Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

På krasjkurs i Nortura

Det er ikkje så lett å framsnakke raudt kjøtt om dagen. Heller ikkje for ein konsernsjef i Nortura.

Anne Marit Panengstuen er ny konsernsef i Nortura SA. Foto: Siri Juell Rasmussen

"Jeg spiser ikke så veldig mye kjøtt, og i hvert fall ikke rødt kjøtt." Konsernsjef Anne Marit Panengstuen i Nortura har, om ikkje anna, vorte synleg frå fyrste dag i eigarmiljøa i Nortura. Og allereie fyrste arbeidsdag måtte ho orsake uttalen, som fall i eit større presentasjonsintervju i Bondebladet.

Panengstuen sjølv meinte fyrst i Nationen at sitatet var teke ut av samanhengen. Det er ei diverre ikkje uvanleg øving å skulde på journalistar – ikkje alltid med rette – så sitatet i Bondebladet blir hermed attgjeve:

"Familien spiser taco på fredag. Selv spiser jeg vel to-tre kjøttmiddager i uka, og i hvert fall et par fiskemiddager. Jeg spiser ikke så veldig mye kjøtt, og i hvert fall ikke rødt kjøtt. Men inklusive kyllingretter, blir det kanskje fire kjøttmiddager i løpet av en uke." Sånn der er samanhengen.

Uttalen har fått fram undring, sinne, latter og sikkert glede i nokre veganmiljø. Og ikkje minst har det gitt henne ei innføring i kommentarfelta i sosiale medium, der folk har hatt vanskar med å leggje band på seg.

Måndag valde Panengstuen å beklage formuleringa. "Dette var rett og slett en klønete formulering fra min side, som jeg er lei meg for. Selvsagt spiser jeg både rødt og hvitt kjøtt som en del av et balansert kosthold".

Den nye konsernsjefen, som ikkje har gått den tradisjonelle karrierestigen internt i selskapet, har openbert fått eit kræsjkurs dei siste dagane i kva det vil seia å drive eit samvirke, med 18.000 engasjerte eigarar, som alle produserer mat. Det er ikkje minst store skilnader i eigarkultur mellom eit selskap som Siemens, som Panengstuen kjem frå, og samvirke.

Det tek seg ikkje bra ut når ein leiar for kjøttsamvirket sår tvil om ho eigentleg er komfortabel med å eta raudt kjøtt, som dei aller fleste av eigarane i Nortura produserer. Panengstuen er konsernsjef også for verpehøner og kyllingar, men det er raudt kjøtt som er hovuddelen av Nortura si verksemd.

Annonse

Panengstuen sin uttale, og reaksjonane etterpå, er interessante fyrst og fremst fordi det fortel oss kor politisert maten vår har vorte. Og dernest kor sårbare mange bønder kjenner seg, særleg i dagens klima for å påføre kvarandre kjøttskam utan særleg kunnskap om korleis og kvar maten blir produsert.

Det er ikkje tvil om at det ho sa i Bondebladet gjev rom for tolkingar. Et ho ikkje raudt kjøtt i det heile teke, eller et ho ikkje så mykje raudt kjøtt? Og er det av klimaomsyn eller helsemessige årsaker at ho ser ut til å avgrense inntaket av raudt kjøtt? Og er det kjøtt frå svin – som jo no i mange år har vore kategorisert som raudt kjøtt – ho prøver å unngå, eller er det lam og storfe?

Kan ho eta grasbasert kjøtt, men takke nei til kraftfôr-basert kjøtt? Nei, det siste er nok vanskeleg, sidan ho gjerne et kyllingkjøtt. Men kva fisk et ho? Sjølvfiska? Oppdrettslaks? Fisk som er frakta tur-retur Kina før det hamnar i ein norsk frysedisk? Veit ho at laksen eigentleg kjem frå Brasil? I alle fall nesten derifrå, sidan importert vegetabilsk fôr er vanleg kost for laksen i merdane oppetter norskekysten.

Og kva med avokadoen til taco-guacamolen? Er den produsert på berekraftig vis, eller er det sånn jukse-guacamole med erter ho et? Ho tilstår også å eta fire kjøttmiddagar per veke. Men burde det ha vore fleire middagar? Eller færre?

Har me ikkje lese ein stad at raudt kjøtt er fy-mat? Var det ikkje noko med auka fare for kreft? Kupromp? Soya frå Brasil?

I dag er det knappast mogleg lenger å eta fisk til middag utan at det blir eit standpunkt mot raudt kjøtt, eller lam på alle andre dagar enn sundagar, utan å bli stempla som klimaversting. Kva me legg på tallerkenen vår skal ansvarleggjerast. Kva Nortura-sjefen gjer, vil og skal interessere eigarane.

Men for å sitere ein av debattantane på Facebook: "Ho er ikkje ansatt for å ete opp kjøttlageret, men rydde i rotet som tynger skuta."

Eg intervjua den førre konsernsjefen i Nortura, Arne Kristian Kolberg, då han byrja som konsernsjef. Han kunne fortelje at han hadde ete skinkepålegg frå Gilde til frukost.

Det var ingen kyllingbønder som hissa seg opp over det. Men sparka vart han, lell, av styret.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Upopulære råd