Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Støres problem

Det må ein revolusjon til i nord om Ap skal halde på hegemoniet der.

I skuggen: Ap-leiar Jonas Gahr Støre får ikkje til å sole seg i glansen av framgangen til Senterpartiet og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Bastion etter bastion er i ferd med å falle. Raude strøk av landet blir farga grønt. Ap slit, og ikkje berre på meiningsmålingane.

Førre veke var Ap-leiar Jonas Gahr Støre på rundtur i Finnmark. Han har vore i innlandet, i Hedmark og Oppland. Felles for alle stader er at Ap er i ferd med å gje tapt for samarbeidskamerat Senterpartiet.

No skal Støre ut og redde partiet. Men etter at Støre har forlate bygda, står folk som spørjeteikn.

Tåkefyrste er eit av Støres mindre flatterande kallenamn. Og i Finnmark førre veke klarte han på nytt å framstå som ein mann som ikkje heilt veit kva han vil, og derfor ikkje veit kva retning han skal føre partiet sitt.

Vil han lova å splitte opp tvangssamanslåtte fylke? Nja. Tja. Berre om fylkestinga i dei samanslåtte fylka vil. Og dei lokale politikarane. Og berre Troms og Finnmark, om dei andre nemnde kriteria er oppfylte. Sjansen for at Ap vil reversere tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark er dermed lik null.

Heller ikkje mellom partikameratar i Hallingdal (førebels Buskerud fylke) fall utspelet om å vurdere å kanskje oppheve tvangssamanslåtte fylke i god jord. Den pussige konstruksjonen Viken er kanskje det fylket som burde vore delt opp, om ein fyrst snakkar i dei baner. Men lokale Ap-politikarar meiner samanslåingsprosessane har kome for langt. Der Sp-Vedum er sikker på å ha partiet på si side, er Ap svært delt.

Han er verken heilt for noko, eller heilt mot noko. Ikkje heilt mot tvangssamanslåing. Ikkje heilt for oppheving av nærpolitireforma.

Politiske slagord fungerer betre for å mobilisere folket enn "litt på denne sida, og litt på hi sida"-tale. Arbeidarpartiet har – utruleg nok – ikkje klart å finne vegen ut til veljarane sine hjarta, som det største opposisjonspartiet på Stortinget. Ei Solberg-leidd regjering som snart byrjar på sitt sjuande år, burde vore ei gåvepakke til Støre og laget hans.

Annonse

Erna Solberg har i løpet av dei åra ho har styrt landet klart å gjennomføre svært mykje Høgre-politikk. Men i staden for å snakke om Solberg, vel Ap å snakke om Vedum. Åtaka på Vedum framstår ganske halvhjarta, og meir eit resultat av interne møte der Ap-spinndoktorane insisterer på at "no må eit eller anna gjerast med Vedum". Støre prøver å finne ein tredje veg, "litte grann"-retninga. Han er verken heilt for noko, eller heilt mot noko. Ikkje heilt mot tvangssamanslåing. Ikkje heilt for oppheving av nærpolitireforma.

Det er krise. Krisa stikk så djupt for Ap at Støre ser seg nøydd til å kaste seg på Høgre-bølgja, og stemple Vedum som populist. "Han velger enkle bilder, enkle løsninger, enkle overskrifter", kunne me lesa i Dagsavisen sitt intervju med Støre i juni.

Problemet til Støre er at partiet hans lek i alle endar til Senterpartiet. Hovudårsaka er at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum snakkar slik at folk forstår. Han seier ting folk likar. Distriktspolitikk er Sp, ikkje Ap, si forse.

Støre framstår som meir og meir ein valtapar i 2019 og mindre og mindre som ein statsministerkandidat i 2021. Han har ikkje Vedum sin folkelege sjarm, ikkje latteren hans, ikkje lovar han reversering av alle tenkjelege reformer Solberg sine ulike regjeringar har banka gjennom i Stortinget. Han har prøvd, men klarar ikkje å snakke som han er ein mann av folket.

Oppsummert

På tur ned

1 Ap tapar oppslutning på meiningsmålingane i Nord-Noreg. Sp har vorte største parti i Troms og Finnmark.

Størsk

2 Leiar Jonas Gahr Støre held fram med å snakke "størsk". Han er eigentleg verken for eller mot oppheving av tvangssamanslåtte fylke.

Kan bli krise

3 Aps nedgang må bli til medgang om Støre framleis skal stå støtt som leiar i partiet.

Støre sine åtak på Senterpartiet verkar meir desperate enn gjennomtenkte. For Sp og Vedum er det ein draumesituasjon å bli angripe frå alle kantar; Høgre, Frp, Ap. Støres noko umotiverte åtak på Sp kan gjera Sp større, ikkje mindre. Det er ikkje mange veljarar som let seg overtyde om "tja-eller-nja"-politikk.

Kor dramatisk det er for Ap kan me sjå frå tidlegare resultat ved t.d. fylkestingsvalet i Finnmark. For fire år sidan fekk Ap 45, 9 prosent ved fylkestingsvalet, Sp fekk 6 prosent. Det dårlegaste fylkestingsvalet Ap har gjort i Finnmark var i 1999, då partiet fekk 31 prosent.

Styrkeforholdet mellom Ap og Sp kan endre seg mykje fram mot valet i 2021, men det er ikkje lenger gitt at det blir Ap som får statsministeren. Sannsynlegheita for at den neste statsministeren frå Ap heiter Støre blir mindre og mindre for kvar dag me nærmar oss valet. Kanskje er det krefter som alt ser til Oslos populære byrådsleiar, tidlegare partisekretær Raymond Johansen.

Det er berre eitt resultat som tel: Valdagen. Støre har sagt at han ikkje er på val. Det har han rett i. Men valet til hausten kan opne for at Ap vel ny leiar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke glem eldregenerasjonen ved valget