Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kartbaserte målingar gjev svar om faktisk nedbygging

Ein ny berekningsmetode Nibio har testa ut, vil gje meir presise tal for kor mykje jord som byggast ned, og kva kvalitet jorda har.

Det vil vere uheldig å operere med fleire ulike tal på årleg nedbygd jordbruksareal, skriv kronikkforfattaren. Foto: Lars Johan Wiker
Det vil vere uheldig å operere med fleire ulike tal på årleg nedbygd jordbruksareal, skriv kronikkforfattaren. Foto: Lars Johan Wiker

Med eit tydeleg og innskjerpa jordvernmål aukar behovet for gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk vert bygd ned kvart år. Grunna ulike tal på nedbygd matjord vert det i leiarartikkel i Nationen 4. februar og svar frå landbruksministeren 8. februar stilt spørsmål om korleis ein skal måle nedbygginga.

Så langt er det tal frå det nasjonale rapporteringssystemet Kostra som vert brukt som mål på årleg nedbygging av jordbruksareal. Gjennom Kostra skal kommunane melde inn kor mykje dyrka jord som er planlagt omdisponert. Rapporteringa er basert på planlagt utbygging.

Ein veit ikkje kva tid den planlagde utbygginga faktisk skjer. Derfor kan det ta år frå dyrka jord vert meldt som omdisponert til utbygginga startar. Vidare er det ikkje all nedbygging som vert rapportert. Nedbygging til landbruksføremål er til dømes ikkje omfatta av Kostra-rapporteringa. Det same gjeld mindre omdisponeringar som kan gjerast utan reguleringsplan. Ein kan heller ikkje utelukke svikt i rapporteringa.

Ved å samanlikne kartkjelder over tid vil ein derimot få gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk er bygd ned. Gjennom eit tidlegare prosjekt har SSB i samarbeid med Nibio sett på nedbygging over ein tiårsperiode. Det munna ut i rapporten Nedbygging av jordbruksareal som kom ut i 2017.

Ein av konklusjonane var at ein treng tettare oppdatering av enkelte sentrale kartkjelder for å få presise tal på årleg nedbygging av dyrka jord. SSB har sett nærare på dette, og i notatet som vart publisert i januar er det presentert tal for nedbygging i perioden 2016-2019. Her finn ein høgare tal for nedbygging av dyrka mark enn det som er meldt inn gjennom Kostra.

Annonse

Forskjellane må forklarast dels med etterslep frå planlagt omdisponering til faktisk nedbygging, og dels med nedbygging som ikkje er rapportert.

Utfordringa er å få gode tal på nedbygginga som har skjedd siste år. Skal vi måle nedbygginga når ho faktisk skjer, er vi avhengig av heilt oppdaterte kartkjelder. På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har NIBIO undersøkt korleis dette kan gjerast. Vi har også sett nærare på korleis ein kan måle dei konsekvensane nedbygginga har for matproduksjonen. Rapport frå arbeidet vert publisert i desse dagar.

"Skal vi måle nedbygginga når ho faktisk skjer, er vi avhengig av heilt oppdaterte kartkjelder."

Ei sentral kjelde er arealressurskartet AR5, som viser eksisterande jordbruksareal. Dette er eit kart som Nibio held oppdatert i tett samarbeid med kommunane. Men sjølv om arealressurskartet viser kva som er jordbruksareal, så viser det ikkje kva som er utbygd. Til det må ein ty til andre kjelder.

I matrikkelen kan vi finne kva som kjem til av nye bygningar. Etter matrikkelforskrifta skal alle nye bygningar over 15 m 2 registrerast som punkt i matrikkelen. I tillegg går det fram kva type bygning det er tale om. Dermed kan ein finne om det er bustad, industri eller landbruk som er årsak til nedbygginga.

Vegar vert på si side kartfesta systematisk i Nasjonal vegdatabank etter kvart som dei er ferdigstilte.

Ved å kople nye bygningspunkt og nye vegar mot arealressurskartet AR5, vil vi få eit estimat på kor mykje jordbruksareal som er bygd ned år for år. Eksakt fasit får vi likevel ikkje. For det fyrste er det eit visst etterslep ved registrering av bygningspunkt i matrikkelen. For det andre står bygningar og vegar berre for om lag 75 prosent av nedbygginga. Den resterande fjerdedelen kan vere parkeringsareal, idrettsanlegg eller andre typar anlegg utan bygningar, og vert normalt ikkje fanga opp i kartet før det er gått nokre år.

Det vil vere uheldig å operere med fleire ulike tal på årleg nedbygd jordbruksareal. Men ved å bruke ein kombinasjon av førebels tal basert på bygningar og vegar som er registrert siste år, og meir fullstendige tal som fyrst vil vere tilgjengeleg eitt eller to år seinare, vil ein komme nærare sanninga.

Vidare handlar jordvern om meir enn kvantitet. Skal vi sikre matproduksjon for framtida, må vi òg ta omsyn til kvaliteten på jorda. Jordbruksareala i Noreg har eit stort spenn i klimatiske tilhøve, frå areal i søraust som er godt egna til produksjon av matkorn, til areal lengst nord og oppunder tregrensa, der ein ikkje kan hauste meir enn ei grasavling i året.

Likeins er det stor variasjon i jordsmonnet, frå djup og næringsrik morenejord til dyrka myr og grunnlendte innmarksbeite. Når vi kan kartfeste kvar nedbygginga skjer, kan vi òg seie noko om kvaliteten på jorda som er bygd ned, og kva klimasone ho ligg i. Då kan vi synleggjere konsekvensane for matproduksjonen, samt føre rekneskap over den knappe ressursen som matjorda vår er.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Regjeringen vurderer regler fortløpende