Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ufullstendig maktanalyse

Lite tyder på at stortingsmeldinga om daglegvaremarknaden vil flytte makta i verdikjeda for mat.

Manglar maktanalyse: Næringsminister Iselin Nybø har lagt fram stortingsmelding om daglegvarebransjen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Manglar maktanalyse: Næringsminister Iselin Nybø har lagt fram stortingsmelding om daglegvarebransjen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Fredag la næringsminister Iselin Nybø fram stortingsmeldinga om daglegvaremarknaden. Meldinga inneheld nokre gode analysar, skårar sånn passeleg på maktkritikk og inneheld få, konkrete tiltak for korleis konkurransen skal bli betre.

Dei fleste tiltaka handlar om at regjeringa vil greie ut, kartleggje, vurdere eller analysere. Kanskje er det slik, at når ein manglar konkrete tiltak for å løyse eit problem, er det greitt å ty til (endå) ei utgreiing. Misforstå meg rett; eg er for meir kunnskap om kva som går føre seg i daglegvarehandelen, men regjeringa burde strengt teke kome eit stykke lenger.

Regjeringa vil kartleggje bindingar mellom aktørane, finne eit system som reknar ut lønsemd i dei ulike delane av bransjen, vurdere om nye aktørar reelt sett har tilgang på grossisttenester. Om det trengst ei regulering av grossisttenestene, skal også vurderast. Korleis eigedomsmarknaden blir brukt i maktkampen mellom kjedeaktørane skal kartleggjast, og det skal vurderast om konkurranseomsyn skal inn i plan- og bygningsloven. Mellom anna.

Punktet det har vore knytt mest spenning til på førehand, er om det ville bli innført forbod mot prisdiskriminering. Det blir det ikkje – men Konkurransetilsynet skal granske daglegvarebransjen nøye, og "Prosjekt daglegvare" blir eit permanent arbeid for tilsynet.

Dei store innkjøpsskilnadene som har eksistert i bransjen dei seinare åra, styrkjer den største aktøren, Norgesgruppen. Er du størst, kan du krevje andre prisar enn dei minste. Slik får du betre vilkår, som gjer at du kan styrkje deg på kostnad av konkurrentane. Og når du veks ytterlegare, kan du krevje endå betre vilkår. Slik er runddansen, eller dødsdansen om du vil, i norsk daglegvare. No er det berre ein stor og to halvstore dansarar på butikkgolvet.

Annonse

Til glede for landets bønder ligg importvernet fast. Rett nok blir det påpeika at importvernet nok er til hinder for at utanlandske aktørar vil etablere seg i Noreg, sidan dei ikkje kan ta med seg dei billigare matvarer frå kontinentet. Men importvern og jordbruk over heile landet ligg som grunnmur i meldinga. Det er bra, og eit godt stykke framsteg for ei Høgre-leidd regjering der Venstre er med.

Når det gjeld makttilhøva i bransjen, gir ikkje meldinga så mange svar. Det blir peikt på at konsentrasjonen på distribusjonsleddet kan vera ei utfordring, at det finst nokre sterke leverandørar, at marginane er låge (lågare) i daglegvarebransjen enn i industrien, og at eigne merkevarer kan vera både bra og dårleg.

Det er noko overraskande at analysen kring eigne merkevarer er så svak. Eigne merkevarer (emv) har vorte kjedene sitt pressmiddel mot store og mellomstore leverandørar, og særleg innanfor kjøtt er det vanskeleg å finne merkevareleverandørar.

Går du i ein heilt vanleg Coop-butikk, eller heilt vanleg Kiwi-butikk, er det emv som rår i kjøtthylla. Ifylgje stortingsmeldinga er emv-delen for kjøttdeig/farser på 82,5 prosent. For reint kjøtt er emv-delen 65,6 prosent.

Fredag kveld gjorde eg ein enkel prissjekk i den lokale Coop-butikken. Den syner svært store – for store, vil eg meine – prisskilnader på merkevara samanlikna med emv frå Coop: Prisen på Gilde kjøttdeig 72,90 kroner, tilsvarande kjøttdeig frå Coop: 56,90 kroner. Gilde svin indrefilet; 199,80 kroner per kg. Coop svin indrefilet: 114,90 kroner. Du blir altså godt straffa økonomisk om du vil kjøpe merkevara. Prisskilnaden er også ein maktdemonstrasjon frå kjedene.

At ikkje regjeringa tykkjer problematisk at kjedene dermed blir portvaktarar for oss forbrukarar, er pussig.

Meldinga skal til debatt i Stortinget. Det fell på stortingspolitikarane å ta ansvar for ein meir konkret daglegvarepolitikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lønn for krisen