Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smått kan vera godt i krisetider

Det kan ha sine fordelar å vera eit lite, oversynleg lokalsamfunn.

 Foto: Mariann Tvete
Foto: Mariann Tvete

Du kjenner leiaren i det lokale Røde Kors-laget, hjelpepleiaren som steller mor di på sjukeheimen. Og foreldra til ungen med ekstra behov, blomen mellom oss. Brannsjefen er naboen din.

Du kjenner den gamle mannen på 82 år, som bur åleine, har familien på andre sida av landet og no treng hjelp til handling, måking og kanskje ein ekstra prat på telefon.

På butikken veit alle godt kven dei andre kundane er, og kven som nett har kome heim frå vinterferie i Austerrike.

Kommunelegen, som "alle" kjenner, har lenge skrive om folkehelse på ei eiga Facebook-side, og har fullt oversyn over kva det frivillige samfunnet kan stille opp med snøgt. Du gjekk i klasse med ordføraren på ungdomsskulen, den same ordføraren har jobba iherdig for å sikre at dei viktige tenestene framleis er kommunale, og dermed enkle å ha oversyn over og å kontrollere.

Kanskje er slike små lokalsamfunn langt meir robuste og rusta til kriser, enn dei store. Kanskje hjelper det, når den globale pandemien bankar på døra, at folk kjenner kvarandre og stoler på kvarandre. Kanskje har Monica Mæland, Bent Høie, Erna Solberg og Nikolai Astrup noko å lære av småkommunane, når koronaepidemien ein dag gir seg. For ein eller annan gong i framtida vil det koma ein ny ein.

Over heile Noreg har ordførarar, rådmenn, helsesjefar og kommunelegar sett krisestab, nokre av dei før regjeringa trykte på den raude knappen førre torsdag. Beredskapsplanar for pandemiske epidemiar blir henta fram. Kommandolinjer er etablerte, ansvar fordelt og råd blir sendt ut. Kvar dag, kanskje fleire gongar om dagen, skal den lokale frontlinja i kampen mot koronaepidemien vurdere og gjennomføre nye råd og tiltak frå sentralt hald, på ein måte innbyggjarane forstår.

Når kommunar no legg restriksjonar på korleis pendlarar og anleggsarbeidarar som dagleg reiser inn og ut av kommunen skal oppføre seg, eller å nekte arbeidstakarar busett utanfor kommunen å gå på butikken, kan det gå på tvers av råd og tiltak frå sentrale styresmakter.

Annonse

Men det er likevel ansvaret til kommunane å finne fram til dei rette tiltaka dei meiner trengst for å verne innbyggjarane, om det er reiseråd, pålegg om heimekarantene for studenten kjem heim frå storbyen, eller at butikkane kan innføre eigne opningstider for risikogrupper. Dette ansvaret er til og med nedfelt i loven.

Ingen kommune i Noreg er lik ei anna. Lokal kunnskap om lokale tilhøve vil gje lokale tiltak. Ja, det kan vera forvirrande når nabokommunar har innfører ulike tiltak. Difor må folk snakke saman, også på tvers av kommunegrensene, og råda frå kommunane må kommuniserast tydeleg overfor innbyggjarane. Kanskje er det også enklare for små kommunar å vinne oppslutning frå innbyggjarane til å innføre restriktive tiltak, som fleire kommunar var tidleg ute med å gjera.

Tysdag kritiserte justisminister Monica Mæland uheldige vedtak frå kommunane, som til dømes kan hindre nødvendig reise over kommunegrensene. Det er grunn til å minne tidlegare kommunalstatsråd Mæland om "Forskrift om kommunal beredskapsplikt", som pliktar å syte for innbyggjarane sine i krisetid.

Difor er dei bekymra over tusenvis av hytteeigarar som har flykta frå koronaepidemien i storbyen. Difor legg dei strenge reiserestriksjonar på arbeidstakarar som bur i ein annan kommune. Difor forbyr kommunar smågodtsal i butikkane. Difor kan dei lokale karanteneråda vera strengare enn dei frå sentrale styresmakter. Det er jobben til kommunane, som dei heller ikkje kan flykte frå, men tiltaka kan heller ikkje hindre samfunnskritisk personell i å krysse kommunegrensene.

Det er svært viktig at det ikkje framstår som at kommunane og sentrale styresmakter ikkje har tillit til kvarandre. Særleg når regjeringa kan få utvida fullmakter i den nye kriselova. Og særleg sidan fleire kommunar låg langt framfor staten i beredskapen mot korona.

Folk flest har nok med å halde tritt med informasjonen som kjem, passe born på heimekontor eller i fjøset, uroe seg for korleis det skal gå med barnepasset i lamminga når kommunen ikkje stiller opp med tilgang til barnehage.

Kan hende kunne råda frå sentralt hald vore klarare. Kanskje var det ikkje særleg smart av statsministeren, helseministeren og ordførarar å truge hytteeigarar med sivilforsvar, politi og heimevern. Kanskje har me i for stor grad late ungane ta støyten for kampen mot smitta, og særleg ungar som blir utsette for vald og overgrep. Vegen blir til medan ein går, det gjeld landets ordførarar like mykje som statsminister og helseminister.

Ein av dei viktigaste debattane når pandemien gir seg, vil vera korleis den lokale beredskapen kan styrkast. Regjeringa har gjennom 6 år sentralisert viktige funksjonar for samfunnsberedskapen.

Er det noko pandemien kan syne oss, så er det kor viktig det er med frivilligsentralar, ein sterk offentleg sektor og ikkje minst desentralisert beredskap, som legevakt, ambulansar, brannvesen og lensmannskontor.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva skal vi med Venstre?