Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den umoderne nærleiken

Kampen om sanninga om lokalvalet i 2019 er i full gong. Det vert snakka om «protestveljarar» og «distriktsopprør».

Tenester: Kampen for tenester, som ambulansetilbod, har vore viktig i mange distrikt. Foto: Siri Juell Rasmussen
Tenester: Kampen for tenester, som ambulansetilbod, har vore viktig i mange distrikt. Foto: Siri Juell Rasmussen

Knut Aastad Bråten frå Venstre skriv om «brysam nærheit» i Nationen. Han seier at valvinnaren Sp predikerte nærleik utan å kunne levere på forventningane. Ein kan sjølvsagt avskrive det som sutring frå ein valtapar. Men problemet med innlegget er at det undervurderer alle dei tusenvis av veljarar som gjekk til urnene og stemte mot sentralisering og for desentraliserte løysingar.

Om ein skal høyre på forfattaren, har alle desse folka latt seg leie av demagogar. Dei har stemt i protest på parti utan ansvarlege framlegg til løysingar. Dei er «protestveljarar». Underforstått er det makthavarane sine løysingar som er realistiske og moderne. Alt anna er protest. Eg meiner dette er elitisme på sitt verste. Det politiske Noreg bør heller lytte og forstå kva veljarane prøver å fortelje.

Les innlegget frå Knut Aastad Bråten her:

Eg trur at valresultatet skuldast folk sin irritasjon over at kontrakten mellom by og land i Noreg vert forsømt. Sentralisering er ikkje noko nytt i Distrikts-Noreg. Men tempo og omfang det skjer på er nytt. For å seie det enkelt: der det tidlegare var bygdefolk som klaga over sentralisering, er det i dag folka med rekkjehus utanfor bykjernen som legg merke til at tilbodet vert dårlegare og at arbeidsplassar forsvinn.

Noreg har i fleire tiår hatt ein særs balansert regional utvikling. Det er unikt i europeisk samanhang, og det har ikkje kome av seg sjølv. Det er resultatet av medvitne politiske val for å byggje heile landet, og av modige politikarar. Det tok generasjonar å byggje det opp, men det tek kanskje berre ein generasjon å byggje det ned.

Sjølvsagt finns det eit alternativ til sentralisering. Alternativet er desentralisering.

Med oppbygginga av norsk velstand og velferdsstat var det sjølvsagd at alle innbyggjarane skulle få del i utviklinga. Det skjedde kanskje ikkje like raskt på alle stader, og det kom med politiske sverdslag og knallharde prioriteringar. Men samfunnskontrakten strekte seg til alle innbyggjarane, også «dit ingen kunne tru at nokon kunne bu». For å ta eit døme; å strekke straumliner og telefonliner var ein sjølvfølgje same kvar ein budde. Dei statlege selskapa hadde leveringsplikt til husstandane. I dag er det marknadskreftene som avgjer kven som får mobildekning og breiband.

Annonse

Sidan 70-talet har norsk politikk vore styrt etter målsetjinga om å «oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret». Det har altså heile tida vore Stortingets vilje å kjempe mot sentraliseringa. Det viktigaste verkemiddelet var «den store distriktspolitikken», det vil seie at ein hadde eit holistisk syn på korleis distrikta skulle utviklast. Ein kunne ikkje sjå helsepolitikken, næringspolitikken og utdanningspolitikken isolert kvar for seg. Busetjinga var avhengig av heilskapen.

Det store skiftet med regjeringa i dag er at den «store distriktspolitikken» er erstatta med ein smal distriktspolitikk der kvar sektor får tutle i veg på eiga hand, utan ein konsekvensanalyse for samfunnet som heilskap. Det er derfor Høgres statsrådar kan få seg til å seie at alt går så bra i distrikta, og Bråten kan peike på at økonomien i heimkommunen hans er så bra.

Dei økonomiske pilane og sysselsettinga peikar oppover. Det er flott, men det gode liv i distrikta handlar om meir enn eit lønsamt næringsliv. Det handlar om å kjenne seg trygg, og å ha tilgang til helsetenester, utdanning og infrastruktur som er ei sjølvfølgje elles i landet.

Analysane om valresultatet skulle handle om kva det var veljarane ville fortelje. I staden har vi prominente politikarar som klagar over veljarane. Òg i sentraliseringsdebatten kjem kjende hersketeknikkar til syne, no sist i innlegget til Bråten.

Først får vi høyre at vi manglar løysingar. «Den destruktive klagesongen fenga mest», skriv Bråten. Med andre ord: dei som vil sentralisere, presenterte løysingar. Dei som ville desentralisere, presenterte ikkje løysingar. Eg trur korkje veljarane eller lokalpolitikarane kjenner seg igjen i den beskrivinga. Det er ikkje klagesong å snakke om at lensmannskontor og Nav-kontor vert flytta eller lagt ned. Det er å påpeike fakta. Og det er ikkje destruktivt å stå opp for eigne interesser. Det kallast demokrati.

Sjølvsagt finns det eit alternativ til sentralisering. Alternativet er desentralisering. Alternativet til lengre avstandar er nærleik. Når politidistrikta vert sentralisert er alternativet å styrke førstelina framfor sentraladministrasjonen. Når vi seier nei til kommunesamanslåing er alternativet å behalde småkommunane, og møte eventuelle smådriftsulemper gjennom samarbeid og smarte løysingar.

Deretter får vi høyre at løysingane vi kjem med er utopiske og røyndomsfjerne, og dei vert gjerne lattarleggjort. Når Bråten høyrer ordet nærleik tenkjer han på «bestemorfanget og blomsterenga … på gamle dagar, på lys i glasa og dyr på beite». Vidare seier han at «nærheit er fint å snakke om, men fungerer det i politisk samanheng? Betyr det postkontor og helsestasjon i kvar grend?»

Kvifor er det slik at vi som stiller spørsmål ved uendelege stordriftsfordelar har heile bevisbyrda, medan dei som sentraliserer ikkje må dokumentere fordelane? Regjeringa har nettopp gjennomført ei regionreform utan å gjere greie for konsekvensane, og utan å dokumentere effektiviseringsgevinst. Dei lova oss betre kvalitet i Nav berre tenestene vart slått saman. Dei lova oss meir politi i gatene og kortare handsamingstid. Likevel er det vi som trur på desentraliserte tenester som må forklare oss og forsvare oss, presentere konsekvensanalysar og reknestykke.

Kvifor er det slik at det er vi - som vil bremse sentraliseringa og spreie veksten - som er dei umoderne og bakstreverske, og at framskritt er synonymt med lengre avstandar og større einingar? For om du spør folk, er det ikkje framskritt å reise lengre på jobb, skule eller til legen. Det er tilbakeskritt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kraftinntektene er sikret