Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gi oss ein god miljøpolitikk for heile landet!

Politikarane må bli flinkare til å snakke om miljøtiltaka som trengst i heile landet. Her er våre framlegg.

Klimastreik: Det har blitt arrangert klimastreik over 100 stader i 2019. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Klimastreik: Det har blitt arrangert klimastreik over 100 stader i 2019. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det siste året har barn og unge vist kor sterkt me ønsker å ta vare på livsgrunnlaget vårt. I løpet av 2019 har det blitt arrangert klimastreikar over 100 stader, frå Mandal i sør til Longyearbyen i nord. Nesten 70 000 har deltatt til saman.

I resten av verda har fleire millionar barn og unge gjort det same, i nesten 150 land og på alle verdas kontinent. Eit liknande grasrotengasjement for miljøet har verda aldri sett makan til.

Vår bekymring for framtida er velgrunna: Me ser allereie korleis klimakrisa rammar menneske over heile verda, også i Noreg. Skogbrannane og tørken i fjor sommar viste at også her i Noreg vil klimakrisa bli krevjande å handtere. Bønder som lever tett på naturen merker allereie kor dyrt meir ekstremvêr vil bli. Det hastar å gjere noko no, før det er for seint!

Det er heldigvis ikkje slik at det manglar tiltak eller teknologi til å få løyst klimakrisa, men vilje og prioriteringsevne hos politikarane. Er det ein ting grasrotengasjementet for miljø viser, så er det at politikarane har klar støtte frå barn og unge til å gjennomføre dei nødvendige tiltaka. Men det er også viktig å få fram at det trengst ulike tiltak ulike stader.

I det offentlege ordskiftet om miljø er det eit par saker som ofte dominerer, særleg kjøt og bompengar. Det gjer at det av og til blir bygd ei kunstig motsetning mellom miljø og distrikt i dagens miljødebatt.

Me trur ikkje me får ein god miljødebatt gjennom å sette bønder som driv med husdyrhald opp mot vegetarianarar, eller syklande i byane opp mot pendlarar i distrikta. Det handlar om å skape eit samfunn kor alle, uansett kor dei bur, lett kan leve miljøvenleg. Og alle skal sjølvsagt bidra, uansett om dei bur i byen eller på bygda.

Engasjementet over heile landet viser at det å vere opptatt av miljøet ikkje er eit byfenomen, men noko som engasjerer barn og unge i heile landet. Natur og Ungdom og Norges Bygdeungdomslag etterlyser derfor at regjeringa og partia på Stortinget kjem med tiltak som gjer at heile landet blir med i dugnaden for å løyse klimakrisa og ta vare på naturen. Fem konkrete tiltak er:

1. Gjer det lett å sykle, gå og køyre kollektivt i heile landet

I dag blir bilen det mest praktiske valet mange stader, fordi det ikkje finst gode alternativ. Staten bidrar i dag med pengar til kollektivtransport og sykkelvegar i dei største byane gjennom påskjøningsordninga for kollektivtransport og byvekstavtalene, og det er eit viktig tiltak.

Derimot er det mange stader utanfor dei største byane at ungdom ikkje kan reise kollektivt fordi bussen nesten aldri går. Statens finansiering av miljøvenlege reiser bør utvidast til å også gjelde mindre byar og tettstader. Kommunane på sin side bør satse på god arealpolitikk som legg arbeidsplassane, skulane og tenestene nært der folk bur.

Annonse

Me trur ikkje me får ein god miljødebatt gjennom å sette bønder som driv med husdyrhald opp mot vegetarianarar, eller syklande i byane opp mot pendlarar i distrikta.

2. Støtt lokale bønder og lokalprodusert mat

At maten skal transporterast over halve kloden før den hamnar på middagstallerkenen din fører til store klimagassutslepp. Derfor bør du velje lokalprodusert mat, for då veit du også kor den kjem frå og kan vite om dyra har hatt det godt. Politikarane må satse på det lokale jordbruket gjennom ein jordbrukspolitikk som gjer det meir lønsamt å dyrke frukt og grønt i Noreg, og bruke gras- og utmarksressursar til kjøtproduksjon.

Kjøt frå dyr som har ete gras og gått på beite er god ressursnytting, og nå i juletida bør du prøve å finne pinnekjøt frå sau. Det er mykje sauekjøt på fryselager, og det blir for dumt om me skal prisdumpe det i fattigare land. Her etterlyser me også at Nortura, foredlingsbedrifter og matvarekjedene gjer sauekjøtet meir tilgjengeleg slik at forbrukarane faktisk kan få tak i godt sauekjøt.

3. Bygg i norsk tre

Skognæringa vår kan levere miljøvenlege og kortreiste råvarer til nye bygg, samt renovering av eldre bygg. Gjennom å bygge i tre lagrar ein karbon, og unngår også å bruke stål og betong som gir store klimagassutslepp i produksjon. Politikarane bør derfor stille krav om å bruke norsk tre i byggeprosjekt, for det ligg mykje makt og miljøpolitikk i offentlege innkjøp. Dette vil vere bra både for miljøet og arbeidsplassar i distrikta.

4. Få ned forbruket

Det høge materielle forbruket vårt er ein viktig grunn til at utslepp, forureining og at naturressursane blir brukt opp. I Noreg liker me å tru at nøysemd er ein viktig verdi, men me må erkjenne at me lever i ein forbruksfest, og at me er nøydd å bli flinkare å gjenbruke, reparere og kjøpe brukt.

Politikarane bør derfor sørge for at bruk av nye naturressursar blir dyrare, samstundes som ein til dømes fjernar meirverdiavgift på reparasjon og utleige. Politikarane må også stille krav om at produkt skal ha lenger levetid, og at me som forbrukarar får lenger frist på reklamasjon.

5. Gjer det attraktivt å kjeldesortere og sats på biogass

Rundt omkring i landet opplever mange av våre medlemmar at kommunane endå ikkje har fått god kjeldesortering. Alle kommunar bør derfor få på plass sortering av mat, plast, papir og metall. Det bør også etablerast fleire biogassanlegg som kan bruke husdyrgjødsel til å lage biogass. I dag finst eit storskalanlegg for biogass frå husdyrgjødsel i Vestfold, i tillegg til ein del mindre anlegg. Men i områda med mest husdyrgjødsel er det dårleg dekning.

Politikarane må legge til rette for at jordbruket kan bidra med gjødsel som ein ressurs og klimavennleg drivstoff, for slik kan møkka bli ein del av løysinga!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi er på lag for klimaet