Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjuke dyr er forretning

Kjøttsvindelen er nærmare tallerkenen enn du likar å tenkje på.

Heilt sjukt: Ein reporter i den polske TV-kanalen TVN24 har avdekt at sjuke dyr vart slakta og klassifisert vidare som friske ved eit polsk slakteri. Foto: Skjermdump TVN / Reuters / NTB scanpix
Heilt sjukt: Ein reporter i den polske TV-kanalen TVN24 har avdekt at sjuke dyr vart slakta og klassifisert vidare som friske ved eit polsk slakteri. Foto: Skjermdump TVN / Reuters / NTB scanpix

Det er natt. Regnet høljar ned. Utanfor eit slakteri i Polen står ein lastebil med bakdøra open. Ei ku ligg inne i lasterommet, med eit tau bunde rundt hovudet og horna. Ho er for sjuk til å stå på føtene sjølv. Ho blir dratt av lastebilen med vinsj. Ei anna ku blir heist opp etter hovudet. Ei tredje ku blir dratt bort etter golvet etter føtene. Alle kyrne er ute av stand til å gå.

I Polen har bønder og eit slakteri i nattas mulm og myrker samarbeidd om slakting av sjuke dyr. Dette er dyr som aldri skulle vore sendt til slakt, men som skulle vore avliva på garden. Ut frå bilete av kor avmagra nokre av kyrne er, har dei vore sjuke lenge, og burde vore avliva for lengst. Svulstar har vorte skorne ut av kjøttet, og kjøttet har etterpå fått godkjenningsstempel.

Desse dyra skulle aldri hamna på tallerkenen til nokon. Slik har bøndene fått pengar for kjøtt som ikkje skulle vorte menneskemat, og slakteriet har tent ekstra pengar på jukse med kjøttet. For bønder i eit matsystem der alt skal vera billegast mogleg og frihandel rår, er ei sjuk ku ei økonomisk utgift.

For å unngå kontrollar frå eit brysamt mattilsyn har dyra vorte slakta på natta. Journalist Patryk Szczepaniak frå graveprogrammet Superwizjer på den polske TV-kanalen TVN24 gjekk i fjor undercover som slakterimedarbeidar på eit slakteri i tre veker.

"Så uappetittelig! Hva brukes det til?" blir det spurd i TV-reportasjen. "Ikke vær så dramatisk. Du vet ikke kva du spiser", er svaret. (TV2 si omsetjing.).

9500 kilo kjøtt frå sjuke dyr er sendt ut frå slakteriet. 2701 kilo er eksportert til 13 EU-land. Sjefveterinær i Polen, Pawel Niemczuk, og den polske kjøttbransjen jobbar no med brannsløkking. Dette er ei avgrensa tilfelle, seier Niemczuk. Men ifylgje Szczepaniak er praksisen med å sende sjuke dyr til slakteriet og stemple kjøttet som godkjend langt meir utbreidd.

Szczepaniak seier til The Guardian at han i løpet av dei tre vekene vart beordra til å merke kjøttet som godkjent, og sørgje for at det såg betre ut. "Tru meg, det var forferdeleg", seier han. Når kjøttet har fått godkjentstempel på slakteriet er det ingen som lenger sjekkar kjøttet, om det ikkje blir teke stikkontrollar seinare i verdikjeda.

Annonse

Oppsummert

Slakta sjuke dyr

1 Ein polsk TV-kanal har avdekt at eit slakteri i hemmelegheit slakta sjuke dyr, skar vekk infisert kjøtt og klassifiserte kjøttet som godkjend.

Berre eit unntak?

2 Polske styresmakter meiner det er eit isolert døme, men journalisten bak dokumentaren seier denne måten å handtere dyr og slakt på er meir utbreitt.

Juks

3 Me må kunne stole på at maten me et er trygg, og at den kjem frå produksjonar som held seg innanfor lovverket.

Polen er ein av dei største kjøttprodusentane og kjøtteksportørane i EU. Scenene frå slakteriet i Polen er definitivt eigna til å skade synet på polsk kjøtt, derav brannsløkkinga. Måndag reiste inspektørar frå EU til Polen for å finne ut av kva som har skjedd. Polen vil no innføre kameraovervaking på alle slakteri, og tilsetje fleire inspektørar. 260 millionar kroner skal brukast dei neste tre åra.

Men Szczepaniak seier til The Guardian at han har fått mange meldingar etter at programmet vart sendt. Meldingar frå tidlegare slakteritilsette, folk som bur tett ved slakteri, tidlegare tilsette ved påtalestyresmakter og tilsynsstyremakter, som tyder på at det ikkje er uvanleg måte å handtere dyr og kjøtt på.

Ei tilsvarande sak vart avdekt for eitt år sidan. I januar i fjor vart eit anna slakteri i Polen teke for å ha slakta sjuke dyr. Kyrne skal ha vore så dårlige at dei måtte løftast av bilen med gaffeltruck. The Guardian skriv også at ein eigar av eit slakteri i nærleiken av Łódź i Polen vart dømd til fengsel (dommen er ifylgje den britiske avisa anka) for liknande verksemd.

Matbransjen er ikkje unntatt svindel og kriminell verksemd. Det har me sett ved fleire høve, som den kinesiske mjølkesvindelen i 2008, hestekjøttskandalen i 2013, me har sett det i Mattilsynet i Noreg sine testar av honning og olivenolje. Me har sett det i fiskeribransjen. I den nederlandske giftskandalen i 2017, då det giftige stoffet fipronil ulovleg hadde vorte brukt som avlusingsmiddel i fjørfefjøs.

Desse dyra skulle aldri hamna på tallerkenen til nokon.

Og me såg det i sommar, då kriseråka norske bønder kjøpte ulovleg importert fôr med restar av mugg og knoklar.

I verste fall kan matjuks føre til alvorleg sjukdom og død, både for dyr og menneske. I Polen har styresmaktene vore raske med å melde om at kjøttet frå dei sjuke kyrne er heilt trygt å eta. I Sverige er alt fleire kilo konsumert utan at folk har vorte sjuke. Nett som i giftskandalen i Nederland er styresmaktene raskt ute med å avskrive helsefaren, fyrst og fremst for at folk ikkje skal bli redde.

Så var ein heldige denne gongen. Ingen menneske har førebels vorte dårlege av å eta kjøttet frå dei sjuke dyra frå Polen. Men risikoen er for stor til at me kan avdramatisere slakting og kvalitetsstempling av sjuke dyr.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Raudt lys for Dyrevernalliansen