Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tyngre tak i Tine

Mindre mjølkedrikking tynger resultatet frå Tine. Det får konsekvensar for bønder og arbeidarar.

Cheese Wraps med Jarlsberg gjev suksess i USA, ifylgje konsernsjef Gunnar Hovland i Tine. Men Tine tente berre 12 millionar kroner internasjonalt i fjor. Foto: Hilde Lysengen Havro
Cheese Wraps med Jarlsberg gjev suksess i USA, ifylgje konsernsjef Gunnar Hovland i Tine. Men Tine tente berre 12 millionar kroner internasjonalt i fjor. Foto: Hilde Lysengen Havro

Tine har vore landet av mjølk og honning i mange år. No er dei gode mjølketidene over, om det ikkje skjer ei overraskande endring i kva eg og du tek med oss i handleposane heim frå butikkane. Eller i importen av meieriprodukt.

For bøndene tyder det lågare inntekter. For arbeidarane kan det tyde oppseiing.

For 20 år sidan drakk kvar og ein av oss i gjennomsnitt 112,4 liter mjølk. I 2018 drakk me 81,4 liter. Sidan 2011–2012 er nedgangen på 80 millionar mjølk – årleg. Juice, vatn med smak og veganske "mjølke"alternativ har innteke kjøleskåpa våre.

Me drakk altså mindre Tine-mjølk også i fjor. Nedgangen i sal er 2,5 prosent. Rett nok har Q-meieria for 2019 ein framgang på 1,2 prosentpoeng i marknaden, så det er også eit visst volum som har flytta seg frå Tine, men det er ei dramatisk endring i forbruk. Og det er lite som per no tyder på at me i overskodeleg framtid vil drikke meir mjølk.

Kombinert med eit langt dårlegare resultat i Diplom-Is i 2019 enn 2018, som i all hovudsak skuldast vêret (me et meir is når det er sol og varmt), gjer det at Tine leverer sitt dårlegaste resultat på mange år: Resultat før skatt enda på 1,103 milliardar, som er 362 millionar mindre enn året før.

Tine har avgjort at mellom 50 og 65 prosent av overskotet skal utbetalast til eigarane. I år innstiller styret overfor årsmøtet på at nesten 65 prosent av overskotet skal gå attende til eigarane. Men sjølv med ei maxing av utbetalinga blir det den dårlegaste attendebetalinga sidan 2014.

I seg sjølv er det ikkje overraskande at resultatet stupar. Tine har i nokre år varsla om at dei gode tidene ikkje kjem til å vera fullt så innbringande lenger. Meierisamvirket har likevel år etter år klart å levere resultat på rundt halvannan milliard, med 2016 som eit toppår då resultat før skatt vart 1,617 milliardar (korrigert for pensjonsendringar).

Mindre mjølkesal, stopp i Jarlsberg-eksporten, auka import av meierivarer, hard konkurranse i daglegvaremarknaden, lågaste utbetalinga til mjølkebøndene på fem år.

Annonse

Konsernsjef Gunnar Hovland er ikkje nøgd, sjølv om han seier det kunne sett verre ut. Det er berre å ta eit sideblikk på eit anna selskap i landbruksfamilien – Nortura – for å konstatere at Hovland nok har rett. Tine framstår likevel som godt rusta, med 12 milliardar i investeringar i Noreg dei siste 10 åra og ei planlagt total innsparing frå Styrk-programmet hausten 2013 til 2025 på rundt 2,3 milliardar.

Når forbrukarane kjøper mindre av ei vare og meir av ei anna, krev det ei endring i anleggsstrukturen. Det er bakteppet som konsernsjef Gunnar Hovland på vegner av Tine-leiinga presenterte torsdag. Volumnedgangen i konsummjølk – altså søtmjølk som lettmjølk, skummamjølk og heilmjølk – er så stor at det får konsekvensar for produksjonsanlegga. Så då blir det overkapasitet på eit meieri, medan andre produksjonsanlegg produserer døgnet rundt.

Med overkapasitet på eit meieri og underkapasitet på eit anna, ynskjer konsernstyret å sjå på om Tine framover skal ha like mange meieri som før. Per i dag har selskapet 30 meier rundt om i landet, frå Mykje tyder alt på at det kjem til å bli meierinedleggingar. Det er ni år sidan sist nedleggingsrunde i Tine, då fire meieri vart lagt ned. No er det Alta, Tana og Sem (Tønsberg) som skal vurderast. I tillegg skal meieriet i Kristiansand vera pilot for eit prosjekt der selskapet skal undersøkje om mindre meieri likevel kan ha livets rett om dei blir drive på ein betre måte.

Ein høgare gjeldsgrad, med utanlandsinvesteringar som førebels ikkje har kasta av seg, bidreg også til å svekkje resultatet i 2019. I fjor var overskotet for posten "Meieri internasjonalt" berre på 12 millionar.

1. juli er det slutt på Jarlsberg-eksporten frå Noreg – så sant alt går i orden med utsleppsløyva til meieriet i Irland. Bakgrunnen er vel kjent for Nationens lesarar – eksportstøtta for osten forsvinn i år. Dermed skal produksjonen av Jarlsberg for utlandet flyttast til Irland.

Førebels har Irlands-satsinga berre ført til behov for mindre mjølk i Noreg og ei forverring av resultatet til Tine. Tine har investert vel 700 millionar i nytt meieri utanfor Cork, men har enno ikkje kome i gang med køyring av mjølk til meieriet.

Det tyder ikkje godt for resultatet for inneverande år.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Urettferdigheten mellom «take-away» og servert mat må ryddes opp i