Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grunninntekt - eit egna system for alle politiske fargar

Grunninntekt fungerar godt saman med all demokratisk politikk.

Alle parti: Ein skulle tru at ei heftefri grunninntekt lett kunne inkluderast i programma til både raude, grøne og blåe parti, skriv forfattaren av kronikken. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Alle parti: Ein skulle tru at ei heftefri grunninntekt lett kunne inkluderast i programma til både raude, grøne og blåe parti, skriv forfattaren av kronikken. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Eit aukande prekariat og byråkrati, dårlege vilkår for gründarar og studentar, Nav-skandalen med mer burde rydde veg for ei populær ordning som grunninntekt, men enno er ikkje denne viktige økonomiske reformen løfta opp i dei politiske partia.

I 2019 tok dei rikaste eit endå fastare grep om totalformuen i landet. Kanskje eit resultat av det ekstra kontantbidraget frå regjeringa dei har fått dei siste åra?

Ein studie frå London School of Economics dokumenterte i fjor at me andre ikkje vil nyte godt av at dei rike blir enda rikare.

Dei negative effektane av at ingen fell under eit minimumsnivå for livsopphald, er derimot godt dokumentert. Dette er ein viktig faktor i forklaringa på kvifor dei best utvikla velferdssamfunna òg er blant dei rikaste til tross for mangel på naturressursar. Dette er mest alle einige om, og ein skulle tru at ei heftefri grunninntekt lett kunne inkluderast i programma til både raude, grøne og blåe parti.

Noko overraskande for oss som tenkjer slik, landar likevel alle desse partia på å støtte eit sinnrikt system som sjølv dei som forvaltar det slit med å følgje reglane til. Dette velferdssystemet sender ein raskt til botnen før ein kan bli verdig hjelp og har få effektive mekanismar for retur til arbeidslivet for dei som fell. Dei mest utsatte gruppene er unge og lavtlønte, gjerne med lita utdanning. Denne fattigdommen har utvilsomt store kostnadar.

"Det er merkeleg at me brukar så mykje tid og krefter på å regulere velferdsnivået til dei fattige, medan skattelettar kan avtalast over ein kaffekopp."

Det er derfor merkeleg at me brukar så mykje tid og krefter på å regulere velferdsnivået til dei fattige, medan skattelettar kan avtalast over ein kaffekopp. Grunninntekt kan òg i prinsippet avklarast på ein lunsj og passar inn i alle fasettar av politiske idear. Dessutan tilbyr me ei ordning der det lønar seg å jobbe.

Kva er så ei heftefri grunninntekt? I teorien er det ein fast sum til alle. I røynda vil denne summen enkelt bli skatta vekk om ein tener mykje. Ei heftefri grunninntekt er ein politisk og sosial reform med dokumenterte konsekvensar i form av auka livskvalitet og kreativitet, betre helse og mindre rusbruk. Etablering av ein økonomisk plattform for alle fører med seg minka ulikhet og auka tillit, som er nokon av dei viktigaste verdiane eit velferdssamfunn byggjer på.

Annonse

Historisk har ideen om det arbeidande mennesket vore viktig for samkjensla i arbeidarrørsla og kva rang dei fortente i samfunnet. Sidan er solidariteten utvida til å gjelde nye grupper i vanskelege livssituasjonar uavhengig av årsak. For dei raude bør grunninntekt vere eit naturleg val for å betre levekåra og livskvaliteten til både lavtlønte og dei som fell utanfor arbeidslivet.

Martin Luther King jr. var ein sterk tilhengar av grunninntekt. At det var den konservative, republikanske presidenten Richard Nixon som løfta grunninntektstanken i USA opp på regjeringsnivå, visar at politisk ståstad ikkje er avgjerande. Hans fascinasjon kom frå ønsket om mindre byråkrati, noko dei blåe partia i Noreg òg synest å meine er ein god ide.

Etter åtte år ved makta har byråkratiet likevel berre vokse og ber bod om at dei kanskje treng andre verkty enn dei som har vore i bruk. At grunninntektsideen lev i konservative miljø, visar modellarbeidet utarbeida av Civita. Det kan dessverre virke som dei har lykkast dårleg i å overbevise den blåe leir om at dette er vegen å gå, og Trellevik sin nylege hyllest av milliardærane var eit kjedeleg steg i feil retning.

Rett nok har Venstre flørta med tanken i mange år, men utan å ta skikkeleg tak for å omvende andre blåe til å tenkje likeins.

Frå grønt hald er det sterke ønskje om ein høg karbonpris ikkje foreineleg med dei sosiale konsekvensane det får. Klimabelønning er ein naturleg løysing som først blei etablert i Kanada og ser ut til å slå rot hos fleire parti uavhengig farge. Her delast ut ein kontantsum til alle, ikkje så ulikt prinsippa bak grunninntekt. At dette får auka popularitet, er bra både for klima og den sosiale profilen.

MDG har i årtier hatt grunninntekt i programmet, men støtta frå eit stort mindretal i partiet har dessverre ikkje vore nok til å opne for grunninntekt i praktisk økonomisk politikk. Grunninntekt vil slå effektivt ut på skuldingane om dårleg sosial profil i miljøpolitikken til MDG og dempe kritikken slik at anna miljøpolitikk kunne prioriterast.

Medan MDG i 2015 fekk mykje kritikk for eit forslag om grunninntekt i lokal valuta, har Sør-Korea no innført ein tilsvarande ordning. Det lokale næringslivet og mottakarane verkar svært nøgde. Forslaget til MDG var truleg uferdig, men kritikken ser likevel ut til å vere forhasta då ordninga kunne ha modnast til same suksess som i Sør Korea.

I tillegg til uløna vil innretninga av ei grunninntekt nødvendigvis kome dei lavtlønte mest tilgode og det er vanskeleg å forstå at fagrørsla og bondeorganissasjonane ikkje møt grunninntektidene med meir openhet. Det er deira medlemmer som vil bli vinnarne i grunninntektsamfunnet.

Truleg vil universelle ordningar bryte med mønsteret bak det behovsprøvde samfunnet som er tufta på målretta støtte. Men når målrettinga blir så komplisert at ein bommar på målet er det både rimeleg og fornuftig å peike på ein universalitet som treff mykje betre.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ein heilt vanleg retorikk