Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal du ut og fly? Skam deg!

Klimaskamma er den nye skamma. Men treng me verkeleg meir skam i verda?

Skammens fly: I Sverige tek folk tog fordi dei ikkje vil fly. Det er fint for toga og miljøet, men det er ikkje alle stader ein kan ta toget i Noreg. Dette flyet landar i Hammerfest i Finnmark. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Dropp raudt kjøtt. Slutt å fly. Har du dieselbil? La den stå. Klimaskam er vårens nyord, importert frå Danmark, og altså ein variasjon over det svenske 2018-ordet "flyskam".

Ifylgje John Norbo, som er klimarådgjevar i Care Danmark, er klimaskamma vårt eige samvit som no har byrja å prate til oss.

Me skal skamme oss over å bruke eingongsbestikk av plast, av å steike biff til middag, av å velje fly i staden for tog eller buss, av å velje fossildrivne bilar framfor elektriske.

Men skam – uansett utfall – er inga god kjensle å påføre andre. Det er ikkje ved å rette peikefingeren mot naboens middag eller kusina di sine ferievanar me reddar klimaet, ei heller familiemiddagen.

Alle har godt av å sjå på sitt eige forbruk. Kva er det eg kan kutte ned på? Eller kutte heilt ut? Det går til dømes an å eta to i staden for tre kjøttkaker, og heller eta tre i staden for to poteter. Det er mogleg å redusere temperaturen i stova ein grad eller to, slik at me kan eksportere endå meir fornybar straum til kontinentet. Me kan også halde oss heime i staden for å reise på ferie, eller velje meir klimanærmare destinasjonar enn dit me berre kan reise med langdistansefly.

Eg meiner det er altfor mykje skam i verda, og at det finst andre måtar å gjera kvarandre, politikarane og næringslivet meir ansvarlege på.

Kva alternativ finst til den oljebaserte anorakken laga av klimafiendtlege polyester, som toler det norske allvêret? Ullbasert? Nei, det går ikkje, ulla kjem frå sauer som slepp ut klimagassar. Bomull? Nei, særleg økologisk bomull krev store mengder vatning.

Annonse

Er du rik nok kan du kjøpe deg fri frå klimaskamma gjennom å kjøpe klimakvotar andre stader. Slik som Gunhild Stordalen og Eat gjer, når Eat flyg verda rundt for å få folk til å slutte å eta raudt kjøtt. Eller klesprodusenten Stormberg, som hevdar at kleda deira er klimanøytrale, sjølv om dei er laga av oljeplast. Utsleppa er der likevel.

Oppsummert

Flyskam og klimaskam

1 I Sverige og Danmark har orda flyskam og klimaskam dukka opp. Det handlar om at me skal kjenne skam over å bidra til klimagassutslepp.

Klimaendringar

2 Dramatiske klimaendringar krev dramatiske grep. Men er det å påføre andre skam rette måten?

Teknologi

3 Rettar me for mykje peikefingeren mot kvarandre, får politikarar og næringsliv gå fri.

No i helga var det Green Friday og Green Weekend. Epostinnboksen min flauma (imaginært) over av diverse tilbod frå ulike kundeklubbar eg har meldt meg inn i for å få rabatt på tilfeldige kjøp i tilfeldige butikkar. Men Green Weekend, som også Stormberg kasta seg på, må for all del ikkje forvekslast med klimakamp. Det var ingen kampanje for å få oss til å handle meir klimavenleg. Det var berre ein kampanje for å få oss til å handle meir. Altså klimauvenleg.

Vårens svar på Black Friday, altså. På Kitchn kunne du til dømes kjøpe sterkt reduserte Bodum reisekaffikoppar av hard oljeplast. Det siste om oljeplast stod rett nok ikkje på tilbodsplakatane. "Vårens store handledag", der me kan kjøpe endå meir for litt mindre pengar, kjem samstundes med klimaskamma. Og me slepp å skamme oss over å kjøpe ei ny polyesterjakke frå Stormberg, fordi Stormberg har kjøpt seg fri med FN-klimakvotar i Mali. Men folkens; det er ikkje noko som heiter klimavenleg olje.

Det aller største problemet med flytrafikken er ikkje den pågåande SAS-streiken, men at det er vanskeleg å finne gode alternativ til fly. Å ta toget frå Oslo til Bergen tek for lang tid, og til å kunne leggje inn ein vanleg arbeidsdag er internettdekninga altfor dårleg. Me har diskutert lyntog-utvikling i Noreg i altfor mange år, utan å faktisk byggje det ut. Hadde me fått lyntog med god nettdekning mellom dei store byane i Noreg, og til større byar i Sverige og Danmark, ville tog vore eit reelt alternativ til fly desse strekningane.

Eg meiner det er altfor mykje skam i verda, og at det finst andre måtar å gjera kvarandre, politikarane og næringslivet meir ansvarlege på. Skal me be folk om å skamme seg når dei bestiller ein flybillett? Skal me gjera det kvar gong me flyr, eller er det ein måte å bli samde om kva flyreiser som er ok å ta, medan me må stille oss i skammekroken for andre? Skal me ha eit Moralpoliti for unødvendig flyging, som blir samde om eit sett reglar for minimumsskam?

Og er det sånn at bønder som driv med sau, mjølk og/eller ku skal skamme seg over at dei produserer mat på norske ressursar? Skal me rette peikefingeren mot forbrukarar som vel norsk raudt kjøtt frå ein lokal bonde, framfor tofu på importert soya?

Eg tykkjer er blir for moralistisk å påføre folk meir skam. Unge jenter og gutar skammar seg over kjønn, seksualitet og utsjånad. Det er ikkje lenge sidan jenter som vart gravide utan å vera gifte kunne slutte å skamme seg, og i nokre miljø må dei kanskje det enno i dag. Politikk og religion har gjennom hundreåra prøvd å kontrollere menneske gjennom å få dei til å skamme seg. Skam som kjensle er ingen bra ting, uansett kor godt ein meiner det.

Eit viktig mål heilager ikkje alle middel.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Behov for 800 færre vindmøller med energieffektivisering av bygg