Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeallmenning – vellykka naturforvaltning for framtida

Bygdeallmenningane har i lang tid vore viktige næringsaktørar i allmenningsbygdene.

Forvaltning: Bygdeallmenningane forvaltar av fjell og utmark. Foto: Lars Bilit Hagen
Forvaltning: Bygdeallmenningane forvaltar av fjell og utmark. Foto: Lars Bilit Hagen

Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg. Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner.

Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av Norsk Almenningsforbund som nyleg er publiserte i boka Bygdeallmenninger i endring – langt meir enn tømmer og bruksrett. Denne boka er utgjeven i samband med at Norsk Almenningsforbund runda 100 år i fjor.

Bygdeallmenningane har i lang tid vore viktige næringsaktørar i allmenningsbygdene. Historisk har skogsdrift og foredling ved eigne sagbruk vore sentrale aktivitetar som har sysselsett mange. I dag er den tradisjonelle skogsarbeidaren rasjonalisert bort, og ei rekkje allmenningssager er nedlagde eller fusjonert inn i større einingar. Men allmenningane har omstilt seg i lys av tida og tilhøva. Medan sysselsetjinga i skogen og på sagbruka har gått ned, har byggevarehandel, eigedomsutvikling, biovarme og tilrettelagde tilbod av jakt, fiske og friluftsliv i seinare år kome til som sentrale forretningsområde for allmenningane.

Av desse forretningsområda er det eigedomsutvikling som betyr mest, og da særleg når det gjeld tomter for hytter og fritidsbustader. Allmenningane Brøttum, Ringsaker, Løiten, Brandbu og Tingelstad, og Skjåk er eksempel på dette. I dag er det om lag 8000 hytter i bygdeallmenningane, der dei fleste står på festetomter som gjev årlege inntekter til allmenningane. Men eigedomsutvikling i allmenningsregi er ikkje avgrensa til hyttemarknaden. Utbygginga av Sagparken Sentrum som Lunner Almenning står for på Harestua, berre nokre mil nord for Oslo, er eksempel på det.

I tillegg til verdiar målt direkte i pengar, forvaltar bygdeallmenningane også store miljøverdiar. Dette omfattar alt frå biologisk mangfald, opplevingsverdiar knytt til friluftsliv og folkehelse, til karbonbinding i skog. Ei fersk utrekning viser at nettotilveksten i allmenningsskogane kvart år bind karbon som svarar til utsleppa frå 350 000 privatbilar med køyrelengde 15000 km.

Fordi bygdeallmenningane er forankringa i jordbruket, blir verdiskapinga verande i allmenningsbygdene. Kjennskap til bygdeallmenningane bør såleis ha interesse for alle som er opptekne av naturforvalting og lokal verdiskaping. Derfor nokre ord om kva ein bygdeallmenning er og deira historiske opphav.

Annonse

I Norge er det i alt 52 bygdeallmenningar. Bygdeallmenningane er jamt over store utmarkseigedommar. Vi finn 10 bygdeallmenningar på topp 40-lista over dei største eigedommane i landet. Dei 40 allmenningane som er medlemmar av Norsk Almenningsforbund rår over til saman 7,3 millionar dekar skog og utmark, eller eit areal likt gamle Vest Agder fylke.

Til forskjell frå dei meir kjende statsallmenningane, er bygdeallmenningane private eigedommar som høyrer til jordbruket i sine bygdelag. Bygdeallmenningane er matrikulerte som sjølvstendige eigedommar, men skyldsette saman med jordbrukseigedommane som har bruksrett i allmenningen. Verdien av grunnen i bygdeallmenningane ligg dermed til jordbrukseigedommar med bruksrett.

Allmenningsbygdelaget omfattar krinsen av gardsbruk som frå gammal tid har utøvd bruksrett i allmenningen. Lovdefinisjonen av bygdeallmenning seier at minst halvparten av desse må ha eigedomsrett i allmenningen. Typiske bruksrettar, avgrensa til husbehovet, er rett til trevirke, beite, seter, fiske og småviltjakt. Allmenningsrettane er omhandla allereie i landskapslovene frå mellomalderen og høyrer til dei eldste rettsinstitutta vi har.

Allmenningsstyra har ansvar for forvalting og drift av bygdeallmenningane, og dei blir valde av og blant bruksrettshavarane. I dag har 12.600 jordbrukseigedommar bruksrett i bygdeallmenningane som er med i Norsk Almenningsforbund. Medan fjellova gjev det overordna rammeverket for forvalting og drift av statsallmenningane, har bygdeallmenningsloven frå 1992 tilsvarande rolle for bygdeallmenningane.

Dagens bygdeallmenningar er med fåe unntak selde kongeallmenningar. Ved innføringa av eineveldet i Danmark-Norge i 1660, var statsfinansane i ruin etter store låneopptak til mislykka krigføring. Denne økonomiske misera gav startskotet til dei store krongodssala dei neste 100 åra. Mange allmenningar var blant krongodset som vart seld. Med avbrot dei første tiåra etter 1814, heldt sal av allmenningar fram til 1858, da det kom lovforbod mot slike sal.

Det var spesielt skogsallmenningar på Austlandet og i Trøndelag som vart selde. Derfor er det på Romerike, Hadeland, Toten, i Hedmark, Gudbrandsdalen og Trøndelag dei fleste og største bygdeallmenningane ligg. Kongeallmenningane som ikkje vart selde, er dagens statsallmenningar.

Bygdeallmenningane er del av jordbruket, og endringar i jordbruket slår derfor direkte inn i allmenningane og skaper utfordringar der. Bruksrasjonalisering, mykje leigejord og endra busetnadsmønster utfordrar bruksrettsforvaltinga, medan rovdyrpolitikken set beiteretten på prøve. På den andre sida opnar det grøne skiftet, omsett i handling, moglegheiter for bygdeallmenningane. Bygdeallmenning er dessutan ei godt utprøvd og vellykka form for lokal langsiktig ressurs- og miljøforvaltning som mange kan ta lærdom av. Bygdeallmenningane har både ei lang historie bak seg og ei lovande framtid framom seg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det ansvarlige er å redusere soyaavhengigheten