Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Atomvåpen må bli forbode

Eg skulle ønskt eg kunne seie, 75 år sidan bombene fall, at verda har tatt lærdom av det som skjedde i Hiroshima og Nagasaki.

Eg trur, at vi ein gong vil sjå ei verd utan atomvåpen, skriv biskop Solveig Fiske. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Eg trur, at vi ein gong vil sjå ei verd utan atomvåpen, skriv biskop Solveig Fiske. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Eg skulle ønskt at verda avskaffa atomvåpen, etter å ha sett konsekvensane for folk og samfunn i Japan.

Eg skulle ønskt eg kunne seie, at dette aldri vil kunne skje igjen.

Vi har fram til 2020 snakka om å feire freden – feira at dei vonde krigsåra tok slutt i mai 1945. Men, for mange var ikkje krigen over denne våren.

6. og 9. august i 1945 vart Hiroshima og Nagasaki ramma av krigens kanskje fælaste enkelthending. Ei bombe, som vi aldri hadde sett maken til, vart slept over dei to japanske byane, og tett opp mot 200 000 døde.

Det er nesten ikkje til å tru – og det er ei sterk påminning om kor store skader vi menneske er i stand til å påføre kvarandre.

Det er stor grunn til å kjenne sorg for hendingane, og det er også naturleg å kjenne sinne for at noko slikt faktisk kunne skje.

Gjennom desse 75 åra har vi heldigvis ikkje opplevd at fleire atombomber har vorte slept, men vi har vore nære ved, fleire gongar. Og – vi har sett fleire såkalla prøvesprengingar, som minner oss på kva slags krefter det er snakk om. Diverre er det også ein aukande tendens til opprusting, og det snakkast i fleire land om både å auke, og skaffa seg våpenarsenal. Det er skremmande, noko vi som fellesskap må vere vakne for, og stå opp imot.

Annonse

At vi faktisk må ha slike monstervåpen for å sikre tryggleiken vår, gir eit bilete av ei verd som er kald og rå.

Den norske kyrkja, gjennom Mellomkyrkjeleg råd har vore tydelege på sitt syn på atomvåpen i lang tid. I 2010 kom dei med ei uttale som slår fast at; atomvåpen er eit av dei største trugsmåla mot mennesket, og bad difor regjeringa om å arbeide for eit folkerettsleg forbod mot atomvåpen. Dette gjer Den norske kyrkja fordi atomvåpen rammar noko som er heilt grunnleggande for oss som lever på kloden vår. Det er eit trugsmål mot folk og samfunn, mot land og liv, og ikkje minst mot skaparverket vi er gitt til å forvalte. Sjølv om argumentasjonen for å ha atomvåpen nettopp er tufta på menneskes tryggleik, veit vi at den minste feil kan føre til katastrofale hendingar.

At vi faktisk må ha slike monstervåpen for å sikre tryggleiken vår, gir eit bilete av ei verd som er kald og rå.

Eg meiner vi må kjempe, for å gjere menneskeverdet til vårt viktigaste vern mot krig og vald.

Atombombe-soppen over Hiroshima 6. august 1945. Foto: Ukjent / NTB scanpix
Atombombe-soppen over Hiroshima 6. august 1945. Foto: Ukjent / NTB scanpix

Atomvåpen er, som Legar mot atomvåpen seier: «Det mest destruktive og inhumane våpenet som finst. Skadane ved eit atomangrep vil vere så omfattande, at ingen stat eller humanitær organisasjon vil kunne gi nødvendig hjelp.» Når atomvåpen er eit trugsmål mot menneskeverdet, må det bli forbode. Difor er det så viktig med FNs vedtak om atomvåpenforbod frå 2017. Vi håper fleire land vil slutte seg til vedtaket, også vårt eige.

Eg trur, at vi ein gong vil sjå ei verd utan atomvåpen.

Eg trur, at vi ein gong vil sjå ei verd, der menneskeverdet er det rådande prinsipp.

Eg trur, at vi ein gong vil møte alle menneske med kjærleik og respekt, slik Kristus har lært oss.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Beredskap krever tillit