Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Beitedyr som klimatiltak

Kjøt frå beitedyr er ein del av løysinga både for klimaet og for å oppretthalde ein viss norsk sjølvbergingsgrad

Foto: Johannes Eggen Mundal
Foto: Johannes Eggen Mundal

Dersom du er oppteken av klimaet treng du ikkje slutte å ete kjøt. Men du kan stille spørsmål om kor kjøtet kjem frå, og korleis det er produsert. Kjøt frå beitedyr er ein del av løysinga både for klimaet og for å oppretthalde ein viss norsk sjølvbergingsgrad. Fleire nye forskningsprosjekt konkluderar nemleg med at beitedyr på fleire ulike måtar bidreg til å bitte karbon til jord.

Agri analyse har gjort ein gjennomgang av nyare internasjonal forskning på beitedyr og lagring av karbon. "Beitedyr er ikkje eit klimaproblem", seier prosjektleiar i Agri Analyse, Margaret Hillestad, til nettstaden landbruk.no, som Norsk Landbrukssamvirke står bak. Beitedyr bidreg til karbonbinding på fleire måtar. Beitedyr gir graset djupare røter, og aukar på den måten aktiviteten i jorda og jorda si evne til å bitte karbon. Når kyr og sauer beitar i utmarka frå mai til september påvirkar dei gras, blomster, sopprøter og dei metan-etande bakteriane i jorda.

Dersom du likar kjøt, så treng du altså ikkje ha kjøtskam.

I tillegg kan det sjå ut som beitinga fører til auka aktivitet av mikroorganismar oppå jorda og ein auke i metan-etande bakteriar som fangar opp metan frå pusten til dyra. Beitedyr som et lauv og kratt bidreg i tillegg til å halde landskapet ope. Å hindre gjengroing av opne landskap er viktig i eit snørikt land som Norge. Opne flater dekka av snø reflekterer meir sollys enn areal gjengrodd med skog. "Dette kallar vi albedo-effekten", seier Hillestad til landbruk.no. Totalt meiner ho beitedyr bidreg positivt i det norske klimarekneskapet.

Annonse

I januar la Klimadepartementet fram ein ny klimakur-rapport, som viser korleis Norge skal redusere klimautslepp fram til 2030. Eit av dei viktigare tiltaka er å kutte kjøtforbruket til halvparten av dagens nivå. Det vil i fylgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og Menon Economics føre til at nær ein tredel av Norge sitt landbruksareal vil gå ut av produksjon. I tillegg vil ein tredel av sysselsetjinga i norsk landbruk bli borte. Mykje av arealet som i dag er grunnlag for kjøt og mjølkeproduksjon er ikkje eigna til å dyrke grønnsaker eller korn.

Johannes Eggen Mundal, bonde og skribent. Foto: Privat
Johannes Eggen Mundal, bonde og skribent. Foto: Privat

Å kutte kjøtforbruket for mykje vil føre til ein sterk svekking av norsk sjølvforsyning. Det virkar som ein del av dei meir ekstreme klimafolka ikkje tek inn over seg at det viktigaste behovet menneska har, i tillegg til rein luft, er mat. Klimakutt må ikkje gå ut over Norge si evne til å produsere mat i ei tid då matproduksjonen i verda er svekka og under press pga av klimaendringar. Når klimakur-rapporten også seier beitemark skal plantast med skog, så er også det eit 'klimatiltak' som viser at rapporten ikkje er i tråd verken med nyare forsking eller med gamalt, norsk bondevit.

Dersom du likar kjøt, så treng du altså ikkje ha kjøtskam. Du kan bruke litt tid og finne kjøt som ikkje er produsert av soyabasert kraftfôr (og då må du også velje bort svin, kylling og oppdrettsfisk, som dei klimaekstreme av uforståelege grunnar vil du skal ete meir av). Du kan kjøpe kjøt av til dømes sau og lam som har gått i norsk natur og bidrege til karbonbinding både over og under jorda. Eller du kan kjøpe kjøt av storfe som går ute på beite og som klarar seg utan kraftfôr. Vi har eit stort potensial i å produsere kjøt på ein klimagod måte. 45 prosent av arealet i Norge er rekna for å vera eigna til beitebruk. Dette potensialet er langt frå utnytta.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjøskrakken var innsatsfaktor