Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

God distriktspolitikk inneber bruk, ikkje forbruk, av natur

I dagens oppheita diskusjon rundt klimakrise, naturkrise og næringsutvikling får ein inntrykk av at dei to fyrste ikkje let seg kombinera med det siste.

Må ta grep: Den nye regjeringa må ta grep om dei ønsker ein kunnskapsbasert og berekraftig bruk av norsk natur, skriv forfattarane av kronikken. Foto: Mostphotos
Må ta grep: Den nye regjeringa må ta grep om dei ønsker ein kunnskapsbasert og berekraftig bruk av norsk natur, skriv forfattarane av kronikken. Foto: Mostphotos

Fordi næringsutvikling er viktig, og at det meste av natur faktisk finst i distriktnoreg, vert det skapt eit skilje mellom god distriktspolitikk og god forvaltning av natur. Ein slik argumentasjon er etter vår meining heilt grunnlaus.

Denne påstanden byggjer vi på eit århundre-gamalt mantra: “Garden skal overlatas i betre stand til neste generasjon enn den var då du tok over.” På same måte skal me ikkje overlate naturmiljøet til neste generasjon fattigare. Dette er sjølve grunnsteinen i bærekraftig bruk av ein kvar ressurs som baserar seg direkte eller indirekte på natur, det vil seia det aller meste av det me menneska syslar med.

La det være sagt med ein gong: Dette handlar ikkje om ulv. Diskuter gjerne framtida til norsk gråbein på kammerset i Hurdal. Men, ikkje la det overskygga tema som verkelig er viktig for naturmangfaldet. Det store spøkelset er ein auke av arealkrevjande aktivitetar og store tekniske inngrep og korleis dette påverkar naturmangfald, økosystem og vår og framtidige generasjonar sine moglegheiter til å hausta av naturen sine goder.

Verktøya som politikarar og forvaltinga skal bruka i vedtak om naturinngrep er overraskande mangelfulle. Den nye regjeringa må derfor ta grep om dei ønsker ein kunnskapsbasert og berekraftig bruk av norsk natur.

Dessutan er ulven eit veldig dårlig døme på det verkelege problemet. Få eller ingen andre artar i Noreg har vel eigentlig noko tilsvarande apparat og ressursar kring kunnskapsinnhenting rundt seg.

Det er meir relevant å peika på det store fleirtalet av artar og naturtypar som vi i dag ikkje har nok kunnskap om. Denne store mangelen på kvantitativ kunnskap om naturen vår gjer at me veit lite om årsakane til endringar i naturmangfald, anten dei er naturlege eller menneskeskapte. Og viktigare: vi er ikkje i stand til å seia kva som er den beste og mest bærekraftige bruken av natur.

Annonse

Det er heilt avgjerande at dette ikkje vert sett på som eit problem for “urbane verneinteresser”. Dette handlar ikkje om å konservera naturen. Det handlar om korleis vi kan bevara naturen som vårt felles livsgrunnlag, uavhenigig av om vi bur i by eller i distriktsnoreg, og noko vi kan hausta av og dra nytte av i generasjonar framover.

"Menneske og natur har vore samanvevd og påverka kvarandre i all den tid vår art har eksistert."

Menneske og natur har vore samanvevd og påverka kvarandre i all den tid vår art har eksistert. Dei siste 12.000 åra har menneska innteke dei fleste stadar på jorda, med dramatiske endringar i naturmiljø som resultat. Også mykje av vår eigen heimlege natur er i stor grad forma gjennom tusener av år med samspel mellom menneske og natur.

Naturinngrep er altså ikkje noko nytt. Men, dei industrielle kapasitetane og tekniske mogleheitane vi har til å gjere endringer i naturmiljøet raskt og i stor skala er av ny dato. Og desse moglegheitane for å gjera uboteleg skade på natur har i aukande grad vorte utnytta dei siste tiåra.

Når problema blir samansatte og mange interesser må vegas opp mot kvarandre, må vi gå metodisk til verks. Vi må kontinuerlig og systematisk samla, evaluere og ta i bruk kunnskap og setjae konkrete mål.

Eit godt døme til inspirasjon kan være korleis vi jobbar med sikkerhet i trafikk. Det er konkrete og målbare visjonar for sektoren. Det vert det systematisk samla inn data og informasjon, dag ut og dag inn. Denna informasjonen vert analysert og kunnskapen frå dette implementert i planlegging og utbygging, lover og regelverk, for å koma nærare den konkrete målsettinga.

Samanlikninga mellom trafikk og natur er sjølvsagt ikkje heilt rettferdig. Økosystem og naturmangfald er mykje meir komplekse enn trafikk. Likevel, korleis ein systematisk kan samanstilla og bruka informasjon for å koma nærare ei konkret målsetjing er ikkje ulik. Men, vi manglar ei slik systematisk kunnskapsoppbygging om konsekvensar avinngrep i norsk natur. Dette gjer at forvalting av natur i svært stor grad er basert på anekdotar og myter i staden for forskingsbasert fakta.

Tilgang på natur og velfungerande økosystem er ein føresetnad for ei grøn omstilling og ein bærekraftig distriktspolitikk. Vi har ei plikt overfor framtidige generasjonar til å sikra dei ein natur som gjev same moglegheiter som tidlegare generasjonar har hatt til å dra nytte av dei godar som naturen gjev. Då må vi forstå korleis vi endrar naturen. Den nye regjeringa må difor raskt starta ei kunnskapsoppbygging som gjev oss moglegheit til ein bærekraftig bruk av ein så viktig ressurs som norsk natur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Distriktskommunene rammes hardest av fastlegekrisen