Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ambulanseflyskandalen – eit resultat av utilbørleg samrøre?

Konkurranseutsetjing verkar å vera eit sentralt bibelord i religionen til sitjande regjering.

Problem: Babcock har hatt store utfordringar med fleire av abmulanseflya sine. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
Problem: Babcock har hatt store utfordringar med fleire av abmulanseflya sine. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Tilsynelatande er dei så sterke i trua at dei ikkje ser at anbodssystemet har heilt openberre svakheiter som i alle høve gjer det mindre eigna på område som har med liv og helse å gjera.

Rotet rundt luftambulansetenesta i landet burde vera prov nok på det, men dei ansvarlege tek på seg pokerfjes og/eller feiar med vekslande hell skandalen under teppet.

Underteikna har jobba som flygar i ein dryg mannsalder og er framleis aktiv bak spakane. I mitt tidlegare pilotliv i Norving med base i Kirkenes gjennomførte eg nokre hundre ambulanseoppdrag i Nord-Noreg. Difor er eg gjerne meir enn dei fleste oppteken og opprørt over lagnaden til ambulanseflytenesta nordpå og meiner å ha ei viss innsikt i kva krevjande og spesiell operasjon dette er.

Flyoperativ røynsle, lokalkunnskap og ein god organisasjon er heilt naudsynt. Slikt tek det sjølvsagt tid å opparbeida, og då skal det godt gjerast at det ikkje oppstår utfordringar ved overgang frå ein operatør til ein annan.

Nettopp difor lyt det i utveljinga leggjast særskilt vekt på at selskapet som vinn kontrakten, er så godt førebudd som mogleg og har fullt mannskap og alt utstyr på plass frå dag ein.

Når føresetnadene for ansvarleg drift enno ikkje er oppfylt lang tid etter operatørbytet, er det nærliggjande å spørja om viktige kriteria hamna i bakgrunnen for andre omsyn under anbodsrunden?

Om det er tilfelle, er vi då så ottefulle for å setja vårt eige land i bås med bananrepublikkar at vi lèt ansvarlege for ureint trav gå fri? Sjølv om faren for å verta skulda for konspirasjonsteoriar vil vera overhengjande, er det ikkje no på sin plass å freista å henga bjølla på katta? For å forstå samanhengen i saka er det naudsynt å sjå nærare på persongalleriet og rollene deira:

Helseminister Bent Høie har sete på toppen gjennom heile prosessen. Det er han som tilset styreleiarar til dei regionale helseføretaka, også Marianne Telle som hadde stillinga i Helse Nord. Kor habil var så ho i og med at ho samstundes sat som direktør i Bedriftskompetanse? Dette firmaet skreiv allereie før operatør var peika ut kontrakt med Babcock om å stå for rekruttering av pilotane deira dersom dei vann anbodet, noko Babcock altså gjorde.

Svar på spørsmålet gav seg sjølv då ho etter kvart, vel å merka etter at Babcock hadde fått det gullkanta oppdraget, laut erklæra seg inhabil i alle saker som omhandla luftambulansetenesta. Etter all turbulens som oppstod rundt saka, trekte ho seg i mai 2018 jamvel frå styreleiarvervet og samarbeidet mellom Bedriftskompetanse og Babcock vart avslutta.

Då Høie utnemnde Telle til styreleiar, kunne nok partifelle og no statsrådskollega Frank Bakke-Jensen gje si varme tilråding, godt kjent som han burde vera med bakgrunnen hennar både på det profesjonelle og private plan. Telle var nemleg forlovar for kona til Bakke-Jensen, Hilde Sjurelv, då dei gifta seg sumaren 2015. Som partnar i rådgjevingsselskapet BDO var Sjurelv på si side prosjektleiar for Babcock og med på å utforma tilbodet deira i konkurransen om ambulansekontrakten. Deretter vart ho tilsett som rekrutteringsansvarleg i Babcock.

Annonse

Her er det verd å merka seg at det ikkje vart lagt inn løfte om verksemdsavhending i anbodet, dvs. at tilsette hos tidlegare operatør ville hatt krav på å verta overført i stillingane sine til Babcock. Om det hadde vore tilfelle, seier det seg sjølv at det ikkje hadde vorte noko stort rekrutteringsoppdrag.

Hovudet som no først og fremst bør rulla i kjølevatnet av skandalen, sit likevel på den øvste ansvarlege; helseministeren.

Uvissa hjå dei tilsette om dei kunne halda fram i same type jobb og under kva slags vilkår, førte mange ut på leit andre stader i arbeidsmarknaden. Det forårsaka i sin tur naturleg nok utfordringar med beredskapen også i tida før overgang til ny operatør.

Føresetnadene som låg til grunn, førte til otte for at det kunne oppstå problem ved overgangen til ny leverandør av luftambulansetenesta. Helseministeren kunne då roa med at han hadde snakka med forsvarsministeren som skulle besørga at militære helikopter vart sett inn om noko svikta.

Etter oppmoding frå Høie skulle altså Frank Bakke-Jensen, statsråd frå oktober 2017, sørga for at Forsvaret avhjelper situasjonen dersom firmaet der kona hans har ein sentral posisjon, ikkje klarer å levera varene. Grunna det ekteskapelege bandet laut òg forsvarsministeren i mai 2018 erklæra seg ugild i alt som omhandlar luftambulansekrisa.

På førehand mangla det ikkje på åtvaringar korkje frå flyoperativt eller helsefagleg hald. Medan Lufttransport med vel etablert verksemd, lang røynsle på området og solid nordnorsk forankring har vorte desimert, slit Babcock framleis med å få operasjonen sin ordentleg opp å stå.

Ansvarlege styresmakter ikkje berre toar hendene sine, men held dei med fornekting og bagatellisering over Babcock. Full vedgåing av problema ville vel vera som å pissa i alterringen med ripene i lakken det heilage anbodssystemet då ville få. Dei har heller ikkje gripe inn overfor selskapet der Hilde Sjurelv no har tittelen Driftsleiar Babcock Noreg, når stortingsrepresentantar oppsiktsvekkjande nok vert nekta å vitja basane deira.

Uansett kor mykje det vert påstått at ingen har freista å påverka utfallet av anbodsrunden ut frå eigennytte, er det i denne saka openberre utilbørlege koplingar. Når nære veninner opererer på båe sider av bordet og samstundes har familietilknyting til det øvste laget i regjeringsapparatet, gjev det uvegerleg grunnlag for spekulasjonar.

Å kalla det samrøre kan i alle høve ikkje vera å ta for hardt i, og i ledda mellom dei nemnde veninnene og departementet er det nok fleire som burde ha forhindra eller heldt seg for god til å vera med på slikt. Kritiske blikk på Luftambulansetjenesten HF som gjennomførte anbodet formelt, er òg turvande.

Hovudet som no først og fremst bør rulla i kjølevatnet av skandalen, sit likevel på den øvste ansvarlege; helseministeren.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det er også vårt ansvar å si fra