Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Distriktspolitikk, berekraft og statsallmenningane

Bør den lokale råderetten over korleis ressursane skal forvaltast styrkjast?

Torpa Statsallmenning, frå Nordre Synnsætra med Synnfjorden i bakgrunnen. Kjenshaugmyra / Wikimedia Commons

Store og mykje brukte fjellområde i Norge er i dag statsallmenning. Forvaltninga av ressursane i statsallmenningen er todelt. Fjellova styrer bruken av allmenningsressursane utanom tømmer. Tømmerressursen er styrt av statsallmenningslova. I tillegg har Statskog SF som grunneigar ei viktig rolle i forvaltninga.

Landbruks- og matdepartementet er no i ferd med å utforme eit framlegg til ny fjellov. Fjellova er frå 1975. Lova som styrer tømmerbruken er frå 1992. Allmenningsretten til tømmer, seter, beite, og andre rettar og lunnende i statsallmenningane er ikkje skapt av lovgiving, men er eldgammal sedvane. I Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 er det slege fast: "Saa skal almenninger være, som de har været fra gammel tid, baade det øvre (ɔ: til fjelds) og det ytre (ɔ: til havs).

Sidan 1600-talet har statleg lovgiving sett grenser for kva som er allmenningsrett, og korleis den kan nyttast. Først og fremst er avgrensinga sett ved den mengda og dei typane resursar som kan brukast i tradisjonell gardsdrift.

Jordbruket har endra seg mykje sidan 1975, og enno meir sidan 1920 da vi fekk den første fjellova. Talet på aktive gardsbruk har minka frå ca. 200.000 i 1950 ca. 38.000 i 2018. Kor mange av desse som har allmenningsrett veit vi ikkje. Poenget er likevel at talet framleis er på veg ned. Sidan bruken av allmenningsressursar er avgrensa til det ein kan gjere seg nytte av i gardsdrifta, seier det seg sjølv at bruken av dei jordbrukstilknytte ressursane har gått ned.

Når vi no skal drøfte utforminga av ei ny lov kan det vere grunn til å reise nokre meir prinsipielle spørsmål rundt utforming av lova.

Nedgangen i tal jordbrukarar gjer det viktig å oppretthalde eit overordna prinsipp om at bruksrettane kan utviklast i samsvar med tida og tilhøva.

Kan reglane for forvaltning av ressursane gjerast betre ut frå det forsking på ressursforvaltning har funne?

Allmenningane er ulike sett som økosystem, og dei er ulike i form av brukarane sine behov. Og dei endrar seg i ulik grad. Endringane er drivne fram både av klimaendringar og av endringar i befolkninga etter kvart som sentraliseringa materialiserer seg.

Der økosystema er ulike og endrar seg i ulike grad seier internasjonal litteratur at ein bør drive adaptiv forvalting. Der også folk er involvert, og der folkesetnaden endrar seg, er rådet å drive adaptiv sam-forvalting (adaptiv co-management).

Det etablerte systemet med fjellstyre er eit rimeleg brukbart eksempel på slik samforvalting, men slik den er praktisert i dag er den i minkande grad adaptiv. Endringstakten både i folkesetnad og i økosystem har dei siste tiåra vore større enn før. Det burde gi grunnlag til å freiste betre den adaptive samforvaltinga t.d. gjennom å gi fjellstyra større fullmakter i utforming av bruksreglar saman med fullmakter til å overvake at reglane vert haldne.

Annonse

Det finst i dag ein omfattande litteratur rundt prinsippa for utforming av berekraftig forvaltning av vanlege allmenningsressursar. Departementet burde ut frå dette vise ein viss toleranse for å ha ulike reglar i ulike økosystem. På denne bakgrunnen støttar vi fleirtalet sitt framlegg som gir rom for lokale tilpassingar t.d. gjennom bruksreglar vedtekne av fjellstyret.

Ein nøkkel til vellykka forvaltning har vist seg å vere systemet for overvaking og sanksjonering. Vi støttar derfor fleirtalsforslaget når det gjeld oppsyn. For felleslagerressursar, slik som allmenningsrettane i statsallmenningane, syner forsking at kontroll fungerer best når den skjer i samband med bruk av ressursen.

Setrane er viktige, men bruken av dei er i aukande grad ein fritidsaktivitet.

I statsallmenningane har ein i lang tid hatt ein variant av ein slik kontroll gjennom at fjelloppsynet, tilsett av fjellstyret, står for tilsyn og kontroll. Ordninga er med på å styrke oppfatninga av allmenningane som ein ressurs som brukarane har medansvar for å forvalte, og sikrar at den bruken som skjer er berekraftig og innanfor gjeldande lover og reglar.

Det manglar likevel eit system for rask sanksjonering tilpassa tilhøva på staden. Etter vårt syn er mindretalet sitt forslag om å overføre all offentlegrettsleg oppsynsverksemd til Statens Naturoppsyn i strid med prinsippa for korleis kontroll av bruken av allmenningsressursar skal gi det beste resultatet.

Treng vi to ulike lover for å styre jordbruket sine allmenningsrettar?

For jordbruket i allmenningsbygdene er det i dag beiteretten som har størst verdi. Setrane er viktige, men bruken av dei er i aukande grad ein fritidsaktivitet. I dei allmenningane der det er skog har retten til tømmer verdi. Men tømmeret kan berre nyttast til det gardsdrifta treng. Korleis dette verkar når store delar av jorda som ein aktiv brukar driv er leigd inn, synest uklart.

Ei samanslåing av fjellstyre og allmenningsstyre løyser ikkje dei utfordringane ein har med nedgang i tal av tradisjonelle brukarar. Ei samanslåing av styra kan likevel vere fornuftig ut frå omsynet til ei meir heilskapleg ressursforvaltning i den einskilde allmenningen. Dette vil best kunne skje dersom fjellova og statsallmenningslova blir slått saman.

Skal lista over jordbrukstilknytte bruksmåtar i allmenningen gjerast lengre?

Nedgangen i tal jordbrukarar gjer det viktig å oppretthalde eit overordna prinsipp om at bruksrettane kan utviklast i samsvar med tida og tilhøva.

Dei siste hundre åra har det vore ein dragkamp om jordbruket skal kunne gjere seg nytte av fallrettar i allmenningen. I samband med kraftutbygging på 1960-talet tapte jordbruket denne retten til staten. Med framveksten av teknologi for småkraftverk og mikrokraftverk har debatten bluss opp igjen. Fleirtalet sitt framlegg om rett til å bygge ut mindre kraftverk synest vere ei fornuftig utviding av jordbruket sine bruksrettar i allmenningen.

Den distriktspolitiske dimensjonen i utforminga av ei ny fjellov ligg etter vår meining nett i framlegga om å styrkje den lokale råderetten over korleis ressursane skal forvaltast. Gjennom eit heilskapleg perspektiv på bruken av ressursane der ein tar omsyn til både lokal økologi og lokal eigedomsstruktur.

*Hauge var også medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som la fram NOU 2011:11 Ny fjellov.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Utdannelsessentralisering rammer distriktene