Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for å rydde opp i svineriet

"Griseindustriens hemmeligheter" syner dårlege haldningar til dyr. Det er ikkje akseptabelt i ein matproduksjon som skal vera av verdas beste.

Svinenæringa: NRK Brennpunkt sende onsdag denne veka programmet "Griseindustriens hemmeligheter". Foto: NRK

Systematisk bruk av vald mot dyr. Kastrering utan bedøving. Avliving av grisar ved å slå dei mot veggen. Sjuke grisar som ikkje blir behandla eller avliva. Bønder som innrømmer at det dei driv med er brot på loven. Bileta i Brennpunkts "Griseindustriens hemmeligheter" er sterk kost.

Det etterlatne inntrykket av programmet er at grisehald er ein temmeleg skitten business. At norsk jordbruk lagar eit glansbilete av omsorgsfulle bønder i reklamekampanjane for å få oss til å kjøpe fleire svinekotelettar til grillmiddagen. Og at det same jordbruket gøymer Sanninga bak skitne vindauge og betongveggar, der ingen kan sjå kva bøndene eigentleg driv med: Pining av dyr.

Nett som Frank Nervik, som for nokre år sidan gjekk under cover for å filme pelsdyrprodusentar, har dyrevernar og førskulelærar Norun Haugen nytta same metode for å filme svineprodusentar.

Drivkrafta hennar er førestillinga av norsk landbruk som best i verda. At dyrevelferda og kvaliteten er betre i Noreg enn i utlandet. Stemmer dette biletet, lurer Haugen på.

Under dekkje av å vera interessert i å starte opp som svineprodusent sjølv, byggjer Haugen opp ulike identitetar og tek kontakt med bønder for å få opplæring. På seg har ho opptaksutstyr for lyd og bilete. Undervegs treff ho på Frank Nervik, som også driv med dokumentasjon av svinenæringa samstundes som han undersøkjer pelsdyrnæringa. Etter kvar skjønar Nervik at han må prioritere "Pels", som kom i 2014, og gir frå seg alt materiale. Til saman har Nervik og Haugen vore på 13 gardar og 5 slakteri.

Næringa, frå bondelag og bønder til slakteria, har eit ansvar for at norsk landbruk faktisk står i stil med reklamen. "Griseindustriens hemmeligheter" syner noko anna. Det må næringa ta innover seg. Uansett om utfallet av Mattilsynet sine tilsynsrundar i Rogaland har ført til betre dyrehald. Uansett kva nye krav Nortura har innført hos produsentar som leverer til selskapet. Det hjelper ikkje bønder som driv godt og omsorgsfullt at opptaka som blir brukt i programmet er frå perioden 2013–2016. Mykje har skjedd i næringa på tre år, som ikkje programmet tek opp i seg. Det får me heller ikkje sjå.

Oppsummert

"Griseindustriens hemmeligheter"

1 Onsdag kveld sender NRK Brennpunkt programmet "Griseindustriens hemmeligheter", som er basert på skjulte opptak frå fleire svineprodusentar.

Lovbrot

2 Opptaka syner fleire lovbrot, som kastrering utan bedøving, grisar som ikkje får nødvendig behandling, og systematisk bruk av vald.

Uakseptabelt

3 Ein kvar bonde med husdyr pliktar å gje dyra nødvendig stell og omsorg. Me ser diverre uakseptabelt dyrehald i programmet.

Annonse

Det er synd om skjulte opptak er einaste måten å avdekkje lovbrot på. Næringa må også ta innover seg at denne type bilete råkar heile næringa, og ikkje berre enkeltbønder. Bakgrunnen for Mattilsynet si kampanje i Rogaland i 2017 og 2018 var tips om dårleg dyrehald. 228 besetningar vart undersøkt. 53 hadde ingen avvik. 97 besetningar fekk hastevedtak for dårleg oppfylgjing av skadde og daude dyr. Det er altså ikkje enkeltståande hendingar når bønder ikkje gir tilstrekkeleg behandling eller avlivar dyr, som me ser i dokumentaren.

Jordbruket i Noreg er ei politisk næring. Det er importvern, nedskriving av kraftfôrprisar, strengt regelverk og lite medisinering. Men skal me kunne forsvare norsk jordbruk, må det vera grunnar til å gjera det. Det må vera skilnad mellom norsk svineproduksjon og dansk, tysk eller italiensk, elles kan me like godt importere kjøttet frå utlandet til ein endå billigare pris.

Eg må innrømme at nokre av bileta er sterk kost – og gjer meg forbanna og skuffa på same tid.

Kva haldning har bonden til dyra? Er det greitt å dra eit dyr etter øyra langsmed golvet? Er det greitt å slå dyr for å få dei til å gå dit ein vil? Kan ein veterinær kastrere ein gris utan å gje smertelindring – slik regelverket pålegg – fordi det blir "logistikkutfordringar" med handteringa av grisen?

Er det greitt at bønder lét skadde og sjuke dyr liggje, tilsynelatande utan mat, drikke og medisinering, fordi bonden ikkje fekk tid den dagen til å avlive dyret? Er det greitt at bønder stikk hòl i rumpa til grisungar som er fødd utan endetarmsopning?

Sjølvsagt ikkje. Og om denne typen haldningar framleis eksisterer i næringa, må det ryddast opp. Nortura valde onsdag å politimelde ein av bøndene som er med i programmet, og som leverer til selskapet. Kva gjer dei andre slakteria?

Alle dei lange, tårevåte scenene med Haugen svekkjer programmet. Det er mogleg produksjonsselskapet Piraya treng henne til å verkeleg understreke kor ille behandlinga av grisane er. Men reaksjonane til Nervik og Haugen blir nesten gjort til hovudpoeng, i staden for å byggje opp systematisk med fakta. Det er eit val programskaparane har gjort. Dei meiner programmet gir eit sannferdig bilete av næringa. Men ingen svarar på kvifor grisane i filmen også verkar til å vera sosiale og tillitsfulle.

Eg er vaksen opp på gard. Eg må innrømme at nokre av bileta er sterk kost – og gjer meg forbanna og skuffa på same tid. Samstundes er det andre ting som ser verre ut enn det er. Når føtene til grisane rykkjer etter at dei er daude, så er det vanlege dødskramper. Men for andre kan det sjå ut som at grisen framleis er i live.

Det blir færre husdyrbønder. Besetningane blir større. Økonomien meir pressa. Innsynet i produksjonen blir dårlegare når fleire ikkje lenger kjenner aktive bønder. Det vil bli meir krevjande i framtida, med strengare regelverk. Då forpliktar samfunnskontrakten norsk jordbruk har.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

DNA-analyser av jord er spill av penger