Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er ikkje sauekjøt lenger etande?

Eg har drive med sauehald på ein liten vestlandsgard i nærare 70 år. Ikkje nett noko gullgruve, men til tider eit triveleg arbeid.

Beite: Det må vera eit tankekors å sjå at det mest miljøvenlege, kortreiste og berekraftige kjøtet – produsert på friske og grøne norske fjellbeite – i beste fall kan brukast til minkfôr. Foto: Hilde Lysengen Havro
Beite: Det må vera eit tankekors å sjå at det mest miljøvenlege, kortreiste og berekraftige kjøtet – produsert på friske og grøne norske fjellbeite – i beste fall kan brukast til minkfôr. Foto: Hilde Lysengen Havro

For om lag 30 år sidan vart eit vakse dyr, levert til slakt, verdsett til kring 1000 kr, det same som eit bra lam. Høgare vekt på sauen vog opp for ein litt lågare pris enn for lammet. Me hadde eit slakterisamvirke som tok ansvar for alle sider av produksjonen i ei næring, og hadde forstått at utan sauer vart det ingen lam.

Så kom det brått ein snunad. Prisen på vaksne dyr gjekk etter kvart dramatisk ned, fyrst på grunn av nye klassifiseringsreglar og andre påfunn, medan prisen på fårepølsa, som no var det einaste vaksne sauer kunne brukast til fekk me høyra, var den same som før. Det eigentlege målet bak omlegginga var sjølvsagt å auka eigen forteneste.

Men forbrukarane fekk skulda. Våre eigne omsetnadsmottak vart no dei mest ihuga målberarar for den nye latinen og påstanden: Norske forbrukarar likar ikkje lenger sauekjøt. Det smakar ull, og ingen vil kjøpa det. Strategien vart einsidig satsing på lam, til alle bruksområde og for alle pengane. Ikkje snakk om å bruka pengar på utvikling av nye produkt, marknadsføring eller opplysning om alt sauekjøt kan brukast til. Nortura/Gilde held fast på sin einøygde bodskap og strategi, og resultatet ser me no.

Norske forbrukarar har no fått forkynt det same evangeliet så lenge at dei trur ikkje lenger at sauekjøtet kan nyttast til folkemat. Sauekjøtet er ikkje lenger ein ressurs, men har blitt eit problem på eit fryselager. Kva skal me gjera med all denne maten i ei verd som svelt? I beste fall kan me dumpa det på verdsmarknaden til dei som har mat nok frå før og kan betala litt. I verste fall må det destruerast.

Skulle det likevel vera folk i dette landet som framleis etterspør sauekjøt, får dei det same svaret: Finst ikkje. Eg har sjølv fåfengt prøvd å få tak i sauekjøt, etter eit oppslag på TV om tilbod tidlegare i år.

Det verste er at manglande tilgang på fårekjøt i norske butikkar ikkje berre gjeld sauekjøt. Det er nesten like gale for lam. Ein kan finna lammekjøt til ein fårikålmiddag om hausten, rikeleg av pinnekjøt til jul, men må vera heldig dersom ein finn ei frosen lammesteik til påske.

Mykje av lammekjøtet som blir selt som fårikålkjøt er ikkje av beste kvalitet og er dessutan for magert.

Marknadsføringa og tilbodet av saue-og lammekjøt er nærast ein skandale, og informasjonen til kundane totalt fråverande. Og her skal ein ikkje berre skulda på forbrukarane. Det er andre enn dei som heller burde kjenna på kjøtskam. Ikkje minst for prisen dei no tilbyr norske bønder for sauekjøtet. Den er ein hån mot både dette framifrå kvalitetsproduktet og ikkje minst mot dei som produserer det gjennom ærleg og samvitsfullt arbeid.

Annonse

I ei nær framtid vil me finna mange alternativ til åmer og insekt dei dagane me vågar å unna oss ein kjøtmiddag. Butikkhyllene vil fløyma over av svin og kylling i tallause variantar. Alle produsert på kraftfôr, det meste importert. Då må det vera eit tankekors for fleire enn meg, midt i klimahysteriet og kravet om grøne avtrykk, å sjå at det mest miljøvenlege, kortreiste og berekraftige alternativet av dei alle – produsert på friske og grøne norske fjellbeite – i beste fall kan brukast til minkfôr.

For om lag 25 år sidan, då lammegalskapen tok overhand, oppmoda eg kjøtsamvirket i eit innlegg i bondebladet å tenkja nytt, og lansera nye produkt og bruksområde for sauekjøt. Eg nemnde kjøtdeig, fårerull, røykt saltkjøt i porsjonspakning og pinnekjøt av ungsau. Men framfor alt etterlyste eg skikkeleg spekemat av vaksen sau.

Det er trist å tenkja på alle dei fyldige spekelåra dei kunne laga av heile fryselageret sitt medan eg gneg på et turt lammelår på omkring 2 kg, der det meste er bein. For ikkje å snakka om den fyldige smaken av fårikålmiddag kokt på kjøt av ungsau. Mykje av lammekjøtet som blir selt som fårikålkjøt er ikkje av beste kvalitet og er dessutan for magert.

For mange år sidan hadde Nitimen på radio ein diskusjon om kva kjøt som var best til fårikål. Mange meinte at lammekjøt ikkje held mål. Redaksjonen inviterte lyttarane til å skriva ein limerick om emnet og seia si meining. Mitt innlegg (som vart lese opp i eit seinare program, lydde slik:

«Dei sa i eit velkjend program;

Til fårikål høver -kje lam.

Men gimber du veit,

og gjerne litt feit.

Lam i kål er ei nasjonal skam.»

Minner elles om at kvar islending et om lag 45 kg fårekjøt i året. Er ikkje mange av dei etterkomarar etter nordmenn som tok med seg sin matkultur til det nye landet?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Går mot det største lageret av lam og sau på nærmere 15 år