Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den norske staten og maktas logikk

Den som flyg over Noreg, den som reiser Nordvegen frå lufta, vil sjå ville fjell og fjordar og skog.

Distrikt: Dei småe bygdesentra og gardsbruka mellom fjord og fjell er den norske populismen. Foto: Siri Juell Rasmussen
Distrikt: Dei småe bygdesentra og gardsbruka mellom fjord og fjell er den norske populismen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Men om ein ser etter, så ser ein også gardsbruka og dei småe bygdesentera spreidde mellom fjella og fjordane heile vegen frå nord til sør. Når ein ser dette, ser ein også den norske populismen frå lufta, anarkistisk fridom langs ei reiseleid.

«Nå må du lære deg å bli ånntli populist, Trygve», sa Thomas Seltzer til Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum i ei spesialsending av Trygdekontoret før kommune- og fylkesvalet førre haust. Om Seltzer meinte at Senterpartiet ikkje var populistisk nok, så har det ikkje mangla på dei som har meint at det er meir enn nok.

Resultatet av valet i fjor haust har fjerna all tvil om at Senterpartiet har støtte hjå eit breitt lag av folkesetnaden. Den gamle makta rotnar på rot – med eitt er dei såkalla styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet vaklande og små. Samstundes køyrer den blåblågule staten på med ein stadig meir sentraliserande politikk på alle felt, lik ein sjølvgod Leviatan som samlar makta, og mest av alt ligg makta i Oslo, Leviatanen sitt hovud.

Dette er staten som eit Ibsensk troll, den er til for seg sjølv, og er seg sjølv nok. Har den norske staten gløymd kva som er nøkkelen til makta i dette landet, har den gløymd at Noreg ikkje har eit sentrum, og at den norske nasjonen er ein anarkistisk, populistisk visjon som strøymer ut frå fjordar og fjell frå Lindesnes til Nordkapp?

Nordmennene kom ikkje saman for å forma noko stat, men var kongar på kvart sit nes. Aristokratiske anarkistar på skrinn jord, i stiv kuling ute ved havet. Der heve nordmannen fengje sin heim, laga tufter, og set sjølv sine hus oppå deim.

Noreg, er som me veit, namngjeve etter Nordvegen. Ikkje ein geografisk stad, men ei reiseleid. Denne innsikta må ein kvar som vil skjøna maktas løyndom og populismens kjerne i Noreg ha klart for seg.

Av denne grunnen har det alltid vore brysamt for dei som ønskjer å sentralisera makta til éin stad. Ein slik politikk heng rett og slett ikkje på greip med den norske naturen, geografien og kulturen som er ein slags mental tilstand utan sentrum, ei evig reise frå sør mot nord. Det er i dette rommet den populistiske anarkismen utfaldar seg og dannar eit korrektiv til ei kvar sentral makt.

Det som kjenneteikna Noreg, ifølgje statsvitaren Stein Rokkan, var ein sterk periferi. Dette viser seg attende til dei første forsøka på statsdanning her til lands. Vikingkongane visste at nøkkelen til maktas løyndom låg i konstant rørsle – dei var på stadig reise mellom kongsgardar langs kysten. Det handla om å ha dei lokale høvdingane og dei lokale bøndene som grunnlag for makta.

Men dei norrøne sogene er også fulle av forteljingar om menneske som flykta landet, drog i landnåm vestover for der å bli frie menn då Harald Hårfagre forsøkte å skapa ei sentral kongemakt.

Her opptrer ein ny historisk arketype for første gong i norsk historie: bygde-anarkisten. Det er vikingen som har gard og grunn, som ikkje har andre herrar enn seg sjølv. Han reiser fritt på havet og dyrkar jorda mellom fjordane. Den norske nasjonen vart seinare forma i førestillinga langs Nordvegen, og basert på dei konkrete ressursane som finst langsmed han.

I kyststroka frå nord til sør har folket vore retta mot fridomen som ligg i havet og fisken, og den makta som kontakt og handel med fjerne himmelstrøk gir. I dalane mellom fjella har folk søkt fridomen i jorda som ligg spreidd som glitrande, grøne diamantar sett frå fjelltoppane og utmarksbeita, der makt er ein reinsdyrflokk eller ei god seters-ku om sommaren.

I dette ligg det ein anarkistisk fridom, og eit populistisk grunnsyn som inneber personleg fridom basert på bruk av dei lokale ressursane. I botn ligg ein motstand mot sentralisering og teknokratisk styre.

Ein kjenner dette att til dømes i bonden som ligg nedi dalsida på 1700-talet og skyt mot den danske skattefuten som kjem over fjellet – han som slår i hel mjølkekua si ved fjøsdøra framfor futen åt danskekongen heller enn å la futen få vandra av stad med kua som skatt.

Under dansketida på 1700-talet vart makta soge ut av skattefutar og lensherrar som førte ressursane til det kunstig konstruerte sentrum København. Me veit at Ludvig Holberg i samtida sa at Noreg var ei ressurselv som sørga for at den danske innsjøen ikkje tørka ut. Om det faktisk var slik, stridast historikarane om.

