Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kostnadskrisa pressar EU-bøndene til gatene

Til liks med i Noreg har ein kostnadsboom sendt sjokkbølgjer gjennom jordbruksmiljøet i EU.

EU-kommisjonens Agricultural Outlook spår at energi- og gjødselprisane vil halde fram med å stige med 3 prosent i året fram mot 2030, skriv Hildegunn Gjengedal. Her greske bønder som demonstrerer 13. februar i år. Foto: Giannis Papanikos/AP/NTB
EU-kommisjonens Agricultural Outlook spår at energi- og gjødselprisane vil halde fram med å stige med 3 prosent i året fram mot 2030, skriv Hildegunn Gjengedal. Her greske bønder som demonstrerer 13. februar i år. Foto: Giannis Papanikos/AP/NTB

Fôrprisane har auke med rundt 30 prosent, i nokre land opp mot 50 prosent ifølgje EU-bøndene/samvirka sin organisasjon Copa-Cogeca. Gjødselprisane har gått opp med 140 prosent i tredje kvartal 2021 mot same periode året før, ifølgje eit lekka dokument frå Kommisjonen.

Energiprisane går til himmels og svenske bønder har hatt ein prisoppgang på 80 øre/kWh for elektrisitet. Høge gassprisar, treige leveringskjedar i koronatida og eksportrestriksjonar frå viktige leverandørland er mellom forklaringsfaktorane på kostnadsauken.

EUs landbruksministrar har krisemøte og EU-parlamentet ber om tiltak. EU-kommisjonen skal kome med forslag til tiltak på energisektoren 2. mars. I mellomtida er det medlemslanda sjølve som må trå til.

Sverige har akkurat landa ein krisepakke på 1 milliard svenske kroner og Riksdagen planlegg ein eigen debatt om temaet. Det er ikkje kvar dag dei svenske folkevalde diskuterer jordbruksspørsmål. Slik kan regjeringa kjøpe seg poeng til den føreståande valkampen ved å dekke 1 milliard av ein kostnadsauke på nærare 6 milliard svenske kroner for dei svenske bøndene.

I Frankrike trekk bøndene til gatene, eit ikkje heilt uvanleg verkemiddel i den delen av Europa. Det er ikkje berre kostnadsauke og seine utbetalingar som står på plakatane til dei franske bøndene.

"EUs landbruksministrar har krisemøte og EU-parlamentet ber om tiltak."

Økte kostnader

Også overbyråkratisering og utvida kantsoner er mellom klagemåla. Ein original vri er krav om at det franske Landbruksdepartementet glasar inn 30 prosent av sitt jordbruksareal utan å få erstatning. Slik kan dei kjenne på kroppen kva krav bøndene får gjennom den nye landbrukspolitikken.

Auka krav og eksplosjon i kostnader tynger den franske bonden. Ei spørjeundersøking frå januar i år viste at 40 prosent av bøndene har opplevd store problem med drifta siste året. På lista over problem toppar auka kostnader og klimarelaterte utgifter, noko som også påverkar framtidstrua.

Ein tredjedel av dei franske bøndene trur økonomien for bruket vil forverre seg dei neste 2–3 åra, talet har gått opp siste året. Også i Frankrike nærmar det seg val. Der er det ny president som skal på plass. Men tilliten til styresmaktene er låg blant bøndene. Nesten halvparten av bøndene meiner regjeringa ikkje bryr seg om bøndene i det heile.

Det er temmeleg lågt i eit land der landbruket tradisjonelt sett står sterkt. Og eit dårleg utgangspunkt for presidentvalet for sittande regjering. Kanskje burde politikarane lytte til dei franske forbrukarane. 90 prosent av dei har ei positiv haldning til bøndene.

Også irske bønder har trekt til gatene no i februar, eller rettare sagt til daglegvarebutikkane. Der protesterer dei høglytt over at dei store matvarekjedene underbetalar mjølkebøndene.

Gjødselprisane har gått opp med nesten 90 prosent frå desember 2020 til desember 2021. Energikostnadene gjekk opp med 34 prosent i same periode. Dei irske bøndene ber om hjelp til å dekke dei auka kostnadene, både frå bankar, tilbydarar av innsatsfaktorar og politikarar. – EU-kommisjonen, regjeringa og industrien må reagere raskt og tilby finansiell støtte, seier leiaren for det irske bondelaget IFA, Tim Cullinan.

I Italia demonstrerte titusenvis av bønder sist veke mot manglande utbetaling av støtte, høge matprisar som ikkje blir avspegla i bondeinntekta, og uro for høge energiprisar.

Og det ser ikkje så lyst ut for EU-bøndene vidare framover heller. EU-kommisjonens Agricultural Outlook spår at energi- og gjødselprisane vil halde fram med å stige med 3 prosent i året fram mot 2030.

Nederlandske Rabobank spår at høge prisar på innsatsfaktorar og låge lager gir lågare leveransar av til dømes kveite i EU. Går vi lenger ut i verda spår Rabobank at tørke og auka etterspurnad etter biodiesel og etanol vil legge press på USAs produksjon av soyaolje og mais i 2022.

El Nina vil gi tørke i Brasil og Argentina, Russland har framleis eksportrestriksjonar på kveite og råvarer til gjødsel, og Kina spør etter stadig meir fôr frå verdsmarknaden, samtidig som dei held tilbake eigen eksport. Legg ein til Ukraina-Russland-konflikten som rører ved 30 prosent av kveite-eksporten i verda og potensielle kriser i dei 14 flaskehalsane verdas mat må passere, ser kanskje ikkje framtida så lystig ut.

Men argumentet for å ha ein eigen matproduksjon i alle land og ein eigen landbrukspolitikk med fleksibilitet, marknadsregulering og jordbruksforhandlingar står sterkare enn nokosinne. Vi har fleire verktøy i kassa enn EU, og det kjem vel med i krisetider.

Neste artikkel

Vikarierende motiv