Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grenselaus katastrofe

Når forskarane registrerer gift i organismar i Arktis er ikkje årsaka giftige utslepp i Arktis.

Kvalsund i Finnmark. Det er i Kvalsund kommune regjeringen vil tillate sjødeponi. Foto: Allan Klo / NTB scanpix
Kvalsund i Finnmark. Det er i Kvalsund kommune regjeringen vil tillate sjødeponi. Foto: Allan Klo / NTB scanpix

Gjennom internasjonale forhandlingar, leia av Jens Evensen og hans høgre hand Arne Treholt, fekk Noreg i 1982 råderett og forvaltingsansvar for havområde sju gonger større enn fastlandet.

Om lag 95 prosent av levande marine organismar har tilknyting til kysten. Dei store oseaniske fiskebestandane i Norskehavet og Barentshavet har sine gytefelt og oppvekstområde på kysten og i fjordane. Dette er verdas mest produktive økosystem (Havforskingsinstituttet).

Eksporten av marin mat frå Noreg var i 2018 på over 100 milliardar kroner. Forbruket av marin mat innanlands kjem i tillegg. Dei fleste er vel einige i at det ville vere ei katastrofe om denne produksjonen skulle bli øydelagd og dei titusenvis av arbeidsplassar som den skapar skulle forsvinne.

Det er i denne kystsona regjeringa har vedteke å dumpe millionar av tonn med kvikksølv, bly, sink, kadmium, nikkel og krom (VG 17.02.19). Dumpeområda er Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark. Begge fjordane har status som nasjonale laksefjordar. Parallelt med desse politiske prosessane har det gått føre seg ein politisk prosess der ein ynskjer å gjere Oslofjorden rein ved å fjerne giftig deponi.

Giftstoff i havet er ikkje stasjonære. Trua på at ein kan avgrense enorme utslepp til ein liten del av ein fjord er i beste fall naiv. Straumar frå t.d. elvar og stormar, flo og fjære skapar rørsler både i øvre og nedre lag av ein fjord.

Ein fjord er ein del av havet og havstraumane heng saman over heile verdshavet. Levande organismar tek giftstoffa opp via næringa deira. Via næringskjedene/næringsnetta vert giftstoff som er lite nedbrytbare, frakta jorda rundt både i havet og på land.

Når forskarane registrerer gift i organismar i Arktis er ikkje årsaka giftige utslepp i Arktis. Desse giftstoffa akkumulerer (hopar seg opp) i næringskjedene. Mange av dei er registrerte som kreftframkallande. Øvst på dei fleste næringskjedene står mennesket. Rundt 1980 var prognosen for kreft i den norske befolkninga 25 prosent. I dag er prognosen at halvparten av det norske folk (50 prosent) vil få kreft.

Det vert òg hevda at ovannemnde giftstoff ikkje er giftige i kombinasjon med andre stoff. Det minner om då representantar for myndigheitene for berre nokre tiår sidan stod fram og hardnakka hevda at kvikksølv i amalgam ikkje var giftig. Då hadde bruk av amalgam i tennene vore ulovleg i Sverige i mange år. Er kunnskapsløysa i fedrelandet vårt framleis på det nivået?

Annonse

Det er ikkje noko nytt at ein politikar sel både sjela og skjorta for ein ministerpost.

Tilstanden i havet er omtala i Newsweek 16. september 2015. Aftenposten omtalar denne verdsomfattande undersøkinga 11. desember 2015 under tittelen "Havets økosystemer på vei til kollaps". "En ikke bærekraftig forvaltning av marine ressursar, i tillegg til forurensning og andre menneskeskapte endringer kan føre til det eksperter mener er en kollaps av marine økosystemer. Nær halvparten av verdens marine arter er blitt utryddet i løpet av bare 40 år, ifølge en ny studie."

Det politiske spelet kan forklare mykje. Lokalt er lovnad om arbeidsplassar avgjerande, sjølv om saka har både lokale, nasjonale og internasjonale konsekvensar. Så startar arbeidet med å overtale sentrale politikarar og leiande i aktuelle departement.

Havforskingsinstituttet er fagleg instans når det gjeld havet. Deira rapport passa dårleg for dei som håpa på nye arbeidsplassar. Løysinga er den nye vekstnæringa som produserer konsulentrapportar som bestillingsverk. Konklusjonen er på førehand klar og dannar utgangspunktet for resten av innhaldet i rapporten.

Innhaldet i rapportane treng ikkje vere direkte usant. Problemet er det som ikkje står der. Alle politiske nivå kan bestille slike rapportar til liks med selskapet som søkjer om løyve. Desse rapportane dannar så grunnlaget for den politiske debatten og vedtaka på dei ulike nivå. Den faglege instansen sin rapport treng ein ikkje lenger bry seg med. Dei som prøver blir ofte sett på som bakstreverske og lite samarbeidsvillige og går ei usikker politisk framtid i møte.

Det er ikkje noko nytt at ein politikar sel både sjela og skjorta for ein ministerpost. Det nye er at ei samla regjering til dei grader demonstrerer kunnskapsløyse og ansvarsløyse med grenselaus katastrofe som framtidig fullt mogleg resultat.

I 2008 kom Havressurslova (Lov om forvalting av viltlevande marine ressursar). Lova sine to første forvaltingsprinsipp er:

a) ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer,

b) ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfald.

Vedtaka om å tillate enorme utslipp av giftstoff i havet er ikkje i samsvar med Havressurslova. Spørsmålet er om eit vedtak fatta i strid med landet sine lover, er lovleg fatta?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Klimadebatten: Hvor er landbrukets lederskap?