Annonse

Etter 1814 fekk bøndene ei anna stilling via røysteretten. Ikkje alle bøndene, berre dei som eigde eller leigde jord. Den viktigaste fullmakta som stortinget får i 1814, er som lovgivar.

Det særeigne med den norske industrielle moderniseringa var at det var ei modernisering frå periferiane.

I samtida såg dei mest ihuga ideologane på dette som ei tilbakeføring til ein tilstand som skulle ha eksistert ei eller anna gong i vikingtida, då frie bønder langs nordvegen hadde makta hjå seg sjølv, der dei saman med kongen laga lovar, og der vikingbøndene utgjorde den reelle makta i landet ved leidang-flåten som dei mønstra ut frå sine eigne ressursar langs kysten.

I røynda vart sjølvsagt makta i stor grad sentralisert til Christiania og Stockholm etter 1814. Med formannskapslovene av 1837 og seinare med parlamentarisme frå 1880-åra, og så med unionsoppløysinga i 1905, vart makta på forskjellige vis søkt ankra betre hjå det folket som faktisk budde i landet.

Likevel vaks Christiania fram som eit mørkt maktas sentrum, ein garnisonsby i skuggen av ein festning, der bondestudentar gjekk og svelta og fraus, og kor arbeidarklassen etter kvart makteslaust hamra i skitne smier langs Akerselva.

Men bondestudentane og bondetingmennene frå tidleg 1800-tal skjønte at dei kunne føra makta ut frå byen til dit den kom frå. Bøndene ville eigentleg ikkje anna enn å betala så lite skatt som mogleg, og bli pålagde så fåe plikter som let seg gjera. For dei var frie anarkistar med fiskarbåt og ei ku.

Den såkalla «Ola boka» – eigentleg "En odelsmands tanker om Noregs nærverende forfattning etc" – publisert i 1830, der den fiktive bonden Ola er i snakk med ein bymann, ein klokkar, og ein statleg tenestemann, er starten på dette. Bondeanarkisten Søren Jaabæk (med tilnamnet Neibæk fordi han sa nei til alle forslag i stortinget som auka utgiftene til bonden), er kulminasjonen.

Det fanst ein stor arbeidarklasse i Oslo, men arbeidarane fanst også langsetter heile nordvegen frå Sauda og Odda, til Rjukan, og Sulitjelma. Det særeigne med den norske industrielle moderniseringa var at det var ei modernisering frå periferiane. Det var ei rural modernisering der folk kom inn til makta for å betra kåra til folket der dei budde.

Av denne grunn var grunnlaget for den norske politiske og økonomiske orden eit forlik mellom by og land med kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935. I dette låg det ein lovnad om ei makt som gjekk ut frå heile landet, men i røynda vart makta likevel sentralisert i Oslo av Arbeidarparti-teknokratiet, eksemplifisert av styringsøkonomar som Erik Brofoss og fullmaktslovene som arbeidarpartiregjeringa la fram alt under krigen i Lex Thagaard.

Med den nyliberale sentrumsregionalismen av i dag er det også slik at det er mange kringom i landet som føler at dei kjenner seg att i Ludvig Holberg sin gamle metafor om elva som held innsjøen med vatn. Berre at no er det dei norske distrikta som er elva, og Oslo som er innsjøen.

Med eit slik perspektiv kan me eigentleg seie at det går ei linje frå danskekongane sin koloni-administrasjon av landet frå det imperiale København og frå provinsbyen Christiania, til Arbeidarpartiets 1960-tals teknokrati, og til dagens nyliberale sentrumsregionalisme. Alle har dei bygga på styringsmakt som går ut frå eit citadell-aktig sentrum til eit omland.

Det var i draumen om Nordvegen at by og land vart anerkjent som nasjonalt prinsipp. Det var den sanne arva etter 1800-talets bondestorting og Jaabæk sin anarkisme. Om ein skal forsøka seg på ein syntese av denne ideen, så kunne ein kalla det for offentleg støtta anarkisme.

Var dette kjernen i draumen om den sosialdemokratiske orden som no er kverva bort?

Sikkert er det i alle fall at denne visjonen dei siste 40 åra har vorte pressa, ikkje berre frå den teknokratiske og byråkratiske sentrumsmakta, men like mykje frå nyliberalismens heilage ande som har feia over landet sidan Kåre Willoch si tid. Den norske bygdeanarkisten blir ståande meir og meir åleine ved havgapet og mellom dalane.

For å koma tilbake til starten. Når Thomas Seltzer seier at Vedum må vera skikkeleg populist, så ligg det kanskje noko djupare historisk under. Ei innsikt om maktas natur og staten sin logikk.

Populismen som no viser seg, er eit ur-gamalt uttrykk for Nordvegen si røyst. Den har ikkje eit sentrum, men står for den evige fridommen som ligg i jorda og fisken og reisene på havet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Saugbrugs i Halden bør få grønn støtte