Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

På utanlandske hender

Medan Noreg sikra eigarskap og skatteinntekter frå olje, gass og vatn, bles kraftinntektene frå ny fornybar energi bort i vinden.

I Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune er det tyske investeringsselskapet Aquila Capial største eigar. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Inntekter frå olje, gass og vatn har i tiår etter tiår skapa velferd og velstand i Noreg. Politikarar og forvaltning sikra lokal, regional og statleg eigarskap over fornybare så vel som ikkje-fornybare energiressursar. Men der førre hundreårets politikarar var framsynte nok til å sikre eigarskap over vasskraftressursane, bles me i kven som blir sitjande med inntektene frå vindkrafta.

Kven skal vel eige vinden, spør nok tyske investeringsselskap om, og kjøper opp og byggjer ut vindmøller i vilden sky. Før jul kunne Klassekampen avsløre at 15 av 18 vindkraftprosjekt som skal vera ferdige i 2020 har utanlandske eigarar. Også i småkraftbransjen har utanlandske selskap og pensjonsfond teke over eigarskapen.

Finansiell risiko, dårlege kraftprisar og høge utbyggjingskostnader har vore bakteppet for vindkraftutbyggjingar i Noreg. Det har ikkje akkurat gitt vindkraftbonanza i Kommune-Noreg. Derimot har kommunar og fylkeskommunar seld seg ut frå ulike prosjekt, som til dømes i Midtfjell vindkraft i Fitjar. I dag eig det tyske investeringsselskapet Aquila Capital (det same selskapet som har kjøpt opp småkraftanlegg i Noreg) 87,16 prosent av aksjane i vindkraftselskapet, som fekk 181 millionar kroner i driftsoverskot i 2017.

På den eine sida er det forståeleg at offentleg eigde selskap ikkje vil skusle vekk fellesskapen sine pengar på ulønsame investeringar. Me har hatt mange nok Robek-kommunar og skandalar i Kommune-Noreg til å skjøna at også kommunar må drive lønsamt. Men sidan 2012 har kostnaden ved utbygging av vindkraft gått ned med 30 prosent. Med kablar til utlandet og auka førespurnad etter fornybar kraft både i Noreg og Europa, er det å vente at prisen på vindkraft også stig.

På den andre sida er det er likevel god grunn til å spørje kvar det blir av den norske verdiskapinga av vindkraftanlegga som no skal byggjast. Om lag 90 prosent av vasskrafta er offentleg eigd. Som næring blir vasskraft skattlagt hardare enn andre, og det er heimfallsrett som sikrar framtidig norsk eigarskap for dei anlegga som i dag har private, utanlandske eigarar.

Det er ein vesentleg skilnad på norsk og utanlandsk eigarskap.

Debatten om vindkraft handlar naturleg nok om inngrep i naturen; kor store inngrep kan me tole for å sikre oss sjølve og verda ny fornybar energi, når me veit at fossil energibruk må fasast ut. Det er ikkje vindmøllene som gir global oppvarming, det er olje og gass.

Annonse

Men det er ingen grunn til at utanlandske selskap skal tene seg rike på norsk natur. At norske pensjonsselskap no kan investere i vindkraft, om dei finn det tenleg, var ei nødvendig endring som endeleg kom i fjor. Det er ikkje til å forstå at utanlandske pensjonsselskap kan investere i Noreg, medan norske ikkje kunne. Rett nok blir konsesjonen for vindkraft gitt for 25 år om gongen, men det er ingen heimfallsrett for vindkraft, som det er for vasskrafta.

Oppsummert

Vindkraft

1 Vindkraft kan bli ein av dei viktigaste fornybare energikjeldene i verda. I Noreg stod vindkraft for 2,6 prosent av elproduksjonen i 2018.

Fleire utbyggjingar

2 NVE har gjennom ei stor kartleggjing teke for seg 43 område som kunne vera aktuelle for vindkraftutbyggjing. Til slutt hamna NVE på 13 område.

Utanlandske selskap

3 Medan norske selskap sel seg ned eller droppar investeringar, gjer utanlandske selskap og kapital sitt inntog i vindkrafta. Årsaka er høg avkastning over tid.

Me har alt gitt frå oss delar av det som kan bli ei svært viktig inntektskjelde for framtidige generasjonar. Ifølgje ein ny rapport kan vindkraft i framtida vera den andre største energikjelda, og stå for 18 prosent av energiproduksjonen. Det føreset sjølvsagt at det blir bygd ut vindkraft.

Det spelar ei rolle kven som eig vindkrafta, nett som det spelar ei rolle kven som eig jorda, vasskrafta, skogen, minerala, snøkrabben og torsken. Korleis ressursane blir forvalta, korleis dei blir skattlagt og kvar overskotet hamnar påverkar samfunnet.

Eg kjem frå ein del av landet der det alt er store naturinngrep. Me ser det kvar vår, når vassmagasina er tappa så langt ned at det kjem til syne metervis med strender, bare knausar og steinar som vanlegvis er skjult av vatn eller snø. Eller når fisket er dårleg fordi den har reist med tappestraumen ned til neste innsjø. Men det me veit, er at inntektene går til fellesskapen i form av konsesjonskraft eller auka strauminntekter til det kommunale selskapet, som igjen kan brukast att i kommunen.

Det er ein vesentleg skilnad på norsk og utanlandsk eigarskap. Om det er ein kommune eller ein tysk, nederlandsk eller amerikansk investor som sit att med overskotet frå norsk vindkraft. Det er lettare å tolerere større inngrep i nærområdet om ein veit at det betalar seg på sikt for lokalsamfunnet, enn når argumentasjonen bak er at vindmølla på skogåsen bak garden skal bli ein del av Europas grøne batteri.

Det har vore ei meining bak å skattleggje vasskrafta hardt. Men me treng også eit skikkeleg skatteregime for vindkrafta, og nokre rammer for korleis den fornybare ressursen skal utnyttast – ikkje berre dei neste 25 år, men for hundre år fram i tid.

Det handlar ikkje berre om ein er meir redd for å få vondt i augo av å sjå vindmøller i naturen eller å døy tidleg på grunn av ekstreme vertilhøve, slik forskingsdirektør Glen Peters i Cicero til TV2 karakteriserte striden om vindkraft. Det handlar om kven som skal tene pengane.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Regjeringens bompengedilemma på ny E18