal, vil oppnå å forsterke import-trenden. Det vil svekke mattryggleik og sjølvforsyning, noko som er særleg uheldig når vi får eit meir uføreseieleg klima.

Annonse

Fleire naturkatastrofar betyr at vi ikkje alltid kan rekne med å få importvarer når vi treng dei. Om Sentral-Europa vert råka av tørke og omfattande avlingssvikt, så er det nettopp eigne ressursar som vil kunne berge både menneskeføde og dyrefôr. Vi risikerer å miste viktige ledd i matvareleveransen dersom vi ikkje blir betre på sjølvforsyning.

Ekstremvêret kjem hyppigare i framtida. Det gjer matproduksjonen meir ustabil, og difor er det viktigare enn nokon gong at jordbruket vårt er mangfaldig og kløktig på å utnytte areal.

Vestlandsforsking utfører mellom anna forsking på risiko knytt til eit endra klima. At tiltaka i Klimakur-rapporten ikkje tek høgde for at klimaet er i endring (kapittel 7.7), er i seg sjølv eit tankekors. Ein klimarapport lagt fram av eit klimadirektorat bør sjølvsagt ta utgangspunkt i at klimaet er i endring; utan dette premissen taper tiltaka truverd.

Forsking viser at klimaendringane truleg vil påverke norsk jordbruk og norske forbrukarar på to måtar: ved at den globale matvareproduksjonen går ned, og prisane opp, men òg gjennom at vilkåra for matproduksjon blir verre i vårt eige land.

I begge tilfelle kan utviklinga berre påverkast gjennom rask omstilling av matproduksjonen. Denne snuoperasjonen er krevjande i seg sjølv, og medan vi strevar med den, er det viktig at vi ikkje legg stein til byrda ved å kutte ned på det vi har av dyrka mark.

Ekstremvêret kjem hyppigare i framtida. Det gjer matproduksjonen meir ustabil, og difor er det viktigare enn nokon gong at jordbruket vårt er mangfaldig og kløktig på å utnytte areal.

Å ha dyr på beite i fjell og utmark i all slags vêr er slik sett blant det mest robuste som finst. Samstundes kan opne åkrar og drift på innmark gjere oss meir klimasårbare når bøndene både må takle tørke og mykje nedbør i same sesong, og i verste fall på kritiske tidspunkt i innhaustinga – nok ein grunn til å ta vare på all matjorda dei før oss strevde hardt for å opparbeide.

Når ein ser på dei samla konsekvensane av Klimakur sitt kjøtreduserande tiltak, er det nokså tydeleg at det både vil svekke sjølvforsyningsevna og gjere samfunnet vårt mindre motstandsdyktig mot klimaendringar.

Difor vil eg utfordre staten, i lag med rådgjevande organ, til å tenke meir heilskapleg om klimakutt. Det viktigaste er å sjå kutta i samanheng med klimaendringane vi står overfor. Klimakutt i statleg regi må, som eit minstekrav, unngå å gjere klimaendringane til eit større problem.

Då eg tok over garden, var det med håp om å halde fram med sauer og lam. Eg ville drive i samspel med naturen, tilpassa ressursgrunnlaget på eit areal som ikkje tillèt stordrift, men der mange små driftseiningar sikrar biologisk mangfald i kulturmark og gjer bygda levande og innbydande.

Klimakur gjer meg usikker på kva Noreg vil med meg og garden eg har kome heim til. Men ein ting veit eg: å sikte klimakuren inn på småbønder som meg, vil ikkje gjere pasienten godt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Energiproduksjon og luftens baroner