Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Andøya-Evenes = kampfiksing?

Andøya er allereie ein fullt operativ flybase med alt av infrastruktur og rikeleg med areal til eventuelle utvidingar.

Flyplass: Det finst alt ein fult operativ flybase på Andøya, skriv Per Gunnar Stensvaag. Foto: Siri Juell Rasmussen

Fotballaget på Andenes spelar i 4. divisjon. Skulle dei få Molde på vitjing til cupkamp, ville nok jamvel dei mest ihuga supporterane på øya gardera med B på tippekupongen. Satsing på oddsen med heimesiger 10-0, ville gje rekordgevinst om det skulle slå til. Samstundes ville eit slikt resultat naturleg nok føra til sterke spekulasjonar om kampfiksing.

Om Andenes IL ikkje figurerer heilt på øvste nivå i fotball, kan Andøya skilta med ein flystasjon i den absolutte verdsklasse. I tevling mot kva norsk flyplass som helst ville den lett slå dei ned i støvlane. Overført til fotballspråket kan ein trygt seia at 10–0 mot erkerivalen Evenes slett ikkje ville vera eit oppsiktsvekkjande resultat, ikkje av di Evenes er særskilt dårleg, men Andøya er så fenomenalt god.

Av omsyn til lesarar med flyskrekk iler eg til med ei forsikring om at det ikkje er farleg å reisa til Evenes. I likskap med mange andre norske lufthamner er det likevel ikkje til å koma forbi at den har sine utfordringar og operative avgrensingar.

Noreg er eit land fullt av fjell og nokre av dei ligg rundt Evenes. Høgdedrag rett i nærleiken av ei flystripe har ein lei tendens til å skapa turbulens når det blæs. På Evenes er dette særskilt gjeldande med vind frå sørvest til nordvest. Det inneber sidevind som i seg sjøl er ei utfordring, særskilt på glatt rullebane.

Til dei nye maritime overvakingsflya er det på Evenes planlagt ein diger hangar like vest for landingssona i sørenden av banen. Røyster har heva seg i otte for at eit slikt bygg vil føra til ytterlegare turbulens ved innflyging frå sør. Heller ikkje det ser ut til å rokka dei avgjerande styresmakter.

Vi flygarar kjenner godt til slike fenomen kor hindringar i vinden sin veg tett på banen skapar eller forsterkar eit vêrmessig problem, til dømes i København ved vest-nordvestleg vind. I flate Danmark er mekanisk turbulens danna av topografi så godt som fråverande, men rett til høgre for landingssona til bane 22L står det hangarar. Ved sidevind frå nemnde retning skapar desse ein særs merkbar turbulens heilt lokalt idet vi skal landa.

På Kastrup er likevel ikkje dette noko problem. Om sidevinden og då også turbulensen vert sterk, nyttar vi nemleg i staden ei stripe på tvers, bane 30, ei velsigning ved nemnde tilhøve.

Andøya har allereie ein 1671 meter lang tverrvindbane som enkelt kan verta forlenga om det i det heile teke er naudsynt. Avgangs- og landingsdistanse vert jo stuttare med motvind. Merkeleg nok har den utbygginga vorte stilt som føresetnad, medan det på Evenes ikkje eingong er mogleg å byggja ein kortbane på tvers. Litt flåsete sagt lyt den i tilfelle gå på bruer og gjennom tunnelar i det kuperte landskapet.

Annonse

For å rulla ut asfalt innover flate marka og/eller mot sjøen på Andøya er det presentert ein astronomisk prislapp for nokre skarve meter, eit reknestykke som umogleg kan henga på greip. For Evenes sin del er det derimot vanskeleg ikkje å mistenka kraftig underkalkulering. Budsjettsprekk minst på line med andre prosjekt i Forsvaret burde ikkje koma som noko sjokk.

Evenes-området har gjerne flottare fjell, men det kan altså ikkje herska tvil om at Andøya med hav på tre kantar har klare operasjonsmessige føremonar. Slike omgjevnader gjev naturleg nok rom for innflygingssystem med høgare presisjon og lågare landingsminima. Skulle teknologien verta slegen ut, vil det også vera langt lettare for returnerande patruljefly å koma seg ned gjennom eit skydekke over havet for så visuelt å ta seg ned på banen framfor ein manøver mellom åsar og fjell.

"Når vart det god militærstrategi å leggja alle egga i ei korg?"

Andøya er allereie ein fullt operativ flybase med alt av infrastruktur og rikeleg med areal til eventuelle utvidingar, utan avgrensingar av omsyn til verneområde som på Evenes. Gjennom 60 år har dei bygd opp eit eineståande fagmiljø og har utført sitt samfunnsoppdrag på framifrå vis. Her er det også ein parallell taxebane som kan erstatta hovudbanen i fall den skulle verta sett or spel. På Evenes ligg denne for nær terminalen til slikt bruk. Her skal altså kampfly med skarpe våpen og sivil trafikk operera i trong samrøre.

Ein kikk på kartet burde i seg sjøl vera nok til å avgjera ein kvar lokaliseringsstrid. ANX, sjølvaste kronjuvelen av våre flyplassar, ligg som om det skulle vera i baugen på eit hangarskip ute i havet nærast dei områda flya skal overvaka. Kva fornuft er det i å punga ut milliardar på å bygga opp alt dette på nytt lenger unna operasjonsområdet på ein stad som ved objektiv vurdering burde verta dømt mindre egna?

Etter ein dryg mannsalder og fortsatt aktiv teneste attom spakane har i alle høve underteikna i luftfarts-/militærmiljøet enno til gode å møta ein einaste kjeft som klarar å finna ein betre egna stad enn Andøya som base for maritim overvaking.

«Kraftsamling» er eit ord som har vorte nytta for å legitimera konsentrasjon av verksemd på Evenes. Under blå-blått styre skal jo Gud hjelpe meg jamvel Forsvaret verta sentralisert, men når vart det god militærstrategi å leggja alle egga i ei korg? Argumentet om at det er penger å spara på løysinga med ein base, fell også når det syner seg at krav frå våre allierte gjer det naudsynt likevel å oppretthalda ein beredskapsbase på Andøya.

Stortinget skal snart løyva milliardane til Evenes-prosjektet, mellom anna til ovannemnde turbulenshangar. Høgre med Erna, Bakke-Jensen og Hårek Elvenes i spissen er det neppe mogleg å snu. Tiltakande tendensar til sprik i regjeringa om bompengar, pelsdyr o.a. burde gje von om at Venstre og KrF igjen kunne hevda sitt primærstandpunkt som er å behalda MPA på Andøya, men så var det AP. Der er det nok mange som riv seg i håret over det som skjer.

Bøygen synest å vera Støre og Huitfeldt og ein streng partipisk, men no lyt nokon også der våga å setja hardt mot hardt og seia stopp! Eit så vanvittig sprøtt og dyrt vedtak kan berre ikkje verta gjennomført. Det vert eit 0-10-tap. Sjølsagt bør ein då vera varsam med å insinuera kampfiksing, men det vil i alle høve verta ein gedigen bortebom.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva med Andøya flystasjon?