Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan glyfosat vere skuld i insektdøden?

Kan det vere at glyfosat, som ekspertane har halde for heilt harmlaust i om lag 40 år, likevel har ei skremmande skuggeside?

Me veit så lite om mangfaldet av liv her på jord – og korleis alt dette samspelar, skriv Nils Jakob Drivdal. Her blir det sprøyta mot kveke. Foto: Erling Fløistad / Nibio

Nye tankar slo ned mellom dei vel 100 forskarane og birøktarane som var samla til SICAMM – konferansen i Avimore i Scotland ein septemberdag i 2009. Me hadde nettopp høyrt eit innlegg frå dei unge mikrobiologane Dr. Alejandra Vásquez and Dr. Tobias Olofsson. Olofsson hadde vore hjelparen til bestefar sin, som var birøktar, og denne hadde slege føre at nokon måtte røkje etter kva slag mikroorganismar som fanst i biene sin honningmage. Då dei to unge forskarane skulle velje doktorarbeid, var det just dette dei tok fatt på – og det med hjelp av det nyaste verktyet for DNA-analysar.

Resultata deira vart no lagde fram for oss. Og det var forvitneleg: om lag hundre nye og ukjende mjølkesyrebakteriar hadde dei funne. Det var klart at desse hadde viktige oppgåver for biene si melting og næringsopptak – ja truleg og liv og helse. Biene sin honningmage er sosial, og kan reknast som folket si felleseige. Den einskilde bia har ein liten magemunn inne den, der ho kan ete av lasset for seg sjølv.

Difor vil mikroorganismane i meltingssystemet vere sams for heile bifolket. Dermed hadde me birøktarar ei mogleg forklaring på fenomen vi lenge hadde undrast over, mellom anna kvifor biene nokre gonger vel skite vatn framfor reint, eller kan setje seg på ei fersk kuruke: biene, med sine skarpe sansar, kan truleg identifisere bakteriane som er nyttige for dei!

Og til den gåtefulle biedøden – som var eit uforståeleg fenomen den gongen – kunne det tenkast at det var skade på nyttige mikroorganismar som var årsaka? Og ville ein i så fall ikkje kunne vente liknande skade hjå andre insekt?

Noko meir svar fekk me ti år seinare. Ein meiner no at glyfosat verkar gjennom å skade eit system som planter brukar til næringsopptak - dermed døyr plantene. Insekt og dyr, slik som menneske, har ikkje dette systemet, og vert difor ikkje direkte skada. Men mange mikroorganismar – som soppar og bakteriar, som er sjølve fundamentet for livsmangfaldet, (mellom anna slike som vert bruka i melting og kan vere livsviktige) vert skada.

I september 2018 la Dr. Nancy Moran ved universitetet i Austin i Texas to studiar som tyder på at glyfosat skadar honningbier gjennom å drepe viktige bakteriar som biene har i honningmagen. Forskarane trur at desse bakteriane mellom anna trengst til å styrke biene sitt immunforsvar, mellom anna gjennom å bryte ned skalet på pollenkorn. Eit par forsøk synest å stadfeste dette – utan at ein enno veit nok om det som verkeleg hender ute i den mangslungne naturen.

Det kan vere god grunn til å ottast for at svært menge andre insekt enn honningbier skadast på same vis – i alle fall dei som lever av pollen og nektar – men truleg og rovdyr og rovinsekt som lever på dei. Insekt vert borte. Vert fuglane det neste?

Annonse

Fleire forskarar, mellom anna Dr. Maria Finckh ved universitetet i Kassel, uroar seg over kva verknad glyfosat kan ha på det stort sett ukjende jordlivet. Nokre bakteriar og soppar er kjenslevare for glyfosat – andre ikkje. Det fører i alle fall til skipling i jamvekta mellom dei. Me veit at jordmikrobane spelar ei grunnleggande rolle både for karbonkrinslaupet og for næringskrinslaupet. Nye katastrofar kan i verste fall vente på oss her.

Kan det vere at glyfosat, som ekspertane har halde for heilt harmlaust i om lag 40 år, likevel har ei skremmande skuggeside?

Som kjent er det ikkje berre glyfosat, men og tusenvis av andre, naturframande kjemikaliar som verkar inn og kan skade. Det mest skremmande er at me veit så lite om mangfaldet av liv her på jord – og korleis alt dette samspelar. Me gjeng som inn i eit mørkt rom, der me veit at det er farlege hol i golvet, men me ser dei ikkje, og veit ikkje kvar dei er.

Men det er den uhorvelege mengda glyfosat som uroar. Sidan stoffet i drep alle vanlege planter, vart det først berre brukt til å drepe ugras mellom nyttevekstar og å førebu nyplanting, slik det enno vert nytta i Noreg. Men utpå 90-talet, då genmanipulert mais, soyabønner, og bomull med meir, som kunne tole glyfosat vart utvikla, eksploderte bruken og mengda i mange land. Då kunne ein berre sprøyte over det heile, gjerne frå fly, så alt ugras forsvann.

Berre dei genmanipulerte nyttevekstane stod att. Påfallande nok var det frå den same tida biedauden vart observert – men og nokre menneskesjukdommar tok til å auke i omfang. Denne store auken i bruken av glyfosat har vi ikkje hatt i Noreg, ettersom vi har hindra innføring av GMO-planter.

Ei von kan vi enno ha: Livet har i seg sjølv ein kampstrategi klar for å greie alle slag kriser: Det er genetisk mangfald, og måtane dette utviklar seg på. Difor er det kan hende bra å bruke verkemiddel som fremjar livsmangfaldet i landbrukspolitikken. Til dømes bruke meir aktivt dei gamle kurasane, slik småbrukarlaget ser føre seg?

Ein bør og kunne sjå at alt avlsarbeid, der ein vel ut eit lite tal individ som gjev mest profitt i augeblinken, avlar på dei, og let det andre gå til grunne, kan vise seg å vere øydande i framtida.

Kan det vere at glyfosat, som ekspertane har halde for heilt harmlaust i om lag 40 år, likevel har ei skremmande skuggeside? En kan merke seg at DDT vart halde for harmlaust i drygt 50 år, før ein såg skaden i det. Kan me lite på systema våre for varsling med omsyn på dei tusenvis av nye, naturframande kjemikaliane som me har teke til å sleppe ut i naturen dei seinare åra?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjær, egg og hanekylling til påske