Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Geitebønder - ein utryddingstrua rase

I åra eg har drive som geitebonde har over 1000 geitemjølkbruk slutta dyrehaldet og avvikla produksjonen.

Vidar Sandal er geitebonde og leiar  i Breim sau og geit er uroa over utviklinga i geitehaldet. Foto: Privat
Vidar Sandal er geitebonde og leiar i Breim sau og geit er uroa over utviklinga i geitehaldet. Foto: Privat

Den norske mjølkegeita er av våre eldste husdyr. Vi har siste 50 åra opplevd ei revolusjonerande utvikling på lik linje med mange andre husdyrslag.

Mjølkegeita har samtidig vore det husdyrslaget som har vore minst endra gjennom avl. Det er i hovudsak jur og mjølk som har vore utviklinga.

Eg er 51 år og har drive eigen mjølkeproduksjon i 30 år. I desse åra har eg sett mykje av endringa som har vore positiv, og då spesielt innan fôring og mekaniske tilpassingar.

Eg har samtidig sett at over 1000 geitemjølkbruk har slutta dyrehaldet og avvikla produksjonen. Vi er no er kun 270 enkeltbruk att som driv med mjølkeproduksjon i heile Norge!

Vi går mot å verte ei såkalla raudlista næring som er i ferd med å verte utrydda.

Mykje godt hende med den norske mjølkegeita etter at samtlege bruk gjekk gjennom saneringa for 7-12 år sidan. Vi rydda ut tre ulike kroniske sjukdomar og vi har i dag av dei friskaste geitemjølkstammane i verda.

Næringa tenkte at no vart det investert og modernisert så mykje i oppdatert driftsapparat på bruka, at næringa er sikra til langt inn i framtida.

Vi ser fortsatt at nymoderne fjøsbygningar legg ned og talet på bruk minkar for kvart år.

Bruka er spreidde geografisk ut over i store delar av landet.

For nokre år sidan gjekk Landbruks- og matdepartementet inn og gav tydlege føringar for at enkelte delar av landet skulle ikkje vere satsingsområde for geitemjølk, og dermed ikkje skulle ikkje vere med inn i framtida.

Vi ser i dag at Tine tel på knappane om å legge ned fleire meierianlegg og dermed gjere avstanden til nærmaste anlegg endå større inn i framtida.

Annonse

Kjem ein ny runde med geitemjølkbruk som no får melding om at dei er geografisk for langt vekke frå nærmaste foredlingsanlegg?

Opp mot 25 prosent av geitemjølkkvotane er såkalla leigekvotar. Tidsbegrensa leigeavtalar med opp under kroner 2,50 for kvar liter. Desse leigeordningane er etter mitt syn ein uting. Dei tappar geitemjølkprodusentane for titals millionar kroner årleg. Her burde den som produserer kvoten eige den og dermed ikkje kaste pengar etter dei som vel å avslutte produksjonen.

Underteikna registrerer at Bondelaget berre trekker på skuldra og ikkje vågar å gjere noko med denne utfordringa. Her kan staten gå inn og styre prosessen ved tidsfristar og styrt salssummen på eit fornuftig nivå. Det er galskap når vi i dag ser at sal av geitemjølkkvotar ligg på kring 30 kroner for kvar liter. Dette er med å knekke økonomien til å satse og utvikle seg for dei som ynskjer å satse inn i framtida.

Er vi i ferd med å rygge oss inn i ei utvikling som gjer det vanskeleg å vere geitemjølkprodusent i Landbruks-Noreg med sine fjell og dalar? Det er nettopp på fjell og i dalar geita eksisterer, og gjer den enormt viktige jobben som landskapspleiar og mjølkeprodusent til ei råvare som gjev fantastiske produkt. Det vert utvikla i eit breitt spekter av meieriprodukt frå Tine. Tine har vore dyktige på å produsere nye kvite geitostar med ein stadig mildare smak.

Nettopp den milde smaken er noko geitemjølkprodusentane har greidd å utvikle takka vere avl ut ifrå å satse på dyr som gjev ein mild smak, som forbrukaren ynskjer. Utfordringa er at vi ikkje ser nok av desse geitmjølksprodukta i butikkhyllene og at kunden fortsatt ikkje veit at produkta har oppnådd ein mildare og meir attraktiv smak.

Salet er ikkje aukande og produksjonsmengda vert pressa nedover.

Mjølkegeita er inne i ein fase kor kvalitetskriteriet celletal gjev utfordringar for mjølkeproduksjon kombinert med beite i bratte fjellsider og kupert terreng. Ved beiting aukar celletalet og dette er vi i ferd med å verte meir økonomisk straffa for i kvalitet og betalingsregelverket til Tine.

Det fører til at vi nyttar meir kraftfôr, og fôrar meir med silofôr for dermed å unngå at mjølkegeita spring i dei høgste fjelltoppane gjennom sommaren. Vi registrerer også at ein del produsentar produserer lite eller ikkje noko mjølk på fjellbeite, fordi dette med fører til at mjølka vert nedklassa og dårlegare betalt for.

Vi registrerer at Landbruks- og matdepartementet ynskjer at vi geitmjølksprodusentar skal kunne produsere inntil ei maksgrense på 900 000 liter på kvart bruk. Dette er signal og føringar som er heilt forkastelege i den norske geitmjølksproduksjonen.

Ingen kan ha beiteområde i nærleiken av ein fjøs til slike enorme flokkar. Dette vil gje ein produksjon med geiter som har eit grunnlag på innefôring og vi treng då kun 24 produsentar i heile Noreg for å dekke det norske behovet.

Eg er skuffa over at ingen av landbruksorganisasjonane fortel departementet at slik vil vi ikkje ha det i norsk geitmjølksproduksjon.

Vi er nok inne i ei retning kor både Tine og landbruksorganisasjonane må spørje seg sjølve kva dei eigentleg vil med geitemjølkprodusentane i Norge!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

1,2 milliarder klimaflyktninger vil gi verden helt ekstreme utfordringer