Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimaendringar og berekraftig kornproduksjon

Vi har store klimaendringar i vente som vil få store konsekvensar, ikkje minst for landbruket. Korleis kan landbruket tilpasse seg desse endringane, og likevel halde fram med å produsere nok mat på ein berekraftig måte?

Korn: Klimaendringane påverkar matproduksjonen, og det vil vera store vêrvariasjonar frå år til år. Foto: Mariann Tvete
Korn: Klimaendringane påverkar matproduksjonen, og det vil vera store vêrvariasjonar frå år til år. Foto: Mariann Tvete

I prosjektet «Klimarobust landbruk» (finansiert av Oslofjordfondet, Vestfold og Telemark fylkeskommunar og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark) har Meteorologisk institutt og Telemarksforsking studert korleis kornproduksjonen i Vestfold og Telemark kan styrkast i møte med klimaendringar.

Klimaendringar påverkar det norske landbruket både positivt og negativt. Det blir lengre vekstsesong, men òg meir nedbør og meir ekstremvêr. Auka temperatur gir moglegheiter for større avlingar, men òg for nye skadevaldarar.

Meir nedbør kan få svært ulike følgjer avhengig av når på året auken kjem. Mykje regn vår og haust kan skape problem under såing og innhausting. Meir intens nedbør kan gjere skade på både jord og avlingar, og lengre periodar utan nedbør kombinert med høge temperaturar og auka fordamping kan gi tørke.

Verknadene av klimaendringane på landbruket er komplekse, og for å lære meir er det naudsynt å sjå meir i detalj, både på klimaendringar i ulike regionar, og på korleis dei verkar inn på einskilde vekstar.

Meteorologisk institutt har utarbeidd klimaindeksar for kornproduksjon i Vestfold og Telemark og sett på historiske og framtidige endringar i desse. Indeksane skal hjelpe kornprodusentar med å forstå kva dei har i vente, tilpasse seg eit endra klima og førebygge avlingstap.

Den globale oppvarminga som no skjer fører til varmare klima i Vestfold og Telemark. Som følgje av auka temperatur, er den termiske vekstsesongen berekna å auke med omkring ein månad i jordbruksområda i Vestfold og Telemark. Dette gir òg ei auke i talet på vekstgraddagar.

Det kan sjå ut som vi kjem til å få mindre sommarnedbør i områda der det i dag blir dyrka korn. Dette gir auka risiko for tørke, særleg når det samtidig blir varmare slik at fordampinga aukar. Våren kan bli våtare enn no, og hausten tørrare.

Dei to ekstremåra vi hadde i 2017 og 2018 er eksempel på at det framleis vil vere store variasjonar frå år til år.

Annonse

Basert på intervju med ti kornprodusentar er fem viktige tiltak for å gjere kornproduksjonen meir klimarobust: 1. ta vare på og styrke jorda, 2. spreie og redusere risiko ved mellom anna å dyrke fleire ulike vekstar, 3. få gjort rett jobb til rett tid, 4. vidareutvikle lokal kunnskap og 5. styrke kornøkonomien, for å sikre likviditet til nødvendige investeringar i bl.a. maskinar, lager og tørker.

Landbruket må lære å utnytte dei positive og førebygge eller tole dei negative effektane av klimaendringar.

Den praktiske tilpassinga som blir gjort stemmer langt på veg med det forskarar tidlegare har peika på som nødvendig.

Norske landbruksmiljø, dei som driv konvensjonelt inkludert, er meir opptatt av jordhelse og det å ta vare på og bygge jorda, enn på lenge. Grøfting og vatning, og ikkje minst karbonfangst i jord, bruk av vekstskifte og tilpassa val av vekstar og jordarbeidsmetodar har fått aukande interesse.

Samtidig som vi bygger ny kunnskap om jord og om klima, kan vi bruke den kunnskapen vi allereie har i større grad og på andre måtar enn før.

Kanskje kan vi kombinere jordkart og tilpassa klimaindeksar, og sjå finmaska norske produksjonsareal med nye auge. Kanskje kan kombinasjonen av jord- og klimadata hjelpe oss til å oppdage nye nisjar, tenke nytt om kva som lønner seg å produsere kvar, og korleis.

Kanskje kan eksisterande kunnskap, kombinert og presentert på ein ny måte, bidra til å auke den norske sjølvforsyninga, styrke matsikkerheita, og svare på matforbrukstrendar som etterspør meir, særleg vegetabilsk, mat på lokale ressursar. Klimaendringar bidreg til at optimal ressursbruk i dag og i framtida, kanskje er annleis enn før.

Landbruket må lære å utnytte dei positive og førebygge eller tole dei negative effektane av klimaendringar. Då trengst kunnskap om kva klimaendringar inneber for landbruket, ideelt sett tilpassa ulike produksjonar og lokalområde, og eit verkemiddelapparat som stimulerer til god agronomi og berekraftige prioriteringar økonomisk, sosialt, og miljømessig.

Verkemidla i jordbrukspolitikken nasjonalt og regionalt må tilpassast for å støtte tiltak som rustar matproduksjonen i møte med eit endra klima, og som premierer produksjonsmåtar som speler på lag med naturen og bruker dei lokale ressursane best mogleg.

Landbruket treng meir, tilpassa og tilgjengeleg kunnskap om jord og arealbruk, vêr og klima. Slik kan bøndene halde fram med å produsere god og næringsrik mat på norske ressursar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Klimakur med skinndebatter