Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvetider i sauesona

Å gjera halve Sør-Noreg om til eit ulvereservat er ein utruleg dårleg idé.

Innanfor ulvesonen: Desse to lamma i Valdres vil vera innanfor ulvesonen om Austlandet skulle bli sauefritt. Det er vanskeleg å sjå kva auka verdi det har om sau ikkje lenger får beite her. Foto: Hilde Lysengen Havro

Me har kanskje venta på det. Nokre kanskje med litt gru. Andre med forventning. Kor langt kan ein strekkje ulvesona?

Til vasskiljet og Vestlandet, syner det seg. "Det bør ikke gis støtte til etablering av nye sauebesetningar på Østlandet, og på sikt bør nåværende besetninger avvikles og bøndene gis støtte til overgang til annet landbruk."

Slik står det skrive i kronikken "Ulv eller sau: Ja takk, begge deler" forfatta av Stein Johan Warland i Naturvernforbundet Rogaland, publisert på NRK Ytring. Han vil ha meir ulv, og ingen sau. På Austlandet. Warland har nokre gode poeng i kronikken: Tiltak som gjeting med hund er ulønsamt. Gamle norske sauerasar klarar (heller) ikkje å springe frå ulven. Straumgjerde og tidleg sanking har varierande effekt og/eller er kostbart. Konklusjonen blir dermed: Sau og ulv kan vanskeleg leva ved sida av kvarandre.

Men det er herifrå det er lett å skilje veg med Warland. For framlegget hans er altså å gjera Austlandet sauefritt. Vestlandet bør produsere sau, Austlandet tek hand om storfe, gris og kylling. Implisitt må det då bety dramatisk nedgang i mjølkeproduksjonen på Vestlandet, om kyrne skal ta over for sauen på Austlandet. Det skulle vore interessant å vita kor stor støtte Warland har i Naturvernforbundet.

Oppsummert

Ulvetider hey, hey

1 Bør Austlandet bli sauefritt? Ja, meiner Stein Johan Warland i Naturvernforbundet i Rogaland. Men Noregs nest største sauefylke ligg på Austlandet.

Ressursar

2 Beiteressursane i utmark er viktige og verdifulle for næring, lokalsamfunn og artsmangfald.

Næringslaust

3 Om Noreg sør for Trondheim og aust for vasskiljet blir sauelaust, vil mange miste næringsgrunnlaget sitt. Ikkje alle kan byrje med ulveturisme.

Naturen blir fattigare utan ulv, skriv Warland. Men ein må vera blind for å ikkje sjå at sauene som beitar aust for Nordfjella gjer naturen rikare. La oss ta eit tilfeldig valt fylke: Oppland. Oppland er Noregs nest største sauefylke. Oppland ligg som kjend på Austlandet, og er også utanfor ulvesona. Blir Opplandsnaturen rikare av å ha ulv? Nei, verken materielt eller andeleg. Det er uendeleg med utmarksressursar i Oppland, som ikkje minst var svært verdfulle for mange bønder tørkesommaren 2018.

Annonse

La oss litt nærmare på utmarksbeiting. (For ordens skuld; det finst også ei støtteordning for sau og lam på beite, men den er ikkje med i desse tala.) Førebelse tal frå Landbruksdirektoratet syner at for fylka Oppland, Hedmark, Akershus, Østfold, Buskerud, Vestfold og Telemark vart det søkt om støtte for 546.010 sauer og lam på utmarksbeite. Det er ein firedel av sauene og lamma det vart søkt om utmarksbeitestøtte for. 256.290 av desse var i Oppland åleine. 110.505 i Hedmark, og 100.008 i Buskerud.

I ideen om å gjera Austlandet sauefritt ligg det mellom anna problematiske, prinsipielle spørsmål om eigedomsrett og retten til å bruke ressursane som høyrer til garden. Er det då sånn at bøndene i Oppland, Hedmark, Buskerud osv. ikkje lenger kan drive med matproduksjon på i utmark?

Det kan fort bli konsekvensen. Som Nibio-forskar Geir Harald Strand påpeiker i Nationen 14. januar, har beitebruken med frittgåande dyr i utmark vorte avvikla i dei områda ulven har etablert seg. Mykje av debatten om ulvedebatten handlar om folk bør ha lov til å kjenne seg redde eller ikkje, om dei likar ulv eller sau eller ikkje. Men den store prinsipielle saka handlar om ein skal bruke naturressursane eller ikkje.

Alt med dagens ulvesone er det i praksis lagt band på ressursbruk som manglar sidestykke i forvaltningshistoria. Ei utviding av sonen for eit dyr, som har verdiane "karismatisk, vakker, fascinerende og myteomspunnet" vil gå langt inn i eigedomsrett, busetjing, bygde- og næringsutvikling.

Strand har vore redaktør for Nibio-rapporten "Beitebruk i ulvesona" som kom i november i fjor. Bønder som er intervjua i samband med rapporten seier at det er urettvist at dei ikkje lenger kan bruke beiteretten. Reint formelt har dei rettigheitene til beite framleis, men dei kan ikkje nytte seg av beiteretten. "For bonden er det ingen praktisk forskjell på å miste beiteretten og å miste muligheten til å bruke den. Det blir et tap av næringsgrunnlag, som beitebrukerne ikke har fått noen kompensasjon for. Det er forståelig at folk som mister næringsveien og inntektsgrunnlaget sitt er opprørt," seier Strand til Nationen.

Bønder som har måtta leggje ned drifta fordi beiterettigheitene ikkje kan brukast, har ikkje fått erstatning frå staten. Staten har altså inndratt rettigheiter til å bruke naturressursar utan å kompensere økonomisk. Det er lett å forstå at enkeltbønder ikkje orkar å ta belastninga det er å gå til sak, men fråfallet av desse rettigheitene burde vore prøvd i rettsvesenet. Men som tidlegare leiar i Småbrukarlaget, Merete Furuberg, seier; kompensasjon for tapte rettigheiter hindrar ikkje attgroing.

Det spelar ikkje så stor rolle kvar teorien om eit sauefritt Austlandet blir utforma. Det er like fullt ein skrivebordsteori som ikkje ser konsekvensane, verken for menneske eller natur, i Distrikts-Noreg. La oss ta debatten der. Skal me bruke ressursane i utmarka til å produsere mat eller til å fylle dei med fotspor etter ulveturistane sine joggesko?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Folk flest vil ikke ha WWF