Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Staten må bla opp budsjettmidlar til jordbruket

Pris, budsjettmidlar og mjølk. Det er hovudtrekka i årets jordbruksforhandlingar. Dei som har store forventningar til at norsk matproduksjon si auka tyding vil gje store endringar i årets jordbruksforhandlingar, kan fort bli skuffa når resultatet ligg på bordet.

Forhandlar: Lars Petter Bartnes frå Noregs Bondelag og Kjersti Hoff frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Biletet er frå i fjor. Foto: Siri Juell Rasmussen
Forhandlar: Lars Petter Bartnes frå Noregs Bondelag og Kjersti Hoff frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Biletet er frå i fjor. Foto: Siri Juell Rasmussen

Søndag vart det klart at bondelaga og staten vil gjennomføre forenkla jordbruksforhandlingar, med sikte på å vera ferdige i løpet av torsdag 30. april. Og forenkla forhandlingar er det; samtalane går og vil gå kring målprisar, budsjettmidlar og justert system for kjøp og sal av mjølkekvotar.

Koronaepidemien har snudd opp ned også på kva jordbruket kan forvente å få innfridd. Etter at Frp gjekk ut av regjering og Erna Solberg ikkje lenger styrer med fleirtal, kunne vegen vore opna for at eit meir landbruksvenleg KrF-styrt departement. Det kunne gjeve eit monaleg hopp mot målet om å utjamne gapet i inntektsutviklinga mellom jordbruket og andre grupper.

Kanskje kunne også jordbruket reversert noko av dei mest liberalistiske grepa Frp tok under Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale sitt styre i Landbruks- og matdepartementet. Slik situasjonen er no, skal det mykje til at det blir store politiske endringar i eit "ekspressoppgjer".

Samstundes har samfunnet sin vørdnad for kor viktige bøndene er for beredskap, forsyning og matproduksjon auka dei siste vekene. Kvar dag har bønder stått opp, gått i fjøset, mjølka, teke mot lam, fôra, stelt, byrja våronna eller ha eit håp om at ho kan byrje snart, syrgja for at det er mjølk, ost, rømme, smør, kylling, gris, lam og storfe i butikkhyllene.

Det er ikkje den norske forsyningslinja det har stått på under koronakrisa.

Mange bønder forventar nok at den styrkte posisjonen til norsk matproduksjon får direkte konsekvensar i den endelege avtalen mellom faglaga og staten. For pengane til andre sektorar har sete relativt laust hjå stat og storting dei siste vekene. Opinionsendringane må også gjera inntrykk på Høgre, som KrF.

På den andre sida veit også staten at våren 2020 ikkje vil bli våren for dei store bondedemonstrasjonane. Det er ikkje lov å samle store mengder folk i gatene. Det vil også vera vanskeleg for bøndene å kommunisere bakgrunn og årsaker for krav når store delar av samfunnet framleis er nedstengt. Det svekkjer posisjonen til faglaga overfor staten.

Annonse

At inntektene for jordbruket gjekk kraftig ned frå 2018 til 2019, bør derimot gjera inntrykk på statens forhandlingsdelegasjon. Tal frå Budsjettnemnda for jordbruket som kom i april, synte at jordbruket er attende på 2015-nivå for "vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk".

Nedgangen frå tørkeåret 2018 til 2019 var på heile 6,3 prosent, eller i snitt 23.600 kroner – nesten 2000 kroner i månaden. I eit normalt oppgjer ville jordbruksorganisasjonane hatt gode kort på handa til fyrst å krevje kompensasjon for tapt inntekt, og så plussa på for å sikre inntektsvekst det neste året.

Kunne jordbruksoppgjeret vorte utsett til hausten, slik som lønsoppgjeret? Det kunne det, men jordbruket ville truleg ikkje vore tent med det. Ei utsetjing ville vore eit økonomisk sjansespel.

Me veit ikkje kor lenge koronaepidemien vil vare. Ein smittetopp kan koma til hausten, med dei fylgjene det får når gamle og nye tiltak kan bli innført. Dei store økonomiske konsekvensane av eit nedstengt Noreg vil bli tydelegare etter som vekene og månadane går. Det er ikkje gjeve at det er større sjanse for at staten eller stortingsfleirtalet vil opne pengesekken for jordbruket seinare i år.

1. juli skal det setjast nye prisar. Utan forhandlingar ville jordbruket sagt frå seg moglegheita til å påverke utviklinga av målprisen i år, og overlate det til Stortinget.

Nortura har bede om at målprisen på svinekjøtt blir auka med to kroner per kilo. I ei tid der hundretusenvis er permitterte, og mange går usikre økonomiske tider i møte, vil det nok også sitje langt inne for staten at bondens inntektsvekst i all hovudsak skal takast over pris i marknaden. Men då må staten bidra med budsjettmidlar i staden for, elles vil bøndene si inntektsutvikling sakke ytterlegare akterut.

Koronakrisa har sett dei store spørsmåla på dagsorden; sjølvforsyningsgrad, auka matproduksjon på norske ressursar og avhengigheita vår av dårleg betalt utanlandsk arbeidskraft. Krisa i grøntsektoren som kjem som ein konsekvens av statlege tiltak, må nødvendigvis takast i ei eiga pakke for grøntnæringa. Desse spørsmåla

Det er ikkje lagt fram krav frå organisasjonane, og det blir heller ikkje gjeve eit tilbod frå staten. I år har Budsjettnemnda for jordbruket verken lagt fram budsjettanslag for 2020 eller utrekningar for referansebruka. Utan eit talgrunnlag for 2020 er det vanskeleg å forhandle om kva ein trur blir inntektsutviklinga neste år.

Årets "jordbruksforhandlingar" vil bli gjennomførte i ekspressfart. Det kan sjå ut til at bøndene må satse på 2021. Då er det også stortingsval, og meir å tapa for regjeringspartia.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Raudt lys for Dyrevernalliansen