Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tillitskrise og maktkamp i Kommune-Noreg

Det er harde frontar mellom lokale og sentrale styresmakter. Djupast sett er det ei alvorleg tillitskrise.

Gulrot, ikkje pisk: Førebels har justisminister Monica Mæland berre oppmoda kommunane om å unngå lokale, strenge koroana-reglar. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Gulrot, ikkje pisk: Førebels har justisminister Monica Mæland berre oppmoda kommunane om å unngå lokale, strenge koroana-reglar. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

"Lat oss rydja og byggja oss grenser, og så eiga me rudningen trygt."

Denne enkle omskrivinga av ei strofe i Ivar Aasen sin tekst "Nordmannen" verkar det som at mange norske kommunar har gjort til fremste styringsregel desse dagane.

Fleire kommunar har innført eigne og strengare reglar for innreise i kommunen eller regionen. Frykt for at koronaviruset skal spreie seg til område som per i dag ikkje har påvist smitte, og som har eit lokalt helsevesen med avgrensa ressursar, har fått ordførarane rundt om i landet til å nekte å underkaste seg sentrale styresmakter.

Me er i desse dagar vitne til eit av dei sterkaste og tydelegaste kommunale opprøra Noreg har sett. I kommune etter kommune står ordførarar og kommunelegar opp mot sentralmakta. Bodskapen er at det er uaktuelt å fylgje meldingane frå sentralt hald om å droppe dei strenge, lokale tiltaka.

Dei siste dagane har det dukka opp eit nyord i det norske språket; "søringkarantene". Søringkarantene er ei særskilt karantene på 14 dagar som fleire kommunar i Nord-Noreg har lagt på tilreisande frå Sør-Noreg. Fleire kommunar i Sør-Noreg har lagt tilsvarande karantenereglar, men ikkje alle kommunar opererer med dei same karanteneområda. Det gjer det heile uoversiktleg og vedtaka framstår dermed som svakare fagleg grunngjeve.

I mange kommunar og regionar er det innført eigne karantenereglar for folk som kjem til kommunen. Arbeidstakarar frå andre kommunar får ikkje lov til å ha kontakt med lokalbefolkninga eller gå på butikken. Mange stader er også dei nye reglane ulike frå region til region, som gjer det til eit ganske uoversiktleg kart å halde seg oppdatert i for næringsliv og såkalla samfunnskritiske yrke.

I Rennebu vart det til dømes sundag forbode for folk som ikkje er busette i kommunen eller har fast arbeid i kommunen å overnatte der, og folk som reiser ut av kommunen får 14 dagars karantene når dei kjem attende, uansett om dei har vore ute av kommune 10 minutt, ein time eller ein dag. Unntaka gjeld utvalde yrke, gjennomreisande, og dei som alt hadde teke dagsturen ut av kommunen sundag, og som difor ikkje kan påleggjast karantene fordi dei nye reglane vart innførte med kort varsel. Strengt teke er det ikkje noko i smittevernloven som tilseier at det skal vera karantene om du reiser på ein liten biltur måndag, medan om du tok turen det sundag, slepp du.

Annonse

Det mykje omdiskuterte "hytteforbodet" som vart sett i kraft rett før helga, med to endringar frå regjeringa; det er lov å ta dagsturar på hytta, og friske familiemedlemer av personar som har fått påvist koronasmitte kan reise på hytta for å unngå å bli smitta. Dette vil visstnok gjera Valdres til ein "flyktningeleir", og i Vinje i Telemark har Sp-ordførar Jon Rikard Kleven uttalt at lempingane i hytteforbodet uansett ikkje gjeld Vinje og omkringliggjande kommunar, fordi dei ikkje slepp inn folk frå andre stader av landet.

I ein av dei omkringliggjande kommunane, Seljord, prøver ordførar Beathe Marie Dahl Eide (Sp) å gje ein bakgrunn for kvifor kommunen innfører strenge reglar: "Kan vi skjerme våre helsetenester ekstra i ein periode gjennom desse tiltaka så vil det gagne oss i tida som kjem. Vi må unngå at alle lokalsamfunn i Noreg vert ramma like hardt til same tid. Dette er vurderingar som MÅ gjerast lokalt, tilpassa den lokale situasjonen. Alle vedtaka vert gjort av kommuneoverlegane, forankra i beredskapsleiinga", skriv ho på Facebook.

Men gjeve at koronasmitta kjem til å vera mellom oss i mange månader fram i tid, utan at ein vaksine er å sjå i horisonten, kan kommunane til slutt hamne i ein skvis: Når skal dei lette på reglane, og kva vil då vera argumentasjonen?

Laurdag fekk justisminister Monica Mæland spørsmål om det kunne vera aktuelt å gå inn og overstyre kommuneloven. Ho svara at "me er ikkje der enno". Er det distriktsopprøret og Senterpartiets vekst nasjonalt som er årsaka til at regjeringa ikkje vil overstyre kommunane?

Dei siste dagane har Mæland, statsminister Erna Solberg, statssekretær Lars Jacob Hiim i Justisdepartementet og Folkehelseinstituttet alle bede kommunane om å oppheve dei lokale reglane. Dei har synt til at dei sentrale koronatiltaka skal vera nok, at dei lokale tiltaka ikkje vil ha smitteavgrensande effekt, og at tiltaka for enkeltpersonar og næringsliv får for store konsekvensar.

Det kommunale sjølvstyret i Noreg er utstrekt, og kommunane har også eit utvida ansvar for å sikre beredskapen lokalt og eigne innbyggjarar. Fram til no (i skrivande stund måndag) har ikkje regjeringa svara på om ho faktisk vil overstyre kommunane. Men det er truleg berre spørsmål om tid.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kommunar som no set opp grenser for tilreisande utanfrå. Dei fyrste dagane av korona-krisa framstod regjeringa som nølande, dei synte til den kommunale beredskapen, og VG har avslørt at helsedirektør Bjørn Guldvog to dagar før dei strenge tiltaka vart sett i verk, bad regjeringa om å koma på banen. I Finnmark, der det er mange timar til nærmaste sjukehus, fleire ambulanseflypersonell er i karantene, det knapt finst ein respirator og fjellovergangane ikkje sjeldan er stengde på grunn av storm, er det også lett å forstå at kommunane set sikkerheita til eigne innbyggjarane fyrst.

Ordførarane har også svært stor støtte lokalt mange stader. Men i ei tid der me treng å stå saman, meir enn på mange år, bidreg også kommunane no til eit "oss mot dei"-samfunn. Det er eit godt spørsmål kor lenge det går for folk, og for eit næringsliv som alt er hardt pressa. Men skal kommunane oppheve strenge tiltak, må dei fyrst ha tillit til sentrale styresmakter.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Driften av et beredskapslager for korn koster under en ukes subsidiering av elbiler