Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det draumar er laga av

Undervurder ikkje krafta i kunst og kultur som kjem nedanfrå.

Frå operabygda: Sunniva, Johanne, Eline, Martha, Thea og Ingrid frå Eid tek alle høgare kunstutdanning. Foto: Alfred Bjørlo
Frå operabygda: Sunniva, Johanne, Eline, Martha, Thea og Ingrid frå Eid tek alle høgare kunstutdanning. Foto: Alfred Bjørlo

Sjå på biletet: Her ser du kva draumar er laga av. Og det er ei historie om ei grenselaus verd – der barrierer mellom inn- og utland, by og distrikt er mindre interessant enn nokon gong.

Alle desse seks - Sunniva, Johanne, Eline, Martha, Thea og Ingrid – er «flaska opp» i opera- og kulturbygda Eid – heimstaden til landets einaste operahus utanfor Oslo (Operahuset Nordfjord).

Gjennom heile oppveksten har dei delteke i tallause forestillingar. Dei har stått framfor, på og bak små og store scener og lært sang, musikk, teater og dans av rådyktige lærarar og instruktørar. Av og til som «stjerner». Men mykje oftare som del av eit stort lag der dei sjølve har vore ei lita, men nødvendig brikke.

Dei har lært at å hjelpe dei som er yngre og mindre røynde fram, er minst like viktig som å stråle sjølve. Musikk, dans og teater er ikkje egotrippar – det er lagarbeid.

Etter fullført vidaregåande skule tok alle seks (og endå fleire ungdommar frå Eid med dei) spranget vidare til ei mangeårig profesjonell utdanning i musikkteater, dans eller teater i inn- og utland. Som dei no har fullført eller er i ferd med å fullføre.

Det er lett å tenke at det å ta ei høgare utdanning i kunstfag er ei utdanning som berre fører «opp og ut» - den klassiske historia om drivande flinke bygdeungdommar som forsvinn til storbyen.

Og for all del: Det skal vere lov. Er du oppvaksen på bygda og drøymer om eit liv i Oslo, London eller New York - så er det HEILT i orden.

Men poenget er: Det MÅ ikkje lenger vere slik. Slik er ikkje verda lenger. Noko er i ferd med å skje. I sommar har alle desse seks vore tilbake i Nordfjord i sin første lønna jobb etter endt utdanning – som drivande flinke instruktørar i Opera Nordfjord og Stad kommune sin kultur-sommarskule for born.

Snart skal fem av dei seks halde fram i nye oppdrag i Opera Nordfjord sin storproduksjon i haust:

Annonse

Jorda rundt på 80 dagar – saman med proffe, erfarne folk frå inn- og utland. Og éi av dei seks har allereie fått fast jobb som musikkteater-lærar i si eiga heimbygd, på Fjordane Folkehøgskule si nystarta «Musikal West End»-linje – i eit unikt samarbeid mellom Brighton, London og Nordfjord.

Eg drøymer om at alle som veks opp – på ein stor eller liten stad - har sjølvtilliten til desse ungdommane. Og lar seg inspirere til å følgje sitt eige hjarte, ikkje berre høyrer på kva «alle andre» måtte meine er fornuftig. For framtida er meir mangfaldig enn nokon av oss eigentleg forstår i dag – uansett kvar du bur og veks opp. Det å kaste seg ut i det ukjende, er sjeldan så skummelt som det høyres ut.

Ikkje høyr på fortida

"Framtida er meir mangfaldig enn nokon av oss eigentleg forstår i dag – uansett kvar du bur og veks opp."

Og til alle som no skal starte på ei ny utdanning og er nervøse for om dei har vald rett eller feil – og til alle foreldre som er redd for at ungdommen no «utdannar seg vekk frå dei»: Slapp av. Det vil gå bra, så lenge du gjer det beste du kan. Og har du valt feil – ja, så går det an å justere undervegs.

Og det er ingen grunn til å tru at foreldre, naboar eller andre forståsegpåarar veit betre enn deg kva som er rett for deg – uansett om du vil bli dansar, snekkar, fiskar eller lærar.

Eg er i alle fall utruleg stolt av at vi har klart å gjere Eid, Stad og Nordfjord til ei «gryte» der ungdommar tør å gjere så rådristige val for livet som desse seks. Og så er det vår jobb å gjere samfunnet vårt – også på bygda - så ope, variert og mangfaldig at det er plass til dei vidare i livet om dei ynskjer det.

Det handlar om å prioritere kultur - og å sørge for å koble profesjonelle krefter, dugnadsånd og utdanning på nye og kreative måtar som er tilpassa distrikta.

For dei 45 borna som sist veke fekk gå på Opera Nordfjord sin sommarskule og var så heldige å få denne gjengen proffe ungdommar og fleire med som instruktørar, så vart det eit minne for livet. Og kanskje starten på noko heilt nytt. Kanskje vart ein gnist tent som berre vil brenne vidare.

Uansett: Undervurder aldri krafta i kunst og kultur. Og sørg for å bygge den krafta nedanfrå – og la den gjennomsyre heile lokalsamfunnet. Det gir eit meir mangfaldig bygde-Noreg – som radikalt aukar sjansane både for at fleire vel å bli buande – og for at nye vil flytte til. Ei krone brukt på kultur er truleg ei langt betre investering for distrikta enn ei krone brukt på å subsidiere billig diesel.

Og til kvar einskild ungdom som no skal starte på ei ny utdanning og kjenner på ein klump i magen for om du har valt rett: Slapp av. Det går bra. Følg hjartet ditt – uansett kva andre måtte meine. Det er ikkje nokon andre sin din draum du skal leve ut. Det er din eigen.

Neste artikkel

Deler du hytta di med andre?