Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Synnøve Finden bør legge vekk klagesongen

Synnøve Finden tapte så mjølka skvetta om kring i retten. Dei bør legge vekk klagesongen og lære av forretningsstrategien til Q-meierienes Bent Myrdahl.

Frå venstre: Stig Sunde frå Scandza, som eig Synnøve Finden, Sofie Oraug-Rygh, direktør Samfunns- og myndigheitskontakt i Scandza AS og Trond Haug, administrerande direktør i Synnøve Finden. Foto: Siri Juell Rasmussen

Sidan meierimonopolet vart oppheva på midten av 1990-talet har det vore bråk, rettsrundar og ein generell misnøye med konkurransen i meierimarknaden. Meierisamvirkets eineståande posisjon gav nødvendigvis eit forsprang på konkurrentane. Men dagens posisjon har ikkje kome til Tine berre med monopolet som utgangspunkt, men også fordi selskapet har tillit hos bønder og forbrukarar, levering og henting over heile landet, og eit samfunnsansvar for landbruk over heile landet ingen av dei andre aktørane er i nærleiken av å ha.

I mange år har Synnøve Finden drive ein kamp for å få subsidiert produksjonen av både det eine (mjølk) og det andre (yoghurt) produktet som skal konkurrere om forbrukaranes gunst. Problemet til Synnøve Finden er at dei ikkje produserer nokon av delane i Noreg.

Synnøve Finden, derimot, importerer yoghurt frå Hellas og kallar brunosten sin "Gudbrand", og prøvde seg også med "ost av jarlsbergtype".

Forteljinga Synnøve Finden fortel om sjølv er at selskapet vil så utruleg mykje. Det er berre det at dei blir forhindra frå å tilby norske forbrukarar nye produkt. Årsakene er det Synnøve Finden meiner er ein for høg mjølkepris, og at dei konkurransepolitiske tiltaka ikkje verkar. At Synnøve Finden ikkje produserer mjølk eller yoghurt i Noreg meiner selskapet skuldast at dei betalar for mykje for mjølka (sjølv om alle aktørane betaler det same), og at Synnøve Finden ikkje har fått distribusjonstilskot (for varer selskapet ikkje produserer).

I førre månad sette lagmannsretten eit – truleg berre førebels – punktum for spørsmålet om Synnøve Finden har krav på å få støtte for tapte inntekter for distribusjon av mjølk. Lagmannsretten avviste anken frå tingretten, der Synnøve Finden tapte.

Oppsummert

Tapte

1 Oste- og yoghurtprodusenten Synnøve Finden tapte nyleg rettssaka mot Landbruks- og matdepartementet etter at anken vart avvist av lagmannsretten.

Får ikkje kompensasjon

2 Lagmannsretten avviser at Synnøve Finden har krav på nærmare 100 millionar kroner i tapte tilskot.

Bør endre kurs

3 Sjølvsagt er det lov å kjempe for betre rammevilkår, men Synnøve Finden bør bruke meir krefter på faktisk innovasjon og produktutvikling for å styrke eigen posisjon i marknaden.

For å skru litt attende: Utgangspunktet for rettsrunden er tiltaka som skal betre konkurransen i meierimarknaden. Mellom desse tiltaka finst eit særskilt tilskot for distribusjon av flytande meierivarer, og som var forbeholdt Q-meieriene. Synnøve Finden meinte tilskotet var ulovleg i høve til EØS-regelverket og gjekk til sak mot staten. I 2015 bad Oslo tingrett Esa om ein uttale. I mellomtida endra Landbruks- og matdepartementet tiltaket til å gjelde alle meieriselskap i Noreg som driv med yoghurt og mjølk. No meiner Synnøve Finden at selskapet har krav på 94,8 millionar kroner i etterbetaling for mjølk dei kunne ha produsert.

Annonse

Men lagmannsretten trudde ikkje på Synnøve Finden i at planane om å starte opp produksjon av konsummjølk var reelle. Retten finn det ikkje sannsynleg at selskapet, verken i 2004 eller i 2011, ville ha starta opp med produksjon, sjølv om Synnøve Finden hadde motteke tilskotet.

Bakgrunnen for at tilskotet i si tid vart forbeholdt Q-meieriene, var at Kavli, som eig Q-meieriene, alt var etablert med Gausdalsmeieriet i 1998. Same år vart eit privateigd meieri på Jæren etablert. Det tyder at det som etter kvart vart Q-meieriene, alt var godt i gang med verve eigne mjølkebønder og hente mjølk rundt om på gardane då spørsmålet om kompenserande økonomiske tiltak for Tine sine konkurrentar kom opp.

Sidan Q-meieriene var den einaste Tine-konkurrenten som henta mjølk hos bøndene og køyrde det til eigne meieri, var også Q-meieriene det einaste meieriet som fekk eit ekstraordinært distribusjonstilskot.

I åra som har gått har Rørosmeieriet starta opp med produksjon av økologisk mjølk og kome godt inn i daglegvarekjedene med det økologiske sortimentet sitt. Q-meieriene har fått sving på Skyr-produksjonen, driv med open, forbrukarretta innovasjon og har også vel 25 prosent av konsummjølk-marknaden. Synnøve Finden, derimot, importerer yoghurt frå Hellas og kallar brunosten sin "Gudbrand", og prøvde seg også med "ost av jarlsbergtype".

Likevel: Dei har skjøna greia i Q-meieriene og Rørosmeieriet, trass konkurransen frå Tine og meieriimporten. Begge selskapa sjarmerer seg inn hos forbrukarar og bønder. Rørosmeieriet sin posisjon har attpåtil kome utan det særskilde tilskotet Q-meieriene har fått, og også på ei vare (økologisk mjølk) som er dyrare enn den Q-meieriene og Synnøve Finden brukar.

I Noreg har me den pussige situasjonen at Stortinget har vedteke at konkurransen ikkje er god nok i meierimarknaden, samstundes som at politikarane jamt og trutt har sørgja for at marknadsdelar forsvinn til utlandet. I dagens marknad er det ikkje nok å sjå på styrkeforholdet mellom dei norske aktørane. Den aukande importen av ost og yoghurt bidreg minst like mykje til at det er vanskeleg for nye aktørar å starte opp med produksjon. At Synnøve Finden i 2014 også protesterte kraftig då Tine og Q-meieriene jobba for å betre konkurransetilhøva for norsk yoghurt etter år med aukande import, er også ein del av historia.

Synnøve Finden er ein viktig del av meierisektoren i Noreg. Men selskapet har definitivt mykje å lære frå konkurrentane. Konkurranse har trass alt utgangpsunkt i at det blir laga gode varer.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Økte forskjeller skyldes politikk