Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Cruise på ny kjøl

Verdsarven og lokalsamfunna betalar prisen for at turistane ankrar oljedrivne opp i fjordane.

Oljemarinert: Folk og landskap i Geiranger får oljerøya og glaning frå turistane. Foto: Bjarne B. Aase
Oljemarinert: Folk og landskap i Geiranger får oljerøya og glaning frå turistane. Foto: Bjarne B. Aase

På Arendalsveka i år deltok eg i ein paneldebatt med tema «Bærekraftig cruise – et fellesansvar for skip og land». Mitt bidrag i debatten var vinkla mot cruise på verdsarvfjordane.

Heilt konkret foreslo eg å stenge verdsarvfjordane for dei store skipa (over 500 passasjerar) og krevje omlasting til mindre, full elektrifiserte båtar som smyg seg lydlaust innover langs land.

Teknologien til slike båtar finst, og norske verft ropar etter oppdrag. Norske mannskap, norske guidar og norsk mat, til dømes spekemat, laks og jordbær på bordet, ville genere ei verdiskaping som i dag ligg att i skatteparadis i utlandet. I tillegg ville eit slikt nytt cruiseregime løyse mykje av problema med trengsel på land og med utslepp av miljøgifter og klimagassar.

Samtidig ville det gitt turisten ei heilt anna oppleving med nærheit til naturen og kontakt med dei som bur i området. Det som på fint vert kalla «storytelling» ville då og fått ein talarstol.

Under debatten i Arendal hadde vi oppe eit kart over fjordbassenget på indre Sunnmøre. Der peika eg på moglegheita til å etablere ein landstraumsbase i Storfjorden mellom Valldal og Stordal der dei store morskipa kan ankre opp medan dei ventar på passasjerane. I forkant hadde eg fått tilbakemelding frå nettselskapet i området om at dei såg på dette som ei interessant moglegheit.

Cruise er ei form for turisme som er i sterkt vekst. I Sunnmørsposten den 16. mars i år les me at «Neste år ventes en eksplosiv økning i cruisetrafikken. Prognosene til Ålesundsregionens havnevesen varsler 234 anløp og 460.000 passasjerer. Noe som betyr en økning på 28 prosent i cruisepassasjerer frå 2019-2020.» Sunnmørsposten sin journalist stiller sjølv spørsmålet: «om vår lille by tåler trykket?» Journalisten minner samtidig om at "dette handler om mye mer enn parkering og offentlige toalett. Det handler også om å ta hensyn til naturen, miljøet og fastboende."

Tilsvarande vekst i cruisetrafikken vil kome i andre store cruisehamner som Geiranger og Flåm. Begge ligg inne på Unesco si liste over verdas naturarv og stiller dermed i same divisjon som Grand Canyon, Great Barrier Reef og Galapagos-øyane. Grommare kan det ikkje bli! Det er ein viktig grunn til at så mange kjem til området vårt. På same måte som Barcelona samlar fulle hus når dei spelar fotball, vil det bli trengsel om å få sjå det «beste av det beste» av det naturen kan vise fram.

Kor mange er det plass til? Kva er tolegrensa til naturen, infrastrukturen og dei fastbuande?

Det er på tide å stille spørsmålet: Kor mange er det plass til? Kva er tolegrensa til naturen og til infrastrukturen? Kva er tolegrensa til dei fastbuande som må leve med trafikkaos, forureining, slitasje på naturen og forstyrring av privatlivet? Både i Geiranger og i Flåm er det for lengst fulle hus i juli månad. Snart er det fullt i juni og august, og. Til Geiranger kjem det kvart år omlag 800.000 turistar. To av tre kjem over land. Resten på cruise. Viss dette får utvikle seg fritt, vil situasjonen bli uhandterleg og uforsvarleg.

Fleire og fleire ser no at ei form for regulering tvingar seg fram. Når «huset er fullt», dukkar spørsmålet om forkjørsrett opp. Kven skal vike? Skal silinga skje på grunnlag av miljøavtrykk , bidrag til fellesgodefinansiering, tal arbeidsplassar som blir skapt eller andre kriterie? Det er det lokalsamfunnet, kommunen og destinasjonen som må bestemme.

Annonse

Min spådom er at det vil bli hardt konkurranse blant turistsegmenta for å få tilgang til dei mest populære verdsarvfjordane. Når det gjeld cruise, kan det gå i retning av at det vert fastsett ei kvote (antal passasjerar/fartøy) per dag og at kvoten blir konkurranseutsett og lagt ut på anbod. Korleis ein skal handtere tilstrøyminga på landsida er vanskelegare å sjå.

