Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den store eksportbløffen

I 2019 importerte vi meir brun straum frå Europa enn det vi eksporterte av grøn kraft. Vi må slutte å snakke om at Norge skal forsyne Europa med rein vasskraft.

Tørke: I 2018 vart det i den tørre sommaren eksportert store mengder kraft frå mars til september. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Tørke: I 2018 vart det i den tørre sommaren eksportert store mengder kraft frå mars til september. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I 2019 produserte Norge 133 749 GWh straum, og vi forbrukte 133 870 GWh. Det er 121 GWh med straum som vi måtte importere frå utlandet. Det er straum til om lag 7500 husstandar som vi ikkje dekka opp med eigen produksjon i Norge. Men vi har kablar mellom nabolanda våre i Norden og undersjøiske kablar til fleire europeiske land som gjer at vi kan kjøpe og selje straum.

Når Statnett startar opp sine to nye utlandskablar i 2020 og 2021 har Norge faktisk så mange utanlandssamband at vi kunne ha importert (eller eksportert) 77 TWh, som er nesten 60 prosent av Norges årlege produksjon av straum. Og det er før nye kablar eventuelt byggjast ut.

Så vi kan puste letta ut. Vi har gode utanlandsforbindelsar for å kjøpe og selje straum. På 90-talet hadde Norge om lag 40 TWh i kapasitet mot utlandet, som alt då var meir enn nok forsyningstryggleik. Norske husstandar og industri er sikra stabil straumforsyning, men i 2010 fekk vi erfare kva storstilt krafteksport utan omsyn til forsyningstryggleik medførte – ein kraftkrise.

Grunnen til at vi totalt sett importerte straum i fjor er at vassmagasina vart tappa ned i 2018 – det vart produsert meir enn tilsig og mykje vart eksportert. Vi har altså forsyningstryggleik, men er truga av krafteksport som tømmer våre vassmagasin.

Det skjedde ikkje i fjor, da enda det med at vi var straumimportør. Av brun kraft.

Vi har store demningar i den norske fjellheimen som skal sikre stabil forsyning over fleire år. Både i tørre og i nedbørsrike år. I 2018 vart det i den tørre sommaren eksportert store mengder kraft frå mars til september. Industri Energi gjekk ut og åtvara mot eksporten.

Vi vart ikkje høyrde og stadig fleire magasin vart kritisk nedtappa. Heldigvis vart det litt meir nedbør enn normalt i vinteren som kom. Elles så ville vi ha brukt enda meir utanlandsk straum i Norge i fjor.

Alternativet til å importere straum er å rasjonere straumen eller å periodevis stoppe industrien som bruker mykje straum, for å sørge for at andre forbrukarar får nok straum. Dit er det ingen som ønsker seg.

Annonse

Det som er ein betre strategi, er å ha ein meir edrueleg eksport når det går på reservane laus. Om straumbransjen ikkje er i stand til å regulere dette sjølv, så bør myndigheitene ta ansvar. Men det beste alternativet ville vere å få meir produksjon i Norge og kun eksportere det som er overskot.

For kva med den reine krafta som vi skulle bidra med til Europa? For at europeiske husstandar og næringsliv skulle bli meir klimavennlege? Den finst ikkje. Den krafta har vi brukt i Norge. Eller for å vere nøyaktig, så har vi eksportert i periodar, timar eller dagar, for så å få ein brun straum tilbake.

Både vindmøller og kolkraftverk har bidratt til den, noko som gjer at CO2-utsleppet per kWh er om lag 0.5 kg CO2 for import, kontra den norske produksjonen som i praksis har null CO2-utslepp i produksjonen.

Om Norge reelt sett skal kunne bidra med klimaforbetrande straumeksport til Europa så må vi få bygd ut kraftproduksjon i Norge. Det er nye prosjekt på gang som gir meir produksjon, men også store utbyggingar av forbruk som vil ta bruke meir straum enn den nye produksjonen. Og da vil mange hevde at det blir straumoverskot i Norden i åra som kjem.

Kanskje det blir det, avhengig av kva som blir bygd og nedlagt i Sverige og Finland av kolkraft og atomkraft. Men det blir da nordisk straum som blir sendt via Norge for eksport til andre land. Det kan ikkje bli rekna som et reelt klimabidrag frå Norge.

Vi treng meir straum produsert i Norge, til husstandar, næringsliv og kraftforedlande industri. Vi treng den i klasserommet og i operasjonssalen. Vi treng den på norske arbeidsplassar produserer metall, forbindelsar og råstoff. Dette er materialar som skal inn i solcellepanel, litiumbatteri til langtransport og båtar, aluminium til lettare biler og fly. Materialane som vi treng i framtida for å nå klimamåla.

Perspektivet mitt er at vi treng meir straumproduksjon i Norge. Vi treng havvind, både for å elektrifisere olja, men også for utvikling av teknologi til havvind der det er for kostbart med dagens teknologi.

Vi treng å få bygd ut dei gode prosjekta med vindmøller på land, der dei som bur der aksepterer det. Oppgradering og utvikling av vasskraftverk kan gi 8 TWh ny straum årleg, og meir om vi aksepterer naturinngrep.

Og det som er overskot skal vi eksportere til Europa, fordi da kan vi kan bidra med rein kraft. Men det føreset reelt kraftoverskot, også etter nye industriinvesteringar som trenger straum.

Det skjedde ikkje i fjor, da enda det med at vi var straumimportør. Av brun kraft.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Widerøe har ikke bedt om «flere subsidier»