Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein forvilla rovdyrdebatt

Rovdyrdebatten som herjar media skoddelegg dei verkelege og alvorlige problema som truar alt liv på jorda.

Det ligg nært å tenkje seg at insekta døyr ut fordi vi har utrota mikroorganismer dei treng, eller skipla balansen dei imellom, skriv Nils Jakob Drivdal. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Det grunnleggande er at livet sin eigen strategi for å stå imot alle slags kriser, og å kunne utvikle seg, er genetisk mangfald. Klimaendringane i vår tid, som det vert sett slik fokus på, skulle kunne gjere dette klart.

Livet samla vert ofte vist som ein pyramide, der dei minste organismane er basis og dei store rovdyra er toppen på pyramiden. Rovdyrdebatten, som set fokus på dei største rovdyra, kan gi inntrykk av at om ein berre bergar ulv og bjørn, så er alt liv på jorda berga. Men det er lita hjelp i å berga mønet på huset, om grunnmuren brest!

Til dømes hadde ingen av dei norske miljørørslene interesse av den å ta vare på den opprinnelige europeiske honningbia. Denne ur-bia, fleire istider gammal, hadde truleg den største attlevande rest i Noreg på 90-talet. Dermed hadde Noreg eit hovudansvar for dette, etter konvensjonen for biologisk mangfald som vart signert i 1983.

I 1995 vart det kalla saman til den første konferansen om vern av desse biene i Noreg, der fleire av Europas fremste eksperter tok del. Alle dei norske miljøorganisasjonane vart inviterte – men ingen av dei tok del, gav noko svar, eller kunngjorde tilsende pressemeldingar. Vi som sto føre det den gongen, kjende dette som eit stort svik.

De siste åra har media -til liks med miljørørslene - hatt ein del fokus på insekt som vert borte – særlig dei som pollinerer planter som kan være nyttige for matproduksjonen. Men dei store sammenhengane, interaksjonane mellom planter, insekt, dyr og mikroorganismar kjem for lite fram. Mykje kunnskap manglar enno, men grunnleggande veit ein at alt liv heng saman på eit eller anna vis – ein liknar då ofte livet som ein vev. Om ein tråd brest, så veit ein ikkje kor langt det raknar.

På ein konferanse i Avimore i Scotland i 2009 fekk eg for første gong lære om kor viktig rolle mjølkesyrebakteriar kan spele. Før dette var det få som visste at biene hadde omlag hundre ulike, til dels ukjende, mjølkesyrebakteriar i honningmagen. Desse treng dei mellom anna til å skape nektar om til honning. Kartlegging av menneska sin tarmflora har lenge gjenge føre seg, og gir ny, forvitneleg kunnskap om kor viktig den er for oss. Det ligg nært å tenkje seg at insekta døyr ut fordi vi har utrota mikroorganismer dei treng, eller skipla balansen dei imellom.

«Dei drep si eiga mor». Sitatet er frå kultfilmen «Avatar» der samanhengane mellom ulike livsformer vert openberra på uventa vis – og det er menneska som utrotar liv, for skuld gir etter økonomivk vinst.

Annonse

Og slik gjer vi det, mellom anna: Kvart år vert det teke ut opptil flere tusen patent på nye kjemiske stoff som ikkje finst i naturen. Trulig er en god del av desse berekna på, eller har som biverknad, at dei tek livet av mikroorganismar. Nokre skal konservere mat, nokre skal drepe sjukdomskapande soppar eller mikroorganismar, nokre skal hindre vond lukt i sko og sportsklede, eller skape «hygieniske» omgjevnader.

Mange nyskapte stoff drep dyr, plantar, insekt og mikroorganismar uten at det var meninga. Dei endar i naturen, om det ofte ikkje var tenkt slik.

Kva som hender når aukande mengder av slike stoff slepp ut, sirkulerer og vert lagra i naturen, veit ein lite om. Etter det eg skjønar, er det berre ein liten del av mikroorganismane på jorda som er kjende, eller har fenge navn. Korleis dei verkar ilag med anna liv, eller kor viktige kvar av dei er for seg, er stort sett ukjent, heller ikke korleis menneskeskapte gifter skadar dei.

Ein kan nemne som døme at det tok rundt 50 år før det ein forsto at DDT var øydande for livet. «Ekspertar» mente i lang tid at dette var heilt ufarleg. No har vi tusentals nye, naturframande kjemikaliar å halde styr på. Dei vert godkjende til bruk etter enkle prosedyrar, slik som forsøk på rotter. Den som tenkjer, vert lett svevnlaus av slikt.

Menneska har i lang tid avla på planter og dyr for større vinnings skuld. No er det slik, at vi knapt kan leva utan. Men mykje av det gentiske mangfaldet, som livet treng for å klare kriser, eller utvikle seg, taper vi i dette. Til dømes er dei største viddene som landbruket nyttar, dominerte av monokulturar av høgtytande planter. Dermed får vi maten vi treng no, men øyder for framtida.

Naturvernarar og alle som bryr seg må ha stor omtanke. Her er det ingen enkle svar, ettersom naturen og veven av liv har så mange trådar – mange heilt ukjende. Eg ser det slik, at mykje av vanskane våre no botnar i prinsippet om fri konkurranse og fri, uhindra handel. Internasjonale lover, gjennom verds- handelsorganisasjonen, (WTO) slær fast at ingen tiltak kan stoppast, eller regulerast utan at det ligg heilt fast at stoffet eller prosedyren er skadeleg. Fri handel går føre dei fleste andre omsyn, difor vart «føre var» - prinsippet skrota.

Det markedsliberalistiske prinsippet har vore kjent sidan Babylons dagar, og har gjennom fleire tusen år vist seg best for å skape økonomisk vekst. Difor har økonomar og politikarar så vandt for sleppe det. Men for meg står det klart at det er dette som tek frå oss verktøyet vi treng, og i dette må noko gjerast først.

Difor verkar det sterke fokuset på ulv og bjørn som et røykteppe for dei store problema vi har.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nå spirer den grønne revolusjonen