Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Urettferdigheit sett i system

Då landet vart stengd ned, synte det seg kva "svake grupper" tyder. Med smittevernloven i handa har kommunane teke grunnleggjande rettigheiter frå psykisk utviklingshemma.

Nedstengt: Ifylgje VG la 133 kommunar ned besøksforbod for psykisk utviklingshemma. Det er ulovleg praksis, og kommunane må rydde opp. Foto: Nophamon Yanyapong / Mostphotos
Nedstengt: Ifylgje VG la 133 kommunar ned besøksforbod for psykisk utviklingshemma. Det er ulovleg praksis, og kommunane må rydde opp. Foto: Nophamon Yanyapong / Mostphotos

Meldingane frå foreldre og slektningar kom ganske raskt. Då elevane vart sende heim med PC i sekken, var det hundrevis av elevar som brått stod utan tilbod i det heile teke.

Det hadde langt frå alle godt av. Over heile landet mista psykisk utviklingshemma tilbod i kvardagen.

Fordeldra mista avlastning, støttekontaktar og skuletilbod for ungane. Kommune etter kommune la ned eller stoppa skuletilbod, kutta hjelp og stengde private heimar, sjølv om råda og retningslinjene frå styresmaktene sa noko anna.

I fleire grundige saker har VG avslørt kommunar til og med stengde private heimar for utviklingshemma. 133 kommunar la ned besøksforbod for over 2400 utviklingshemma. Folk med "særlege behov" for til dømes besøk.

Les svaret frå Kjell Ingolf Ropstad her:

Kan du tenkje deg at kommunen eller omsorgsbedrifta Stendi hengjer opp ein lapp på døra di, der det står at pårørande ikkje får koma på besøk? Sjølv om du er frisk, og ikkje har underliggjande sjukdomar? Kan du tenkje deg at du er forhindra frå å sjølv gje uttrykk for kva du meiner om det, kva risiko du vil ta, kva du treng av samver med familien når du er redd for kva som skjer?

Eg trur ikkje ein må ha ein utviklingshemma i familien for å skjøna kva det tyder. Du må ikkje ha opplevd det sjølv for å kjenne på kjensla av å ha omsorgstilbod for 17-åringen som framleis bur heime, som må ha hjelp til å kle av og på seg og bli mata 4 gonger per dag. Eller 10-åringen utan språk som treng utkvilde foreldre og folk rundt seg som forstår kva eit nikk tyder, eller om det å ta seg til hovudet tyder at hen har smerter ein stad.

At foreldra treng avlastning for å kunne ta seg av andre born, jobben sin, eller den vekentlege papirmølla, alle ekstra møta og telefonane til skule, assistentar og PP-tenesta, ting som fylgjer med å ha eit born med særlege behov. Kjenne på ei kjensle som blandar avmakt og fortviling med kjærleik.

Annonse

Koronatida har vore ei prøve for dei aller fleste av oss. Hundretusenvis har vore permitterte. Bedriftseigarar har vore redde for om dei skulle klare å halde det gåande gjennom krisa. Krisepakker til flyselskap, næringsliv, kommunar har tappa oljefondet. Mange har vore uroa for å bli smitta av det uføreseielegee viruset covid-19, eller redde for at familiemedlemer skulle bli det.

21. mars - ni dagar etter at landet vart stengd ned - fortalde foreldra til multihandikappa Thea på ni år til NRK at dei mista all støtte. 140 timar med månadleg avlastning og eit fullverdig skuletilbod forsvann over natta. Det er berre éi av mange, mange saker.

Alt 7. april meinte Fellesorganisasjonen at opplæringslova vart broten for born og unge med særlege behov.

Så, kvar har familie- og barneminister Kjell Ingolf Ropstad vore? I vår prøvde Ropstad å bruke all sin politiske kapital på å stoppe framlegga om liberalisering av bioteknologiloven. Ropstad er meir oppteken av borna som ikkje er vorte til endå, enn dei som kvar dag møter sorteringssamfunnet.

Ropstad har i debatten skuva utviklingshemma framføre seg. Men når det gjeld å sikre ungane gode liv i kvardagen, sviktar han.

I vår vart det avslørt at rapporten om tilstanden under koronanedstenginga for born og unge med særlge behov ikkje vart offentleggjort, fordi Ropstad stod "i kø" for å få bli med på regjeringa sin daglege pressekonferanse. I staden for å ta tak i den vanskelege situasjonen for kommunar, tilsette og familie, verka det som at han heller ville kontrollere informasjonsflyten kring rapporten.

Om Ropstad er uroa for at det ikkje lenger skal bli fødde born med ei utviklingshemming, må han byrje med å sikre borna og pårørande den hjelpa dei treng. Det offentlege Noreg si nedstengjing av nødvendige tilbod til utviklingshemma har kome i tillegg til utanforskapen som mange kjenner på kvar dag, der likestillinga framleis manglar og organisasjonar og pårørande ropar varsku om snikinnføring av institusjonane samfunnet skulle kvitte seg med HVPU-reforma.

Denne utanforskapen og den daglege kampen for å få livet til å hengje i hop gjorde konsekvensane av nedstenging av samfunnet endå verre. Det er sortertingssamfunnet sett i system, der smittevernloven blir eit skalkeskjul for den urettferdigheita utviklingshemma blir utsette for.

Er det noko som får foreldre til å tvile på evna til å bera fram eit born med særlege behov, er det korleis dei veit at borna vil bli sorterte og neglisjerte av kommunar og KrF-statsrådar etter dei er fødde.

Ifylgje VG sine avsløringar har psykisk utviklingshemma vorte fråteke grunnleggjande rettigheiter av kommunane. No byrjar kommunane å beklage. Det er bra, men det er ikkje nok. Ropstad må krevje ein gjennomgang av kva som skjedde og korleis det kunne skje.

Og ikkje minst må minst 133 kommunar gå i seg sjølv, og finne ut korleis dei skal handtere neste pandemi, neste nedstenging. Behandlinga dei gjev eigne innbyggjarar minner mest om systematisk urettferdigheit.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fakta om utbrudd av fugleinfluensa