Mange vil hevde at nettopp cruise er det segmentet som ligg dårlegast an i konkurransen om destinasjonen sin gunst. Både statistikk og erfaring peikar mot cruise som den minst berekraftige forma for turisme. Den har det m.a. det høgaste energiforbruket og det høgaste utsleppet av CO2 per personkilometer sammenlikna med fly, buss og bil.

Samtidig er cruisenæringa i direkte konkurranse med landbasert turisme som mange meiner kastar meir av seg. Det er ein påstand som har støtte i statistikk frå WB (2015). Den viser at cruise legg att langt mindre pengar og skaper langt færre arbeidsplassar enn såkalla opplevingsturisme på land. Det er ikkje ein overraskande konklusjon når ein veit at alle element er inkluderte i cruisepakken. Det som ikkje er med, er fellesgoda, som vi i dag ikkje tek betaling for. Slitasjen på naturkapitalen finn ein heller ikkje i noko reknestykke. Verdsarven har betalt prisen til no!

Cruisenæringa har etter mi vurdering ein lang veg å gå for å bli berekraftig. Berekraftig er ikkje berre eit spørsmål om klima og miljø. Det handlar like mykje om økonomi. Om å gi noko tilbake til vertskapet i form av arbeidsplassar og bidrag til finansiering av fellesgode (t.d. stell av kulturlandskap, rydding, parkering, toalett, ekstra beredskap på helse, brann, politi).

Men omgrepet berekraft rekk endå lengre. Ikkje minst handlar det om å vise respekt for dei som bur på staden og dei som ikkje er direkte engasjerte i turistnæringa. Dei som ikkje kjem seg fram på vegar og ferjer. Dei som opplever trakk i hagen. Dei som opplever å bli beglodd i eigen heim. Dei som vil ha fred og ro.

Eit anna problem ved cruise er sjølve storleiken på skipa. Dei største er over 360 meter lange, har 18 dekk og rommar 9000 personar. Det er flytande byar som er ei blanding av kjøpsenter og fornøyelsespark. Frå øvste dekk ser du bokstavleg tala ned på fjell-og fjordgardane. Det same som vi som bur her ser opp til - med respekt og ærefrykt!

Her er det proporsjonar og kulturar som kræsjar. Tidsepokar og forbruksmønster kolliderer på ein støytande måte. Slik oppstår det eit kaldt avstandsforhold til ei historie og ein levemåte som representerer sjølve definisjonen på berekraft, i symbiose med naturen utan å gjere vald på han. Eg trur ikkje at forfedrane våre ville vere tilfredse med måten vi i dag presenterer livsverket deira på. Eg finn ikkje høvelege uttrykk for kva eg føler, men vel å kalle det «kulturell voldtekt».

Dette med storleiken har og ei anna problematisk side. Grunneigarar på dei fråflytta fjell- og fjordgardane får jamt NEI når dei søkjer om å få setje opp små tilbygg til eksisterande bygningar. Dette fordi lovverket, verneforskriftene og forvaltningsplanen ikkje opnar for slike «lettsindige utskeiingar» som kan forstyrre inntrykket av det spektakulære landskapet. Dette skjer samtidig som monsterskipa - store som små fjell - passerer forbi på utsida. Dei flyttar merksemda vekk frå det mektige landskapet og over til dei mektige skipa. Dette skurrar i mine øyrer og auge.

Med folkeopprøret mot monstermastene i friskt minne, må det vere lov å spørje om det no ikkje er på tide med eit opprør mot monsterskipa. Til samanlikning har eg fått opplyst at turistbåtane mellom Galapagosøyane maksimalt kan ha 99 passasjerar.

Stortinget har stilt krav om nullutslepp frå ferjer og turistbåtar på verdsarvfjordane frå 2026. Representantar for cruisenæringa hevdar at dette kravet er umuleg å innfri før tidlegast om 15-20 år. Landstraum og omlasting kan vere svaret på desse utfordringane. Reaksjonen på mitt forslag frå cruisenæringa under Arendalskonferansen var at «dette blir dyrt». At utnyttingsgraden på småbåtane som fraktar turistane inn verdsarvfjordane, blir for låg til at det kan forsvarast økonomisk.

Mange andre innvendingar vil og kome, og dei må lyttast til. Somme vil oppfatte dette som å banne i kyrkja. For andre kan det vere god musikk. Eg har tillate meg å stille ein del spørsmål, og så får vi i fellesskap forsøke å finne gode svar. Eg vil til slutt minne om eit kinesisk ordtak: «Turismen er som ein flamme. Den kan varme ditt måltid, men og brenne ned ditt hus». Fritt omsett til norsk betyr det styring og regulering!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er avvikling framtida?