Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politisk spel, revirkamp og balansekunst

Ingen ser ut til å ville vera vener med nokon etter lokalvalet.

Gode vener, trass brunskvetting: Frp-leiar og finansminister Siv Jensen uttala at ho og Trine Skei Grande, kulturminister og Venstre-leiar, alltid har vore gode vener. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Det politiske Noreg er snudd på hovudet etter årets lokalval. Frp og Venstre kranglar om brunskvetting. Venstre-folk kranglar med andre venstrefolk. MDG vil gjerne i regjering, men mogleg regjeringskamerat Sp ser ut til å mislike MDG mest av alle andre parti på Stortinget.

LO gjer oljeopprør mot Ap, og åtvarar mot samarbeid med MDG. Sp-folk avkrev orsaking frå Ap, fordi Fagforbundet i ein strategi utarbeidd med Ap åtvara mot å stemme på Sp i lokalvalet. Samstundes snakkar Sp berre om Ap når regjeringssamarbeid er tema, og vil ikkje svara på kven som skal sikre dei fleirtal på Stortinget.

SV og Raudt, som har gjort gode val, er spela ut av banen, medan Erna "ville ikke uttalt meg på den måten" Solberg slit med å gje raudt kort for stygge taklingar. KrF ser ut til å forsvinne under radaren, sjølv om partiet held seg over sperregrensa.

Det er lenge sidan norsk politikk var så uoversiktleg som no. Politikarar, truleg meir enn innbyggjarane i dette landet her, ser ut til å trenge tilpassing til den nye verkelegheita. Ikkje alt handlar lenger om "skatt og skule"-partia Høgre og Ap.

Fleire spør seg om den solbergske æraen kan vara til september 2021.

Distriktspolitikk, klima- og miljøpolitikk og bompengelister fekk ein større del av merksemda og veljarane enn dei såkalla "statsberande og budsjettansvarlege" partia såg føre seg. For ikkje å snakke om politiske kommentatorar i hovudstaden, som har vanskar med å sjå at verken distriktspolitikk eller klimapolitikk er enkeltsaker i det store biletet.

Det blir sagt at pølser og politikk er dei to tinga i verda du ikkje vil vita korleis blir laga. Som journalist i Nationen har eg vore på fleire pølsefabrikkar, og lever godt med måten pølsene blir til på. Politikken, derimot, er eit heilt anna kapittel.

Annonse

At alle dei fire regjeringspartia gjekk attende i lokalvalet, er eigentleg ikkje naturstridig. Etter seks år i regjering er det i politikkens natur å oppleve regjeringsslitasje. Særleg i ei regjering som ser ut til å trekkje i ulike retningar kvar dag.

Erna Solbergs regjeringsform har vore å la alle parti få litt kvar. Det har kosta mange oljemilliardar. Konservative Høgre-folk må nok bruke alle krefter dei har til å rette på slipset og "la det gå", som dronning Elsa syng; "Nå skal jeg se hva jeg får til / Og teste grenser når jeg vil / For alle regler er forbi".

Oppsummert

Konflikt

1 Venstre og Frp – to av valets taparar – har hamna i verbal ordkrig med kvarandre etter valet.

Havarerer

2 Mykje tyder på at Erna Solberg sitt store prosjekt, ei borgarleg samlingsregjering, er i skipsnød.

Skifte før 2021?

3 Paradoksalt nok kan Solberg ha mykje å tene på å ikkje bli sitjande til 2021.

Ingen ser ut til å vera vener etter valet. Men på tur til The Twist på Kistefos onsdag, hadde Venstre-leiar Trine Skei Grande og Frp-leiar Siv Jensen openbert vorte samde om godbitane i twistposen. "Vi har alltid vært venner, vi", sa Siv Jensen om Grande til NTB. Gløymd var Venstre-politikar Abid Raja sine uttalar om "brun propaganda". Som han dessutan har angra på, og seier han burde erstatta med "fremmedgjørende retorikk".

Raja fiskar i opprørt hav. Det har ikkje har vore stille sjø i Venstre på lenge. Det er ikkje stor spåmannskunst å seia at Skei Grande sin posisjon i Venstre er utsett. I to stortingsval på rad har Venstre vorte berga over sperregrensa og inn i maktposisjonar av Høgre-veljarar.

Lovnaden om å ikkje gå i regjering med Frp, vart brote. Det har kosta for mange Venstre-veljarar, når det heller ikkje er så lett å peike ut dei politiske storsigrane for partiet. Partiet sit med klima- og miljøministeren, og auka engasjement i folket kring klima burde vore ei gåvepakke til Venstre, men det luktar for mykje diesel av regjeringa sin klimapolitikk for dei miljøengasjerte veljarane.

Fleire spør seg om den solbergske æraen kan vara til september 2021. Truleg kryssar Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum alt dei har for at Solberg-regjeringa, i alle fall i ein eller annan variant, held til stortingsvalet. Ap og Sp har alt å tapa om Solberg ikkje får kontroll på Venstre og Frp. Paradoksalt nok kan Erna Solberg derimot ha mykje å vinne på å ikkje bli sitjande til september 2021.

Lite tyder nemleg på at den fredfulle stemninga på Kistefos kjem til å halde seg. Det ser ut som det blir vanskeleg for Venstre å koma seg rundt eit leiarskifte. Grande må i så fall syne ekstraordinært gode politiske balansekunstnar mellom Venstre-folk som er lei av Frp, og Frp-arar som er lei av Venstre-folk.

Eitt er sikkert; norsk politikk blir ikkje keisamt dei neste to åra.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Statens svik mot pelsdyrbøndene er ikke til å tro