Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smertefull prosess for Nortura

Låge marginar. Dårleg etterbetaling. Låg konkurransekraft. Knapt nok overskot. Mykje har gått dårleg i Nortura. No vil Nortura flytte fabrikkane til meir sentrale strøk.

Ryddar: Konsernsjef Anne Marit Panengstuen i Nortura har lagt fram ein plan for investringar på opp mot 1,4 milliardar. Det inneber mellom anna nedleggjingar og samanslåingar av fabrikkar. Foto: Siri Juell Rasmussen
Ryddar: Konsernsjef Anne Marit Panengstuen i Nortura har lagt fram ein plan for investringar på opp mot 1,4 milliardar. Det inneber mellom anna nedleggjingar og samanslåingar av fabrikkar. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kjøtt- og eggsamvirket Nortura har ikkje hatt det lett dei siste åra. Det er det stor semje om i selskapet. Kva som er årsakene, er derimot langt meir samansette. Men at “noko må gjerast” har vore tydeleg lenge.

Berre sjå på desse tala: Resultat før skatt 2019: 110 millionar kroner. Resultat før skatt 2018: 26 millionar kroner. Resultat før skatt 2017: 70 millionar. Resultat 1. tertial 2020 var heller ikkje noko å slå seg på skuldra av.

No skal Nortura gjennomgå heile slakteristrukturen. Slakteri kan bli nedlagt. Skjere- og foredlingsanlegg slått saman.

Der konkurrentane kan samle slakting på få anlegg i sentrale jordbruksstrøk, skal Nortura med mottaksplikt ha ein slakteristruktur over heile landet. Konkurransen om bøndene er større på det sentrale Austlandet og sør-vestlandet enn i Nord-Noreg. Men det kostar.

Å køyre slakteanlegg og foredlingsanlegg for halv maskin når konkurrentane køyrer for fullt, kostar bøndene pengar, også. Ikkje minst i ein bransje, der matkjedene blir konkurrentar til sine eigne leverandørar gjennom oppkjøp og eigne merkevarer. Kjøttprisen stupar og kvar matkjede har sin eigen hovudleverandør (Coop har Fatland, Rema 1000 har Nordfjord kjøtt, Norgesgruppen har Nortura). Prøver du å finne ein kjøttdeig frå Gilde i butikkhyllene, må du stort sett leite forgjeves. Matmakta rår.

Å leggje ned anlegg er tungt og kontroversielt. Debatten kring nedleggjing av Nortura Otta nyleg, avdekkjer kva forventningar til samvirke som ligg i lokalmiljø og mellom produsentar.

Annonse

Når Nortura no skal sjå på anleggsstrukturen for slakting, skjering og foredling blir heilt sikkert debatt om nedleggjingar av anlegga, spesielt slakting. Bønder er opptekne av at dyra skal transporterast kortast mogleg frå gard til slakteri. Færre slakteri tyder lengre avstandar, særskilt i distrikt godt eigna for utmarksbeite. Konsernsjef Anne Marit Panengstuen skisserer likevel reisetid innanfor lovverket.

Blir anlegga på Gol eller Sandeid nye Otta? Vil svinebøndene samle seg om Nortura, sjølv om slakting og skjering blir borte frå Rudshøgda? I debatten om nedleggjing av Otta har det vore bekymringar i Hedmark for at slakting og foredling av gris blir flytta til Tønsberg for å gje plass til storfe og småfe på Rudshøgda. Nortura har mista marknadsdelar mellom bøndene til konkurrentane Furuseth og Fatland, og miljøet er uroa for at det blir større avgang frå Nortura.

I ein kronikk her i Nationen desember i fjor skriv Nortura-eigar Bernt Skarstad om spagaten Nortura står i. Skarstad er leiar i Nortura Bindal krets i Nordland, eit fylke der Nortura alt har samla slakting til eitt anlegg, Bjerka. Nortura-eigaren – bonden – skal sikre økonomien i selskapet for at bøndene skal kunne få best mogleg betalt for råvarene sine. Samstundes er det forventningar frå lokalsamfunn og eigarar som at Nortura leverer på distriktspolitikk og samfunnsoppdrag.

“Vi bor på små plasser og små bygder der alle kjenner hverandre, og ikke minst har omsorg for hverandre. Vi bønder kjenner de fleste som jobber for oss på slakteriet og i lokalbutikken. Mange av oss er også lokalpolitikere som tar ansvar for at lokalsamfunn skal fungere. Derfor er det smertelig vondt når økonomiens prinsipper og realiteter slår innover oss på denne måten”, skriv Skarstad.

Per i dag er det like mange Nortura-anlegg i Nordland, Troms og Finnmark som det er i Rogaland. Nortura åleine kan ikkje ta ansvaret for ein distrikts- og landbrukspolitikk som ikkje fungerer. Ein effektiv industristruktur og kostnadsreduksjon kjem eigarane til gode, som Skarstad poengterer.

Bråket kring Otta-nedlegginga trefte ei nerve i distriktsopprøret. For Nortura vart det nok ein vekkjar. At det var eit gap mellom korleis verkelegheita kjennest for dei som sit på toppen i Oslo, og dei som bur, avlar og slaktar i distrikta. Debatten, som engasjerte lokalpolitikarar, lokalmatleverandørar og bønder, kan også sjåast som eit uttrykk for sterk lojalitet og kjærleik til samvirke. Det er eit sunnheitsteikn, ikkje eit problem eller mangel på heilskapsforståing, at eigarane er så engasjerte i slakteristrukturen.

Det ligg større press og forventningar på Nortura enn på Fatland. Spørsmålet eigarane må stile seg, er om kor lenge Nortura kan drive halv kapasitet når konkurransen er råare enn nokon gong.

Nortura skal, om konsernstyret sin plan for dei neste åra går gjennom, investere for mellom 1,1 milliardar og 1,4 milliardar. Det er mykje pengar for Nortura, som no må vise langt betre økonomistyring i byggjeprosjekt enn selskapet har gjort dei siste åra.

I motsetning til for oljeindustrien, ligg det heller ingen statlege gulrøter på bordet for matindustrien.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

«Folk skal ha tilgang på rimelig strøm»