Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Senterpartiets flaue klimabrøl

Geir Pollestad prøver å brøle grønfargen vekk frå Senterpartiets kløver. For distrikta og landbruksnæringa sin del bør han ikkje lukkast.

Leiar av næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (t.h.) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum på bondefrukost. Foto: Mariann Tvete

Den grøne kløveren har fylgd Senterpartiet i mange tiår. Eit spedt forsøk på å bytte den ut med den meir syrlege gauksyra for nokre år sidan, fall som lauv mot haustmarka og forsvann. No kan klima og miljø vaske grønfargen i kløveren svartare.

I ein kronikk på NRK Ytring denne veka brølar Geir Pollestad, leiar på sjette året i Stortingets næringskomite og våpendragar til partileiar Trygve Slagsvold Vedum, mot ein 16-årig representant for "verdas klimarørsle" – i den grad det finst éi, global klimarørsle (det gjer det nok ikkje). Greta Thunbergs tale i FN denne veka kan skapa frykt, særleg mellom barn og unge, meiner Pollestad.

Debatten om Thunberg, og debatten om debatten om Thunberg, har gått i det vide og breie i avisspaltene og sosiale medium dei siste dagane, så den let eg liggje her. Bortsett frå å registrere at tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete, som er FN-utsending i år, på Facebook(-posten til kommentator Jens Kihl i Bergens Tidende) konstaterer at: "Som ei av dei som er til stades i New York og lyttar må eg seie at debatten heime er trist. Greta Thunberg har gjort ein nesten umenneskeleg innsats for å setje klima på dagsorden."

Les svaret fra Geir Pollestad her:

Pollestad meiner at klimarørsla – i si heilheit – berre evnar å splitte folk, og ikkje sameine folk om kva som må gjerast i klimaendringane. Klimarørsla "må ta et betydelig ansvar for at det er blitt slik" – altså at mange ikkje trur klimaendringane er menneskeskapa, og at det er viljen til å gjera meir ikkje er større. "De har forventninger og krav som ikke passer med vanlige folks liv." For det er jo ikkje slik at ein toppolitikar i Noreg har noko ansvar, eller?

Noko av det mest interessante med Pollestad sin kronikk er at han ser ut til å definere Senterpartiet ut av klimarørsla, og ikkje inn. Det er eit, la oss seia, interessant retorisk grep frå ein representant for eit parti som framleis ser på seg sjølv som landbrukets beste ven. Altså grøn næring. Fornybar næring. Hjørnestein-i-det-grøne-skiftet-næring.

Det er noko velkjend over Pollestad sin retorikk. Ein har høyrt den før. Frå dei som meiner at me skal pumpe opp fossile råvarer til siste drope, fordi me er så velfødde i all vår velstand at me ikkje ser kva andre store næringssektorar som faktisk har framtida føre seg. Eller frå Sps fyrste nestleiar Ola Borten Moe sine åtak på miljørørsla nokre år attende. Men Borten Moe varsla i alle fall ein kamp om agendaen, i det minste.

Annonse

Det er vanskeleg å ta klimapolitikken til Sp på alvor, når det blir viktigare å åtvare mot ein 16-åring enn å ta ei leiande rolle for å finne omforeinte løysingar på klimakrisa. Og når det blir viktigare å snakke (igjen og igjen og igjen) om "veganarar i storbyen" enn å jobbe mot stempelet som klimaverstingar.

Om det er dieselluktande, misnøgde Frp-veljarar som for tida har meldt veljarovergang til Sp i heimfylket Rogaland Pollestad prøver å ta omsyn til, kan bodskapen ha noko for seg – for Pollestad. Men det er ikkje slik at klimaendringar berre er noko som opptek kaffi latte-drikkane veganar på Grünerløkka, for å bruke Sp-sjargongen.

Folk på bygda står i fyrste linje når klimaendringane råkar – om det er bonden si avling som regnar vekk eitt år og tørkar vekk det neste, eller om det er vegen til butikk, skule, legekontor og arbeidsplassar som blir stengd på grunn av flaum og ras, og det i verste fall går liv tapt.

Sp har vunne oppslutning kring kampen mot sentralisering av Noreg, og Sp har hatt – og har – mykje rett i kritikken mot sentraliseringa. Men at "Folk i distriktene, som kjører bil på jobben og tar fly til sykehuset får, skylda for klimaendringene" (for å sitere Pollestad) er ein analyse med svært avgrensa verdi både i klimaspørsmålet og i diskusjonen om desentralisering av arbeid, makt og kapital. Det er ein påstand det er vanskeleg å verifisere utanfor den banale skuledebatt-sjargongen. Den tener i alle fall ikkje til den klimadebatten også leiarar av viktige komitear på Stortinget har ansvar for å føre.

Årets landsmøte i Senterpartiet vart på mange måtar eit klimalandsmøte.

Alt tyder likevel på at Senterpartiet enno ikkje har kome seg ut av klimaskvisen mellom dei i partiet som meiner Sp kan teikne ut ein tredje kurs for klimaløysing, basert på Sps bondenære prinsipp om å overlate jorda og Jorda i betre stand enn den du fekk den i, og dei som helst snakkar minst mogleg om klima, og mest mogleg om kva problem klimarørsla påfører den velstanden olja har gitt oss.

Sp har rett i at sentraliseringa skaper ei ny form for klasseskilje mellom kva folk som bur desentralisert og folk som bur sentralisert kan forvente seg av tenester frå storsamfunnet. I dette nye skiljet er det, som Pollestad peiker på, konkret politikk som er uforståeleg. Som at ein bonde ikkje lenger får lov til å dyrke opp myr for matproduksjon, men kommunen kan byggje ein parkeringsplass eller kjøpesenter på myr. Nokre av framlegga som har vore mest diskutert, råkar også små grupper av folket som alt kjenner seg sett til side.

Men det er ikkje slik at det er klimarørsla som ikkje får med seg folk. Det er landbruket som ikkje får med seg folk. Er det ei samla klimarørsle som vil fjerne beitedyr i Noreg? Nei. Er det ei samla klimarørsle som krev at folk i distrikta skal slutte å fly, og bli veganar? Nei. Hadde beitenæringa og Distrikts-Noreg vore tent med eit Senterparti som hadde teke ei leiande rolle i klimaspørsmålet? Ja.

Ja, ulike løysingar trengst for ulike folk, ulike næringar og ulike stader. Men i den grad det finst eit "oss i distrikta" mot "dykk i byen" i klimaspørsmålet, er det Senterpartiet som byggjer det opp med retorikk. Og svartmåling.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

NVE og Cicero som EUs vindkraftagenter!